Mellomalderliv før og etter døden

Korleis var livet i Rogaland i mellomalderen? Det er mykje som er uutforska når det gjeld mellomalderen i Rogaland. Det ønskjer forskarar ved Arkeologisk museum å gjere noko med.

Published Endret
Fakta
Prosjekttittel

Future preservation of past life: A multidisciplinary investigation into preservation of ancient biological remains from medieval cemeteries.

Forskingsområde

Arkeologi, konservering, osteologi, geologi/geoarkeologi, genetikk, botanikk, entomologi og rettsmedisin.

Varigheit

2020 - 2025

Leiar

Hege I. Hollund hege.i.hollund@uis.no

Forskarar

14

Skjelett kan gje svar

Kven budde i Stavanger i mellomalderen?

Ved å undersøkje skjelett som ligg ved og under Stavanger Domkyrkje kan vi få svar på mange spørsmål om kven som budde i regionen i mellomalderen.

Bilde fra utgravingen under domkirken i 1967-68. Foto: Arkeologisk museum, UiS

Vi veit faktisk svært lite om livet i mellomalderen i Rogaland, trass i at Stavanger har den best bevarte mellomalder-katedralen i landet. Mindre kjent er at det i tillegg finst ein gravplass frå mellomalderen, med godt bevarte skjelett, i bakken direkte under og rundt Domkirken. Vi kan få mykje kunnskap om livet i mellomalderen ved å undersøkje desse. Kor kom dei i frå? Kva jobba dei med? Var dei mykje sjuke? Kva åt dei? Kor gamle vart dei? Døydde mange mødre og spedbarn i barsel? Skjeletta og andre spor vi kan finne i jorda utgjer eit verdfullt historisk arkiv som ulike fagfolk og forskarar kan lese på bakgrunn av kunnskap og tekniske analysemetodar. Denne kjelda til informasjon i Rogaland er så langt lite utnytta. Det ønskjer forskarar ved Arkeologisk museum å gjere noko med. Vi har fått støtte av Noregs Forskingsråd (NFR) til eit forskingsprosjekt som vil innebere nye utgravingar i og rundt Domkirken, samt diverse analysar og undersøkingar av skjelett og anna som blir funne, i tillegg til det som allereie finst i samlingane til museet. 

Nytt frå forskingsprosjektet

Tverrfagleg forsking

Nytt forskingsprosjekt om mellomalderarkeologi i Rogaland

Prosjektet støtta av Forskingsrådet startar 1. desember 2020 og vil vare i fire år. Det vil sei at mykje ny og spennande kunnskap om mellomalderen i Stavanger og omegn vil komme fram i tida fram mot 900-års jubileet til byen i 2025!

Bilde av skjelett

Undersøkingar av gravfunn frå mellomalderen i Rogaland er utgangspunktet for dette tverrfaglege forskingsprosjektet som involverer ti forskarar frå sju ulike forskingsinstitusjonar i inn- og utland. Forskargruppa inkluderer ulik spisskompetanse innan arkeologi, konservering, osteologi, bioarkeologi, geologi/geoarkeologi, palaeobotanikk, palaeogenetikk, entomologi og rettsmedisin. Det handlar i hovudsak om analysar av biologisk materiale, heilt ned på molekylært nivå, og undersøkingar av korleis dette kan bevarast eller brytast ned i ulike miljø. Målet er å betre forstå desse prosessane slik at vi best kan ivareta dette verdfulle, og dels usynlege historiske arkivet for framtida. Dette er òg kunnskap relevant i politiarbeid og rettsmedisinsk kontekst, og vi ønskjer å utvikle samarbeid med politi og rettsmedisinarar. I prosessen har vi òg som mål å kunne gje eit glimt av livet i mellomalderen. Der bevaringstilhøve tillèt det vil vi kunne ta i bruk avanserte analysar av skjelett og gravmateriale som kan kaste lys over individuelle livshistoriar; kor dei kom i frå og dels korleis dei levde.

Ein forskingsdugnad

Dagens lokale befolkning er i denne samanheng særs viktig; det er deira førhistorie det her er snakk om, og det er dei som har ei viktig rolle i at dei fysiske leivningane blir ivaretatt for framtida. Difor er inkluderande forskingsformidling ein viktig del av prosjektet. Vi har etablert dialog med ei rekke lokale institusjonar og aktørar, inkludert næringsliv, skuleverk og kyrkje. Vi vil rådføre oss med ei gruppe av representantar for ulike interessegrupper, organisere ‘bruker-workshops’, og til slutt ein vitskapleg konferanse der ulike interessentar òg vil bli invitert.

