Nye tider for UiS

Med den oljefyrte veksten bak oss treng me nye bein å stå på.

Published Sist oppdatert

Flyfoto som viser Campus Ullandhaug
Foto: Morten Berentsen

Innlegget ble fyrste gong publisert i desember 2019.

No ved slutten av året er det mange som spør kva det neste året vil bringe. Sjølv har eg tru på at omstilling er eit ord som ikkje vil gå av moten, og omgrepet bør får ny aktualitet og merksemd allereie i 2020. I heile offentleg sektor ser ein no at veksten i inntektene flatar ut, og UH-sektoren slepp heller ikkje unna. Her ved Universitetet i Stavanger har budsjettprosessen i haust vore særleg tøff, for leiinga, for stabsapparatet og ikkje minst for fakulteta. Den økonomiske utviklinga ved Universitetet speglar utviklinga i økonomien rundt oss, på godt og vondt. Difor kan dei økonomiske utsiktene for Stavanger-regionen kaste lys over utsikter og utfordringa også for Universitetet i Stavanger.

Med få unnatak har dei siste 50 åra fortona seg som ein samanhengande oppgangsperiode for vår del av landet. Forklaringa ligg i oppbygginga av olje- og gassverksemda, som har lagt grunnlag for ein ekstraordinær vekst i økonomisk aktivitet og sysselsetting. Med oljeprisfallet i 2014 fekk regionen vår eit tilbakeslag, og merksemda vendte seg mot omstilling, blant politikarar, næringslivsfolk – og her ved Universitetet i Stavanger.

Meir trykk på omstilling

Etter tre magre år var botnen passert for denne gongen, og no om dagen har olje- og gassnæringa ny vind i segla, enn så lenge. For oppgangen er etter alt å døme forbigåande. På lengre sikt er det to forhold som reiser utfordringar for oljeverksemda. Med svake resultat frå leiteverksemda i Barentshavet og andre stader står ikkje lenger prosjekta i kø for utbygging. Knappleik på ressursar vil difor presse utsiktene nedover, både for investeringar og utvinning. I tillegg kjem klimautfordringa. Om verda lykkast med ein klimapolitikk i tråd med Paris-avtalen, så vil dette gje lågare etterspurnad etter fossile brensel og lågare oljepris til oljeselskapa. Då er det færre oljeprosjekt som vil bli lønsame, og utbyggingstakten vil gå ned.

Ved utgangen av 2019 saknar eg trykk i arbeidet med omstilling. Etter fire magre år for oljeverksemda let det no til at eit forbigåande oppsving har lagt omstillinga til side. Difor er det viktig å huske at når dette oppsvinget er bak oss, så står ein fortsatt tilbake med utfordringar. Regionen er prega av høge løner og kostnadar, ein næringsstruktur med slagside mot olje og gass og eit etterslep i infrastrukturinvesteringar. Vidare er politikken i Stavanger-regionen forstyrra av regional rivalisering og utdanningsnivået er i underkant av andre norske storbyar. Dette er ein situasjon me bør førebu oss på no, i god til før omslaget melder seg. Igjen gjeld dette for politikarar og næringslivsfolk, men og for oss her ved Universitetet i Stavanger.

Ka då – ittepå?

Det meste av forskinga på samfunnsøkonomiske verknadar oljeverksemd har teke for seg tida for oppbygging og drift. Den tida er i store trekk bak oss her i Stavanger-regionen. Difor er det spesielt interessant å undersøkje forsking der merksemda er vendt mot tida etter at oljeaktiviteten har passert toppen, og ressursinntektene peikar nedover. Trass alt er det dette som er mest relevant for dei neste 50 åra.

Dei fleste slike studiar er frå USA. Her har ein sett på kommunar og regionar der utvinning av olje har vore viktig i tidlegare tider, men ikkje i dag. Fleire nye slike arbeid konkluderer med at ressursrike regionar får større vanskar enn andre med å halde aktivitet og sysselsetting ved lag i tida etter at ressursutvinninga tek slutt. Ein upublisert fersk studie tek for seg regionar i Europa der næringsverksemda var retta mot utvinning av kol under og etter den industrielle revolusjonen. Hovudresultatet er at økonomien i dag er vesentleg svakare i slike regionar enn i regionar som ikkje har drive med utvinning av kol i tidlegare tider. Igjen er konklusjonen at ressursrike regionar sakkar akterut når festen er over.

Utdanning gjev utvikling

I forklaringar slike variasjonar i økonomisk aktivitet mellom regionar, så tyr ein ofte til forskjellar i utdanning. Ressursrike regionar peikar seg ut med lågare utdanningsnivå enn andre regionar, og dette legg ein dempar på utviklinga i produktivitet, verdiskaping og sysselsetting. I tillegg peikar enkelte studiar på at einsretting av næringslivet mot naturressursar kan redusere etableringa av mindre, nyskapande føretak, med lågare innovasjonstakt som resultat.

Desse mekanismane har tankevekkande relevans for Stavanger-regionen, med ein næringsstruktur som er vridd mot olje, og der straumen av nye utbyggingsprosjekt etter kvart vil peike ned. Her er nivået på lønene høgare enn i resten av landet, og dette skapar ei særleg ulempe for føretak som ikkje er vendt mot oljenæringa. I tillegg kjem at nivået på utdanning er lågare i Stavanger enn i andre norske storbyar, der både universitet og høgskular har lenger historie enn i Stavanger. Kombinasjonen av høge løner og utdanning under middels er urovekkande for utsiktene på lenger sikt.

UiS kan gjere ein forskjell

På lang sikt vil potensialet for verdiskaping avhenge av ressursane ein rår over, samt evnen til å utnytte dei effektivt. Med ressursar tenker økonomar på arbeidskraft (humankapital), eigedom og anlegg, maskinar og utstyr, infrastruktur og naturressursar. Utnyttinga – eller produktiviteten – vil avhenge av kvaliteten ved ressursane, der fleksibilitet og omstillingsevne blir eit eige kvalitetsmål både for humankapital og realkapital.

Betre utdanning og produksjon av kunnskap kan vise seg avgjerande for den økonomiske framtida i Stavanger-regionen. Eit godt tilpassa utdanningstilbod gjev betre kompetanse og kapasitet i arbeidsstyrken, og legg til rette for høg yrkesdeltaking og god omstillingsevne. Saman med relevant forsking kan dette gje eit godt grunnlag for innovasjon, nyskaping og produktivitet. Dette gjer utviklinga av Universitetet i Stavanger til ei viktig samfunnsoppgåve i åra som kjem.