Tress i ess: HMS

Sjølv om HMS-innsatsen ikkje alltid er så synleg, så er det lite som er meir meiningsfullt.

Published Sist oppdatert

oppslagstavle

Nyleg har eg fullført obligatorisk opplæring i HMS her ved UiS. Det meste blei gjort unna for eit år sidan, men med forfall til ein av sesjonane i fjor måtte eg gjere opp for fråværet i årets program.

HMS er eit tema som er nokså særeige for verksemda vår. Ikkje fordi det er standard kjerneverksemd, for det handlar ikkje direkte om forsking, utdanning eller innovasjon og samfunnskontakt. Ikkje fordi det er direkte strategisk opportunt, for temaet er ikkje eksplisitt dekka av den nye strategien mot 2030. Og heller ikkje fordi det er raske pengar å tene, for temaet er ikkje eksplisitt omfatta av økonomi og budsjett.

Det handlar om kvalitet

Nei, grunnen er heller at HMS er mindre synleg i det daglege enn det meste av anna me driv med, og spesielt når det går bra. Når det sviktar, derimot, så er skadepotensialet nærmast uendeleg. Difor har HMS ei rolle som heng over den vanlege verksemda vår, gjennomsyrer det meste og trumfar alt. Så sjølv om dei færraste tenker på HMS som ein eksplisitt del av kjerneverksemda, så finst det eit vell av grunnar til å være opptekne av desse tre bokstavane.

Ein opplagt grunn er at HMS-arbeidet vårt er omfatta av lovverket. Det følgjer av arbeidsmiljøloven. Likevel er det lovpålegget i seg sjølv som gjer at me alle treng opplæring og påminning om alt det viktige ved HMS-arbeidet. Om Universitetet i Stavanger skal være eit universitet å rekne med, så kjem me ikkje utanom HMS. Utan ei aktiv haldning til helse, miljø og sikkerheit vil me ikkje lykkast i å levere på samfunnsoppdraget vårt. Så om me ikkje er framifrå på HMS, så kan me heller ikkje håpe på bli eit framifrå universitet.

Eit framifrå lærings- og arbeidsmiljø

Med dette forstår de sikkert at sjølv om temaet ikkje er eksplisitt nemnt i den nye strategien vår, så kjem me ingen veg utan gode HMS-resultat. Vår klare ambisjon er å vere kjenneteikna av høg trivsel blant studentar og tilsette. Utan høgt medvit rundt helse, miljø og sikkerheit er me sjanselause på å innfri ein slik ambisjon. Eit systematisk arbeid med HMS legg grunnlag for betre arbeidsrutinar, betre helse og trivsel og redusert sjukefråvær. Sjølv er eg overtydd om at resultat i sin vil tur gje høgare kvalitet i arbeidet vi gjer, betre resultat innan utdanning, forsking og formidling, og støtte opp om ambisjonen om eit framifrå lærings- og arbeidsmiljø.

Målsettinga for HMS-arbeidet ved Universitetet i Stavanger blei vedteken i oktober 2018, og står seg framleis godt: «UiS skal være ein arbeidsplass der tilsette ikkje blir utsett for fysisk og psykisk helsemessige og sikkerhetsmessige farar. Me skal være inkluderande overfor individuelle, kulturelle og sosial ulikskap og stimulere til mangfald og likestilling. Arbeidsfellesskapen skal pregast av openheit, respekt og redelegheit innomhus og utomhus. Saman med utfordrande og utviklande arbeidsoppgåver, skal dette bidra til å gjere UiS til en helsefremmande, god og attraktiv arbeidsplass.»

Samklang med strategien

Med slike høge mål må me stille like høge kvalitetskrav til arbeidsmiljø og sikkerheit som me elles stillar til utdanning, forsking og innovasjon og samfunnskontakt, med andre ord dei primære aktivitetane våre. For meg er det opplagt at kvaliteten på arbeidsmiljøet – arbeidsfellesskapet – har viktige verknader på kvaliteten i kjerneverksemda.

I HMS-handboka heiter det elles at «UiS skal ha eit godt læringsmiljø og være kjent for sin gode studentservice og aktiv medverknad frå studentane.» Igjen kan me spore ein tydeleg samklang med den nye strategien for UiS mot 2030. Det er mest så ein skulle tru at somme av målsettingane for HMS-arbeidet blei nedteikna straks etter at vi fekk den nye strategien på plass: «UiS skal ta miljøomsyn og tydeleg samfunnsansvar i heile verksemda. Dette inneber eit aktiv og medviten haldning til miljø- og klimautfordringar i drifta av universitetet.». HMS-målsettingane våre og den nye strategien vår heng med andre ord godt saman, og gjev oss gode verktøy for forbetring og vidareutvikling fram mot 2030.

Leiar- og medarbeidaransvar

Leiarane våre har eit stort ansvar i HMS-arbeidet ved UiS. Det er me som skal minne om standardar og mål, sette fram verktøykassa, og sikre kontinuitet og systematikk i HMS-arbeidet gjennom heile organisasjonen.

Situasjonen gjennom det siste året har vore ein nærmast samanhengande HMS-dugnad, med særleg vekt på helsesida av temaet. Av omsyn til helsepersonell, sjukehuskapasitet og dei svakaste blant oss blei Noreg nærmast stengt for 11 månadar sidan. Sidan har me alle stått last og brast med styresmaktene sine tiltak og dermed gjort vårt for å halde smitteutviklinga i sjakk. For oss har det ført med seg eit nærmast tomt universitetsområde, nettbasert arbeid og undervisning, og heimekontor for alle tilsette.

Eg veit at det har kosta. Mange har kjent det som tungt å tilpasse seg ein ny studiesituasjon, ein ny arbeidssituasjon, med heimearbeid, gjerne i einsemd, og i alle fall utan tilgang til den vanlege arbeidsfellesskapen.  Mange har blitt ramma av psykiske helseplagar. Spesielt tøft har det nok vore for studentane, som har blitt frårøva naudsynt og verdifullt samspel med fagmiljø og medstudentar – i snart eit år.

Mot lysare tider

Men snart er det over. Snart skal me opne opp igjen. Snart skal me møtast, sjåast og igjen skape liv på campus. Sjølv trur eg dette vil gje eit nytt løft til satsinga vår på eit godt lærings- og arbeidsmiljø. I mellomtida må me halde motet ved lag og gjere det beste ut av situasjonen. Halde fram med å vise merksemd til studentar som kan tenkast å være einsame. Halde tankane fast på våre tilsette på heimekontora, og følgje dei opp som best me kan.

Husk uansett at arbeidet me legg ned for helse, miljø og sikkerheit legg eit fundament for alt me elles driv med. Det bidreg til eit betre lærings- og arbeidsmiljø, det støtter opp om ideen om eit meir opent universitet, og det legg eit godt grunnlag for realiseringa av strategiar, planar og mål.

Så sjølv om HMS-innsatsen ikkje alltid er så synleg som andre aktivitetar ved UiS, så er det lite som er meir meiningsfullt.