Samarbeid med NORCE

Universitetet i Stavanger og NORCE har ein samarbeidsavtale om forskingsbasert innovasjon og utvikling.

Published Sist oppdatert

Kvinne og tre menn på takterrase med campusbygninger i bakgrunnen

Avtalen har som føremål å styrke samarbeidet om forsking og innovasjon mellom UIS og NORCE, eit samarbeid som har lange røter. Partane ønskjer å finne berekraftige løysingar på felles samfunnsoppdrag og skape fleire moglegheiter for bruk av kompetanse på tvers av fagområde og bransjar.

Saman med dei andre eigarane av NORCE har UiS ambisjonar om at NORCE skal bidra til

  • omstilling og nyskaping i næringsliv og offentleg sektor
  • styrke forskingsbasert innovasjon og utvikling
  • auke konkurransekrafta nasjonalt og internasjonalt
  • styrke moglegheitene for bruk av kompetanse på tvers av fagområde og bransjar
  • styrke sjansane i konkurransen om forskingsmidlar frå EU.

Samarbeidsutval

UiS og NORCE har etablert eit eige samarbeidsutval som ligg rett under toppleiinga i dei to institusjonane, og det skal lagast fleire andre faste bilaterale treffpunkt på dekan- og konserndirektørnivå.

Partane skal styrke dialogen i eksisterande møte- og samhandlingsarenaer, og utvikle vidare konkrete samarbeid mellom forskargrupper der det finst felles interesse av tematisk forskingsarbeid. Partane  vil i desse tilfella vidareutvikle felles handlingsplanar på tvers av institusjonane.

Det kan også bli aktuelt å gå saman om å søke om større forskingsprosjekt, nasjonalt og i internasjonalt.

Forsking og utdanning

Partane vil dessutan arbeide for effektiv utnytting og utvikling av eksisterande og ny infrastruktur for forsking.

Når forholda ligg til rette for det, kan partane inngå avtale om samarbeid om undervisning på masternivå og forskarutdanning. NORCE kan bidra med rettleiing og hospitering for gjennomføring av mastergrad og ph.d. ved UiS.

Samarbeidet kan også omfatte kurs- og utdanningstilbod ved UiS generelt, som forskarskular, bachelor-, master, ph.d.- og etter- og vidareutdanning (EVU). Det skal utviklast tydelege rammevilkår for dette.

Partane ønskjer å synleggjere positive erfaringar frå samarbeidet, og vil kople på kommunikasjonsressursar der dette er formålstenleg.

Meir informasjon om samarbeidet

NORCE

NORCE er eit uavhengig forskingsinstitutt, som driv forsking, utvikling og innovasjon i samarbeid med offentleg og privat sektor. Instituttet forskar på energi, helse, klima, miljø, samfunn og teknologi.

NORCE har 750 tilsette frå 50 ulike nasjonalitetar på ulike stader over heile landet.

Forskingsinstituttet vart danna i 2018, og er tufta på dei tidlegare forskingsinstitutta Uni Research, International Research Institute of Stavanger (IRIS), Christian Michelsen Research (CMR), Agderforskning, Uni Research Polytec, Teknova, Norut Northern Research Institute og GenØk - Senter for biotryggleik.

Dei største eigarane er dei fire universiteta i Bergen, Stavanger, Agder og Tromsø, anten som direkte eigarar eller gjennom regionale holdingselskap.

Merete V. Madland
Prorektor for forsking, Merete Vadla Madland
Prorektor for forsking

Rektors stab Send e-post Sjå tilsettprofil

Kjersti Melberg
Forskningsdirektør Kjersti Melberg
Forskingsdirektør Kjersti Melberg
Forskingsdirektør

Divisjon for forsking - Forskingsavdelinga Send e-post Sjå tilsettprofil

Fakta