Disputas: Skrik djevelen meir enn Gud i engelske skodespel frå mellomalderen?

Hildegunn Støle disputerer for ph.d.-grada ved Universitetet i Stavanger fredag 22. mars 2013. Støle har studert utrop i seinmellomengelske skodespel.

Published Sist oppdatert

Portrett av Hildegunn Støle
Hildegunn Støle har studert utrop i engelske dramatekstar frå 1400 og 1500-talet.

Første gong publisert 12.04.2013

Hildegunn Støle har undersøkt 3089 utrop frå 22 dramatekstar frå tida før Shakespeare, det vil seie ca 1400-1550 og mellom anna sett på om utrop fungerer annleis i tale enn i tekst.

Avhandlinga har tittelen «Interjections in Late Middle English Play Texts: A Multi-Variable Pragmatic Approach», om seinmellomengelske skodespel.

Todeling av verda
Skodespela er oftast forankra i eit katolsk, seinmellomaldersk verdsbilete som deler verda i godt og vondt. Både karakterane og språket speglar dette synet.

Tekstane, som ofte finst i berre eitt handskrift, er alle på vers. Likevel nyttar dei mange utrop, som me typisk forbind med tale og ikkje med skriven tekst.

Støle har funne at trass i at det engelske skriftspråket på denne tida ikkje var standardisert, så varierer skrivemåten av utropa lite.

Uttrykkjer kjensler
Det er grunn til å tru at utrop effektivt uttrykkjer karakterane sine kjensler, og at dei ikkje er vage, meiningstomme lydar som skrivarane la til for å gjera dialogane realistiske eller for å fylgja versefoten i teksten.

Det har vore relativt lite forsking på utrop. I tillegg til å vise korleis utrop fungerer i dei engelske mellomalder-skodespela, viser Støle si avhandling at utrop i drama og utrop i tale fungerer ulikt. Dette kan også gjelde for moderne drama og andre talenære tekstar.

Forskjell drama og tale
Utropa har tydelegare meining i dramaet enn i tale, og dei kommunikasjons-orienterte utropa er nærast ikkje-eksisterande i dramaet. Desse resultata er viktige både innan (historisk) lingvistikk og pragmatikk, og for forståinga av historiske skodespel.

Bedømmelseskomitéen vil bestå av professor Gabriella Mazzon, Leopold-Franzens-Universität, Innsbruck, professor Graham Caie, University of Glasgow og førsteamanuensis Ion Drew ved Universitetet i Stavanger.

Hovudrettleiar har vore førsteamanuensis Jacob Thaisen frå UiS. Universitetslektor/PhD Martti Mäkinen, Hanken School of Economics, Helsinki har vore medrettleiar. Leiar for disputasen blir senterleder Unni Vere Midthassel frå UiS.

Hildegunn Støle er frå Sandnes. Ho er cand.mag. frå Universitetet i Trondheim og master i lesevitskap ved UiS. Ho arbeider som universitetslektor ved Nasjonalt Senter for Leseopplæring og Leseforskning ved UiS (Lesesenteret).

Disputasen er i auditorium A3 i Kjell Arholms hus på Universitetet i Stavanger klokka 12.00 fredag 22. mars og er open for alle.