– Nordisk er nesten litt eksotisk

Den ferske generalsekretæren i Senterungdommen les islandske aviser for å halde språkkunnskapane ved like.

Published Sist oppdatert

Ung mann med briller og ullgenser står utendørs med snø i håret
Henrik Hageland (foto: privat).

Henrik Hageland valgte å studere nordisk fordi han alltid har vore interesssert i språk. 22-åringen frå Stavanger gjorde seg ferdig med bachelorgraden i nordisk språk og litteratur like før jul i 2021. Bacheloroppgåva skreiv han om samnorsk – gjennom korona-tida.

- Eg rakk heldigvis å komme i gang med studiane og vart kjent med folk før pandemien traff. Førelesingar på Zoom er ikkje så veldig kjekt, men eg opplevde at universitetet forsøkte å legge til rette for oss studentar så godt dei kunne. For min eigen del likte eg å få tid til å fordjupe meg i arbeidet med oppgåva, og fekk god rettleiing undervegs. Det var eigentleg ei god tid å skrive oppgåve på; eg kjente ikkje på at eg gjekk glipp av mykje.

Han nytta seg også av tilbodet om praksis for humanistar i løpet av studietida.

- Eg var på Kåkå. Litt avgrensa var det jo, siden det var i 2020 – men det var veldig kjekt!

Stavangerguten har erfart at studievegen blir til mens ein går.

- Sjølv om strukturen for bachelorprogrammet kan sjå litt låst ut på papiret, er det mykje meir fleksibelt i realiteten. Eg likte at faglærarane tok omsyn til kvar enkelt, og at vi hadde variert undervisning. Førelesarane var flinke, og veldig tilgjengelege. Vi opplevde å bli tatt godt i mot som språkstudentar! Det viser seg også at det ligg mykje fleksibilitet i korleis ein jobbar med semesteroppgåver og kva ein kan skriva om.

Henrik likte også språkhistorie.

- Vi fekk blant anna prøve oss på norrønt og islandsk. Nesten litt eksotisk på sitt vis. Sjølv om språka er gamle er dei likevel levande i notida. Eg les islandske aviser for å halde det ved like, og eg har faktisk hatt bruk for det i jobben!

Han fortel at i jobben som generalsekretær har han god bruk for å kunne formulere seg godt, kort og konsist, og opplever studiebakgrunnen som relevant.  

- Det å ha ei grunnleggande forståing for språk og språkstruktur er mellom anna nyttig når eg hjelper til med å skrive høyringssvar.

Henrik var studentassistent deler av tida han studerte nordisk.

- Det var veldig kjekt. Vi var med på å planlegge seminar, og eg var seminarleiar på eit par emne. Vi fekk god rettleiing, samstundes som vi hadde stor fridom med tanke på korleis vi la det opp.

Les meir: Nordisk språk og litteratur (bachelor)

Etter kvart kan han tenke seg å jobbe som lærar.

- Eg tenker å gå vidare med ei mastergrad i nordisk, og truleg praktisk-pedagogisk utdanning også, slik at eg får undervisningskompetanse. Når det er sagt hadde det vore veldig kjekt med ein periode i Språkrådet, også!

Kva er dine beste råd til dei som skal i gang med nye studiar til hausten?

- Ikkje stress for mykje! Jobb saman med andre i grupper. Gjer andre ting enn å berre studere, det er viktig å ha ein balanse mellom studiane og fritida. Og hugs at det går fint sjølv om du ikkje får toppkarakter på alle eksamenar.