Skriftspråkstimulerande leik

Då seksåringane byrja på skulen, heitte det at dei skulle ha med seg leiken frå barnehagen og at denne leiken skulle nyttast i læringssituasjonar. Det er mitt inntrykk at tradisjonelle skuleorienterte aktivitetar som bokstavforming får meir og meir fokus på første trinnet. Det må også til, men det er synd dersom det å læra seg lese- og skrivekunsten blir redusert til sporing og staving.

Published Sist oppdatert

Eg trur at me ikkje har sett alle moglegheitene til skriftspråk-stimulering som ligg i leiken, spesielt i rolleleiken. Ofte har det vore slik at den frie rolleleiken står åleine og ikkje blir knytt til skulekvardagen elles. Også Hagtvet (Hagtvet i Klette mfl. 2001) peikar på at leiken i liten grad vert brukt som pedagogisk verkemiddel.

Rolleleiken kan i større grad kan utnyttast i tileigninga av lese- og skrivekompetanse. Leiken opnar opp for barnet sitt eige initiativ og trong til utforsking og eksperimentering. Men korleis kan skulen nytta denne leikekompetansen i språkopplæringa? Eg vil i det følgjande, i menypunkta til venstre, prøva å skissera nokre språkstimulerande leikesituasjonar som legg til rette for skriftspråkleg undring og oppdagingar, og som kan vera med på å viska ut skiljet mellom leik og læring.

Språkstimulerande leikesituasjonar kan vera med på å viska ut skiljet mellom leik og læring.

Leikemiljøet

Leikemiljøet bør vera innreia slik at det appellerer til å ta skrifta i bruk. Det vil seia at elevane har rik tilgang på skrivereiskapar av ulik kvalitet, frå blyantar til tjukke tusjar, og at dei har tilgang til papir, papp og konvoluttar av ulikt slag (konvoluttane må gjerne vera brukte).

Undersøkingar syner at barn tek skriftspråket i bruk i leiken dersom dei har god tilgang til skrivesaker (Høigård 1999, s. 275). Skriveutstyret bør dessutan vera plassert slik at det reint estetisk innbyr til leik, og slik at det minner om ein autentisk skrivesituasjon.

Tilpassa opplæring

I sjukehusleiken blei det lagt til rette for at elevane kunne ta skrifta i bruk på det stadiet dei var i i skriveutviklinga. Nokre elevar skreiv enkle bokstavar, tal og teikn som skulle representera ord, altså ei form for leikeskrift.

Truleg vil desse elevane ta fleire og fleire bokstavar i bruk i skrivinga si etter kvart som dei blir meir kjende med bokstavane. Andre elevar ville skriva rett med ein gong, til dømes resept.

Slik kopiering er nødvendig fordi eleven kan utforska dei tekniske sidene ved skrivinga. Men denne kopieringa kan òg gi mot og engasjement til å forma ord sjølv.

Ved å skriva sjølv får eleven høve til å analysera si eiga skrift i lydar og bokstavar. Dette var svært tydeleg i sjukehusleiken. Då Marius og Kjell Aksel skulle laga skilt til operasjonsstua, analyserte gutane orda dei hadde bruk for i lydar, som igjen vart nedteikna bokstavar.

I denne prosessen var gutane pådrivarar for kvarandre, eller støttande stillas om du vil. Også læraren fekk ei slik pådrivarrolle i sjukehusleiken. Læraren måtte då vera den kompetente andre som synte eleven dei orda han hadde bruk for.

Av Anne Håland, førsteamanuensis ved Lesesenteret

Frå artikkelen Skriftspråkstimulerande leik som er henta frå heftet Leik og læring. Grunnleggjande lese- og skriveopplæring på 1. trinn.