Skip to main content

Smart city research

Creating a smart city requires joint efforts of city planners, technologists, energy experts, social scientists, artists and others. University of Stavanger conducts interdisciplinary research in the field of smart cities and collaborate with other organizations involved in this field.

Publisert: Endret:
Facts
Researchers

15

Doctoral fellows

7

Projects

10

Smart city development requires, but is not limited to, use of new technology<br>

Tomorrow's society must be more environmentally friendly, efficient, and user-friendly than it is today. To achieve this, we have to find new and better solutions for our citizen, and this requires research, development, and collaboration between various academic disciplines and not least collaboration between public and private sectors.

Important role

Many researchers at the University of Stavanger are involved in smart city related research and development projects. They represent very different disciplines, including urban planning, information technology, security, economics, politics, innovation, education, and the arts and culture.

Recently, the University of Stavanger has chosen Smart City as a strategic priority and has established a university-wide smart city research network to further strengthen this area.

Forskingstema: Energiløysingar

Innovasjon og utvikling i energisektoren er avgjerande for å gjere urbane område meir berekraftige. UiS har fleire prosjekt på dette feltet.

Vindturbinar for bynære strøk

UIS har stor kompetanse på data-analyse og behandling av store datamengder. Våre forskarar er ekspertar på integrerte energiløysingar, -analysar og -tryggleik.

UIS satsar på energiinformatikk, eit framveksande tverrfagleg felt som omhandlar digitalisering av heile verdikjeda i energisektoren. Det handlar om å utnytte IKT-metodar, verktøy og teknikkar for å oppnå berekraftig energiproduksjon og bruk.

Her er ei liste over prosjekt som går føre seg no, og nokre tidlegare prosjekt:

ENERGILØYSINGAR

ENSYSTRA - Energisystem i endring

Sju UiS-forskarar deltek i eit forskingssamarbeid mellom europeiske universitet og industri som skal utdanne høgt kvalifiserte energi-ekspertar og gje meir miljøvenlege energisystem i Europa.

Professor og statsvitar Oluf Langhelle (t.v.) og professor og teknolog Mohsen Assadi (t.h.) jobbar mot det same målet: Nullutsleppsamfunnet.

I prosjektet Energy Systems in Transition (ENSYSTRA) skal teknologar og samfunnsvitarar samarbeide tett med industrien om nye løysingar innan energisektoren.

Målet er å utdanne yngre forskarar som skal bidra til nyskaping i det regionale næringslivet.

Mohsen Assadi ved Institutt for energi- og petroleumsteknologi er prosjekteigar ved UiS, medan Oluf Langhelle ved Institutt for medie- og samfunnsfag deltek som ekspert på omstilling og politikkutforming.

Til saman deltek sju forskarar frå UiS – to professorar, 2 post-doktorar og tre ph.d.-studentar.

Prosjektet får midlar frå det europeiske forskings- og innovasjonsprogrammet Horisont 2020 under ordninga Innovative Training Networks (ITN), i forskingsprogrammet Marie Sklodowska-Curie.

Forutan UiS deltek fem andre universitet i det som på mange måtar kan kallast eit nordsjøisk energilaboratorium: Aalborg universitet, Universitetet i Groningen, Universitetet i Edinburgh, Europa-universitetet i Flensburg og Chalmers tekniska högskola.

Prosjektet starta opp i november 2017.

ENERGILØYSINGAR

Levande energi-lab

Future Energy Hub er med på å byggje opp Smart Energy Living Lab, eit "levande" laboratorium ved UIS, for å auke kompetansen på distribuert fornybar energi og smart teknologi.

Peter Breuhaus er leiar for prosjektet Smart Energy Living Lab.

Målet er at samarbeidet med næringslivet skal akselerere utviklinga av ny teknologi og nye tenester.

Det unike MYBox-huset på campus, som er sett saman av seks shipping-containerar stabla kvarandre, får no straum frå Smart Energy Living Lab.

Ein vindturbin og eit solcellepanel på campus inngår i laben, som skal takast i bruk av studentar, forskarar og næringsliv.

Vindmølla som er vald, er ei vertikalaksla vindmølle spesialdesigna for urbane strøk. No inngår han i eit energilaboratorium for produksjon av fornybar energi frå sol og vind, med batteri som lagrar straum. Solcellepanel er allereie installert.

To doktorgradsstipendiatar er tett knytte opp til prosjektet.

Energilaben blei initiert av Siri Kalvig og Helleik Syse frå forskingsnettverket for miljøvennleg energi. I utviklinga av prosjektet har Harald Røstvik, professor i byplanlegging og berekraftige bygg ved UIS, vore sentrale. Lyse er også ein viktig støttespelar og har hjelpt med solceller og batteri til laben.

Laben inngår også som ein pilot i UIS-prosjektet Future Energy Hub som har som mål å skape grønare bygg og bydelar.

Future Energy Hub er ein del av Nettverk for miljøvenleg energi ved UIS. Prosjektet har som mål å skape grønare og meir miljøvennlege bygg og byar. Det er finansiert av Forskningsrådet gjennom kapasitetslyftmidlar, Rogaland fylkeskommune, lokalt næringsliv og universitetet sin eigne midlar.

Kontaktpersonar:

Prosjektleiar Peter Breuhaus eller prosjektkoordinator Helleik Syse ved Det teknisk-naturvitskaplege fakultet.

ENERGILØYSINGAR

Smart strømstyring i nabolaget

Prosjektet SmartNEM tek sikte på å finne løysingar for morgondagens strømnett, der lokalsamfunn både kan forbruke, lagre og produsere elektrisitet.

Dagens el-infrastruktur manglar mekanismar til å handtere massive og konsentrerte energibelastningar når mange eksempelvis skal la dei elektriske køyretya sine på same tid.

Ei løysing for å handtere overspenning ved slike forbrukstoppar, utan å leggje om straumnettet, er å integrere fornybare mikro-energikjelder i hushald eller nabolag.
Nye mekanismar

Då må vi finne ein effektiv måte å gjere innbyggjarar om til både konsumentar og produsentar ("") av straum, og utvikle verkty for effektiv administrasjon av energiproduksjonen og forbruket til hushaldet eller nabolaget.

Vi treng mekanismar som kan slå saman alle ulike mikro-energikjelder, integrere felles einingar for kraftlagring, produksjon og forbruk og tillatne energideling og -handel mellom familiar, nabolag og lokalsamfunn.

Forskingstema:

  • "Fog computing"
  • Maskinlæring
  • Blockchain
  • Datatryggleik

Om SmartNEM

SmartNEM-prosjektet blir støtta av Forskningsrådets ENERGIX-program. Det blir drive av Universitetet i Stavanger (koordinator), Universitetet i Oslo, Lyse, Statnett, NORCE, Smart Innovation Noreg og DNV GL

Kontaktperson: Professor Chunming Rong, UIS.