Du blir det du et

Kosthold i Stavanger gjennom 800 år

Av jord er vi komne, bokstavleg tala. Kroppen vår tek nemleg byggjeklossane for molekyl og kroppsvev frå jord og luft, via det vi et og drikk. Det vil sei at dersom vi finn leivningar etter menneske som levde før oss, kan ein finne ut av kven folk var, eller meir spesifikt, kva dei åt. Vi har forska på perioden fra 800-1600 e. Kr.

Figur: Du blir hva du spiser
Illustrasjon som viser korleis ein tolkar kosthald ut frå karbon - og nitrogen-isotop verdiar målt på arkeologiske skjelettmateriale.

Dette kan ein no nemleg studere ved hjelp av kjemisk analyse av skjelettmateriale, det ein kallar stabil isotopanalyse, eller diettanalyse. Den mest vanlege framgangsmåten er å måle den relative mengda av dei ulike isotopane, eller versjonane, av grunnstoffa nitrogen og karbon i beinproteinet i bevarte skjelett. Desse verdiane endrar seg nemleg oppover i næringskjeda og er annleis i terrestriske og marine miljø. Skjeletta funne ved utgravinga i domkyrkja i 1968, samt ei gruppe skjelett frå ei utgraving i 1993 på plassen framom domkyrkja, har blitt analysert av forskarar ved hjelp av desse metodane. Då undersøkinga starta i 2012 var det første gong menneskeleg skjelettmateriale frå Norge vart analysert ved hjelp av denne metoden.

Mykje sjømat og proteinrikt kosthald
Dei 15 undersøkte individa representerer ulike tidsperiodar, frå vikingtid til 1600-talet. Nitrogen- og karbonverdiane viste seg å spegle samfunnsutvikling og kulturendringar. Vi fann nemleg ein klar samanheng mellom isotopverdiar og periode. Dei lågaste verdiane er funne i den tidlegaste perioden, vikingtida, medan dei høgaste verdiane er å finne på 1000- og 1100-talet. Gjennomsnittsverdien på 15- og 1600-talet ligg mellom desse to gruppene. Dei høge verdiane indikerer at ein større del av kosthaldet var basert på marint protein i middelalderen. Det var med andre ord mykje sjømat på menyen, truleg på grunn av dei katolske fastereglane der det var forbode å ete kjøt i fleire periodar gjennom året. At verdiane er lågare i det yngre materiale kan ha samband med reformasjonen i 1537 då overgang frå katolisisme til protestantisme igjen endra tradisjonen med faste, og kanskje andre  kosthaldvanar. Uansett, frå alle periodar er det tydleg at Stavangerfolk sverja til ein proteinrik diett. Truleg utgjorde karbohydratar (til dømes brød og graut) likevel ein vesentleg del av kostholdet, men relativt sett, samanlikna med andre befolkningar i Europa, hadde Stavangerfolk eit større innslag av sjømat.

Les meir

Skjelettundersøkinga vart òg skildra i ein artikkel i avisa Morgenbladet samt i følgande publikasjonar: - Artikkel av Hollund, H. I., L. van der Sluis, og S. D. Denham, 2013: Bevarte skjelett som arkiv for levd liv: Nye metodar for undersøking av beinmateriale frå Domkyrkja. I medlemsblad for Byhistorisk Forening, Stavangeren nr 3(22), side 95-100. - Artikkel av Hollund, H. I. og L. van der Sluis, 2013: Av jord er vi komne, til jord skal vi bli? Bevarte skjelett som arkiv for levd liv. I tidsskrift for Rogalands arkeologiske forening, frà haug ok heidni nr 3, side 9-12. - Artikkel av L. van der Sluis, Hollund H. I. m.fl, 2016: A palaeodietary investigation of a multi-period churchyard in Stavanger, Norway, using stable isotope analysis (C, N, H, S) on bone collagen. I det vitskaplege tidsskriftet Journal of Archaeological Science: Reports (9), side 120-133.

Rapport

Arkeologiske undersøkelser i og rundt Stavanger domkirke

Siden 1960-tallet er det utført flere større og mindre undersøkelser av grunnen i Stavanger sentrum, i og rundt Stavanger Domkirke. En rapport fra Arkeologisk museum som oppsummerer dette arbeidet, illustrerer potensialet for ny kunnskap om Stavangers tidligste historie som ligger skjult, men like under bakken der vi daglig spaserer, handler og drikker kaffe.

