Venture Cup

Venture Cup er ein forretningsplankonkurranse starta av McKinsey. Konseptet har vore nytta i fleire land i Europa, og vert no arrangert i Noreg, Sverige, Danmark og Finland. Venture Cup har vore i Noreg sidan 1999.

Published Sist oppdatert

Start Noreg har hatt ansvar for konkurransen sidan 2004. Start UiS har vore vertskap for nasjonal finale i 2006, 2011 og 2014. Venture Cup er Noregs største forretningsplankonkurranse, og nordisk sett er det den største. 

I tillegg til å vera ein forretningsplankonkurranse er formålet med Venture Cup å vere ein pådrivar for nyskaping gjennom marknadsføring og kunnskapsformidling av entreprenørskap. Dette har vore ein av dei viktigaste drivkreftene bak Start Noreg sitt engasjement i å arrangera Venture Cup i Noreg. Venture Cup ynskjer å bidra til nyskaping, først og fremst fordi det er ein moglegheit til å bidra til framtidig verdiskaping for heile Noreg. 
 
Det finst mange andre aktørar som jobbar for å stimulere til nyskaping, men Venture Cup har ein unik posisjon: Venture Cup krev ikkje eigarinteresser i selskap som startar opp, men tilbyr og vidareformidlar uforpliktande kontaktar med andre ressurspersonar som kan gjera idear til lønnsame verksemder. 
 
Nokre av dei viktigaste kjenneteikna ved Venture Cup er: 
 
Sjølvstende – Venture Cup har ikkje eigarinteresser 
Konfidensialitet – Deltakarane må ha tillit til Venture Cup for å kunne søke støtte og rettleiing 
Vinnarkultur – Venture Cup skapar og driv fram vinnarar 
Kvalitet – Venture Cup leverer eit sterkt og komplett innhald på ein effektiv måte 
Inkluderande – Venture Cup er open for alle og skal samarbeide med andre aktørar og eit breitt nettverk av ressurspersonar. 
 
Målsettinga for Venture Cup er å bidra til at nye verksemder kan etablera seg i Noreg. Venture Cup skal vera hovudarena for forretningsplanar, og skal vera den leiande, årlege forretningsplankonkurransen i Noreg. 
 
I Stavanger bli Venture Cup arrangert kvart år. Båe studentar som ynskjer å teste ut ein eigen idé, forretningsplan  eller studentar som deltek i ulike emne innanfor entreprenørskap og innovasjon vil kunne ha stor nytte av å delta i konkurransen, som i tillegg til store premiepengar gir deltakarane rettleiing, oppfølging og undervisning undervegs. 
 
For meir informasjon om konkurransen, sjå http://venturecup.no/