Ta ein for laget!

I møtet med smitterisikoen er det duka for dugnad.

Published Sist oppdatert
Helsing frå rektor den 19. mars 2020.

Innlegget ble fyrste gong publisert 19. mars 2020.

Det er fredag morgon. Eg sit i fred og ro på kjøkenet heime med ein kopp kaffi, og ser sola lure seg opp der ute. Det knitrar i peisen og på den lågstemte radioen får eg oppdateringar og ordskifte rundt situasjonen der ute. Eg har akkurat snakka med leiaren for den operative beredskapsstaben, og om ein time er det telefonmøte i den strategiske beredskapsstaben. Det er i sanning ei spesiell tid.

Opptrapping av smitte – og vern

Korona-viruset er på frammarsj, med ei urovekkande utvikling i smittespreiinga, internasjonaltnasjonalt og regionalt. Opne universitet er ei stor utfordring i slike samanhengar, med mengder av studentar og tilsette som møtast i opne faglege fellesskap på campus kvar einaste dag. Dette gir oss eit spesielt ansvar. Og difor er eg glad for at smittevernet rundt oss blir trappa opp, frå nasjonale og lokale styresmakter, og ikkje minst blant andre universitet og høgskular.

Torsdag 12. mars 2020 er ein dato som blir ståande lenge i minnet. Med høg beredskap,  krisestemning frå morgon til kveld, eit bombardement av spørsmål, ein flaum av informasjon og intense diskusjonar skulle me ta viktige avgjerder med avgjerande verknad for 12 000 studentar og 1 800 tilsette. Så langt hadde me ikkje vore i forkant, og med eskaleringa rundt oss hadde me difor eit behov for å kome på høgd med situasjonen.

Resultatet kjenner de. Universitetet i Stavanger er stengt for all campus-basert aktivitet. Studentar er bedne om å halde seg unna, og tilsette skal arbeide heimefrå. I første omgang gjeld tiltaka til og med 26. mars. Men uvissa er stor, og det same er ønsket om å kome i normal gjenge så snart som muleg. Om smittesituasjonen ikkje kjem under kontroll, og nasjonale føringar står ved lag, så kan stenginga difor gjerne bli forlenga. Samstundes står me klare til å løyse opp tiltaka så snart situasjonen rundt oss tillet det. Men i mellomtida må me alle altså berre vente og sjå – og gjere som best me kan.

«Down, but not out»

Så langt som råd er vil me sjå til at progresjonen for studentane våre kan haldast ved lag, og difor legg me til rette for strøyming av førelesingar og andre undervisningsformer som kan organiserast via Internett, e-post, telefon, eller andre desentraliserte løysingar. I tillegg vil me opne for meir bruk av eksamensformer som ikkje føreset samling av studentar på campus.

Situasjonen er uvan og uverkeleg for oss alle. Sjølv har eg ein kalender som normalt er sprengt av reiser, møte og andre interne og eksterne arrangement. No er det meste kansellert, og alle reiser er lagt på is. Men likevel har me alle eit universitet å drive, sjølv om det er unntakstilstand. Leiinga vil halde fram med regelmessige møte via Skype, for å sikre drift og vidare utvikling sjølv om situasjonen er slik at me ikkje kan treffast. I tillegg til å sjå til aktivitet, eigedom og utstyr frå dag til dag er det viktig å halde framdrift i viktige saker som strategiprosessen, planarbeidet og førebuinga av budsjett for 2021 og åra etterpå.

Tid til god nytte

Om det blir tid til overs, tek eg høvet til å kome a jour med oppgåver som eg tidlegare har utsett. I tillegg får eg no tid til å følgje opp eigne og andre sine idear, som tidlegare er lagt til side i ein hektisk kvardag.

Me likar jo elles å meine at me er ein organisasjon prega av innovasjon, nyskaping og digitalisering. Situasjonen me no står i set oss på ei rekke prøver. Mellom får me høve til avklaring av status for stoda rundt desentraliserte løysingar for undervisning, eksamen og evaluering. Og om ikkje kompetansen er god nok, så har me ikkje anna val enn å strekke oss for å levere. Når alt er over kan me difor ha utvikla kapasitet og kompetanse som me elles ikkje ville fått.

Delte kjensler

Det er likevel ikkje til å stikke under stol at situasjonen er prega av eit vemod. Ei sake er dei ytre omstenda, med ein pandemi som breier seg, med risiko og skadepotensial for individ og samfunn. Samstundes er det noko trist over dette med stenging av universitetet. Det strid mot så mykje av det me står for.

Sjølv har eg snakka mykje om «Eit ope universitet», og det som grip om seg nett no kan lett sjå ut som det motsette. Sjølv kjenner eg på at nedstenging strid med mykje av det me representerer, nemleg opne, faglege fellesskap.  Sjølv likar eg å tenke på Universitetet som ei yrande maurtue, med stadige møte mellom menneske, i samarbeid og samspel som me alle er så glade i.

Likevel vil det truleg gå mange veker før livet på universitetsområdet kan vende tilbake til ein slags normal. For no er me under press frå noko som gjeld oss alle, og som kvar og ein må respondere på. Tida har komen for å stå saman i møtet med smittepresset. Med trugsmålet med no står overfor er det ingen annan utveg enn samarbeid og disiplin. Gjer klar for den norske spesialgreina, for no er det duka for dugnad.