Meiningane er delte - Kunnskapssenter for utdanning gir deg forsking om det omdiskuterte temaet.
Covid-pandemien gjorde det naudsynt å endra undervisinga på universitet og høgskular, mellom anna gjennom å nytta videoførelesingar.
Blant studentar var meiningane delte om denne typen undervising. I ettertid har enkelte lærestadar vald å halda fram med videoførelesingar. Diskusjonen har òg halde fram utover, i eit såkalla normalt studieår.
Nokre studentar er misnøgde med denne praksisen, og saknar studentmiljøet på campus. Medan andre trivst med førelesingar kringstasta digitalt til heimen og meiner det med fordel kunne vore meir av det. Enkelte meiner digital undervising har vore avgjerande for dei.
Kunnskapssenter for utdanning (KSU) gir deg to forskingsnotat som går inn i problemstillingar om kva som må til for at studentar skal trivast og gjennomføra utdanninga dei har starta på: