Hopp til hovedinnhold

Spenningar mellom tillit og tryggleik i sosialt arbeid

Disputas: Norske sosialarbeidarar som er involvert i arbeidet med å førebyggje radikalisering og valdeleg ekstremisme opplever dette som krevjande, viser doktorgradsavhandlinga til Håvard Haugstvedt.

Publisert: Endret:

Håvard Haugstvedt har bachelor i sosialt arbeid og master i psykisk helsearbeid. Doktorgraden er utført ved UiS. Han er forskar ved Senter for Ekstremismeforskning (C-REX), UIO.

Han forsvarer avhandlinga Managing the tension between trust and security: A qualitative study of Norwegian social workers experience with preventing radicalisation and violent extremism når han disputerer ved Universitetet i Stavanger 21. oktober 2021.

Sosialarbeidarar opplever at det både i klientmøte og samarbeidsmøte oppstår spenningar. Dette kan vere spenningar som å skjule opplevde kjensler (sjokk, irritasjon eller ulike typar stress) i møte med brukarar som argumenterer for og støttar ideologiar og grupper som ISIS eller Den nordiske motstandsrørsla. Rolleforventninga om å vere empatisk, undersøkjande og hjelpande blir utfordra i møte med personar som støttar ytterleggåande ideologiar og vald som verkemiddel. Det er også spenningar og utfordringar i møte med enkelte samarbeidspartnarar, spesielt PST. Norske sosialarbeidarar opplever uklare grenseoppgangar mellom politiet sitt arbeid og deira, og det skapar uklarleikar og uvisse.

Avhandlinga viser at arbeidet med å førebyggje radikalisering og valdeleg ekstremisme ser ut til å tilføre ein større dimensjon til tryggleik i sosialt arbeid. For å klargjere og demme opp for denne uklarleiken, for brukarar, samarbeidspartnarar og sosialarbeidarar sjølv, kan ein tydelegare grenseoppgang mellom ansvarsområda til sosialarbeidarane og politiet trekkjast. Vidare kan sosialarbeidarar bruke eigne erfaringar frå praksisfeltet til å spele tilbake profesjonelle og etiske problemstillingar til fagorganisasjonar og styresmakter. Trass i utfordringar i dette tverrfaglege samarbeidet er det grunn til å tenkje at samarbeid mellom svært ulike instansar er viktig og riktig, for å førebyggje valdeleg ekstremisme.

Resultata kan spelast inn til overordna styresmakter både på velferd og helsefeltet, men også til politi og tryggleiksansvarlege på nasjonalt nivå. Dei kan også brukast i utdanning av bachelorstudenter på både sosial, barnevern, helse og politi-feltet, samt danne grunnlag for vidare forsking.