Stortrivst med lov og rett

Juridisk metode er etterspurd i alle delar av samfunnet. Jusstudent Erik Midtbø Kvamme valde Rettsvitskap fordi det gir varierte arbeidsmoglegheiter og fordi han vil bidra til gode løysingar.

Published Sist oppdatert
Rettsvitenskapsstudent Erik Midtbø Kvamme
Student på bachelor i Rettsvitskap, Erik Midtbø Kvamme, stortrives med å fordjupe seg i juridisk metode.

Første gang publisert mars 2017. Tekst: Karoline Reilstad

På bachelor i Rettsvitskap lærer du om rettssystemet og juridisk metode. Kvamme har alltid visst at juss er eit matnyttig fagfelt, som trengs på mange nivå innan både offentleg og privat sektor.

– Ein treng ikkje bli partnar i eit stort advokatfirma. Ein kan og arbeide som saksbehandlar i offentleg sektor. Du står eigentleg fritt til å gjere det du vil ut av det, seier han.

Løyser juridiske problem

Den blide sunnfjordingen fortell spøkefullt at barndomsdraumen var å bli dresskledd advokat bak eit stort mahogniskrivebord. Interessa for lov og rett blei for alvor vekka av ein dyktig lærar i rettslære på vidaregåande. Godt i gang med universitetsstudia i Rettsvitskap er han heilt sikker. Han har valt rett.

– Eg trivst utruleg godt med faget. Det er spannande og interessant, spesielt når me får arbeide med casar, seier han.

Kvamme er i andre semester og fordjupa i kontraktrett, juridisk rett og barne- og familierett. I det store og heile handlar juridisk metode om å løyse usemje mellom menneske.

– Det kan bli sosiale drama ut av den minste ting, som ein nabokrangel om kor eit gjerde skal stå. Då er det givande å vera med og finne gode løysingar, seier han.

God kontakt med forelesarane

UiS har eit hovud-campus kor studentar frå ulike studieretningar er samla. Det betyr at studentar frå ulike fag møtes på lesesalar, går på same studentbar og jobbar på tvers av linjeforeiningar.

– Det skaper eit veldig inkluderande miljø. Her møter du studentar frå ulike studiar på ein litt annan måte enn du kanskje gjer på andre universitet, seier han.

I tillegg klassen relativt oversiktleg, med rundt 30 studentar på kvar forelesing.

– Det er enklare å rekkje opp handa og stille eit spørsmål enn om det hadde vore 100 i salen. Forelesarane vil ha dialog, og dei seier stadig at døra til kontoret deira er open. Då er det lett å stikke innom for å få tilbakemelding på ei oppgåve eller anna hjelp, seier han.

– Juristar trengs overalt alltid

Juridisk kompetanse trengs både i privat og offentleg sektor, og juristar finns i mange variantar. Dei varierte moglegheitene for arbeid appellerer til Kvamme, som sjølv kan tenke seg å arbeide med forretningsjuss internasjonalt innanfor globalisering og teknologiutvikling.

Om det går opp og ned i andre bransjar kjenner han seg trygg på framtida.

– Eg reknar dette som eit trygt val, med tanke på at det er ein bransje som i relativt liten grad blir påverka av konjunkturar. Folk treng alltid juristar. Det er og fordel at ein kan finne jobb nesten alle stader i landet og internasjonalt, seier han.

Reserverte plasser på toårig master i Bergen

For å bli jurist må ein ha ein master. For dei som ynskjer å studera vidare er det ei ordning kor studieplassar på toårig mastergrad i rettsvitskap ved Universitetet i Bergen er reservert søkjarar med bachelor frå UiS.

Les om Opptaksreglement for opptak til toårig mastergrad i rettsvitenskap (UiB sine sider)

– Det er fint. Da får du moglegheit til å studere i to byar, seier Kvamme som samstundes minner om fleksibiliteten i ein bachelorgrad.
– Det er og moglegheiter for arbeid etter tre år om du ikkje vil gå vidare til master, seier han.