Bilde av Stavanger domkirke

Utgravingene på Bryggen i Bergen fra slutten av 1950-tallet var med på å rette oppmerksomheten mot det potensialet til kunnskap om oppkomst og videre utvikling av norske byer som fantes i bygrunnen. Her i Stavanger er det først etter 1960 at inngrepene er tilfredsstillende dokumentert. De siste 50 årene er undersøkelsene i forbindelser med Stavanger domkirke utført av faglige instanser. Fram til 1975 ble disse utført av Stavanger museum, i perioden 1975 til 1995 av Arkeologisk museum og etter 1995 av NIKU (Norsk Institutt for Kulturminneforskning). Denne oppdelingen skyldes organisatoriske endringer i Stavanger-museene samt endringer i organiseringen av kulturminneforvaltningen hvor NIKU fra og med 1994/1995 overtok ansvaret for alle middelalderske bygg samt arkeologiske undersøkelser av levninger fra middelalderen (1050 til 1537 e. Kr.). Dette inkluderer arkeologiske utgravninger inne i kirken 1968, der kristne graver fra en tidligere gravplass på 1000-tallet ble funnet og en utgravning på Domkirkeplassen der graver fra 15- og 1600-tallet ble avdekket. 

En beskrivelse av de enkelte undersøkelsene og funnene som ble gjort kan leses i en rapport fra Arkeologisk museum.

Eit komplekst mysterium

Detektivarbeid i museet si skjelettsamling

I 1967-68 vart det gjennomført ei arkeologisk utgraving under golvet i Stavanger domkyrkje av det som viste seg å vere ein gravplass frå tida før kyrkja vart bygd. Skjeletta frå utgravinga vart sidan lagra i ulike museale samlingar og har levd eit anonymt liv heilt til forskarar ved Arkeologisk Museum på 2000-talet bestemte seg for igjen å setje søkjelyset på dette som kan vere levningane etter dei første innbyggjarane i Stavanger.

Sean Dexter Denham sorterer skjeletter

I 1967-68 gjennomførte Arkeologiske avdeling ved Stavanger museum, noverande Arkeologisk museum ved Universitetet i Stavanger (AM UiS) og med Perry Rolfsen som feltleiar ei arkeologisk utgraving under golvet i koret i Stavanger domkyrkje. Ein påviste mange graver med skjelett samt anna ymse material.

I 2004 ønskte forskarar ved AM å undersøkje funnmaterialet frå denne utgravinga vidare, noko som vart starten på eit detektivarbeid som framleis pågår. Eit mål for forskarane var og er å nøste opp i kva som skjedde med skjeletta i tida etter at dei vart sendt til Anatomisk institutt ved Universitetet i Oslo i 1968. Eit anna mål er å undersøkje skjeletta med metodikk som no er tilgjengeleg til å skaffe fram kunnskap om liv og levekår i Stavanger i fortida. Arbeidet har hittil vore både spennande og frustrerande, og nye moment og spørsmål har stadig dukka opp, ikkje minst knytt til forvaltinga av kulturminne både in situ og ex situ. Arbeidet har hittil vore finansiert med støtte frå NFR, UiS, AM og forskarane si tid til eiga forsking. For å kunne komme vidare i forskinga på livet i middelalderen i Stavanger planlegg vi eit prosjekt som inneber utgraving av nytt materiale frå sikker kontekst, der dokumentasjon, undersøking og analysar vil bli utført med det aller siste av verktøy og metodar no tilgjengelege for forskarar i arkeologi og paleobiologi.

Du kan lese meir om dette arbeidet i følgande rapportar og publikasjonar:

Kapittel av Sean Denham, 2014: Commingled remains from Stavanger CathedraL. I boka Old Bones – Osteoarchaeology in Norway: Yesterday, Today and Tomorrow. Redigert av B.J. Sellevold, Side 117-136. Oslo: Novus Forlag.

Artikkel av Hollund, H. I., L. Van der Sluis, and S. D. Denham, 2013: Bevarte skjelett som arkiv for levd liv: Nye metodar for undersøking av beinmateriale frå Domkyrkja. I medlemsblad for Byhistorisk Forening, Stavangeren nr 3(22), side 95-100.

Artikkel av Sandvik, P. U., 2006: Under overflata i mellomalderbyen Stavanger. I tidsskrift for Rogalands arkeologiske forening, frà haug ok heiđni nr 3, side 9-12.

Forskarar i prosjektet

Forsker i konservering
51832686
Arkeologisk museum
Avdeling konservering
Førsteamanuensis i kjemi
51832834
Arkeologisk museum
Avdeling konservering
Førsteamanuensis i paleobotaniker
51832646
Arkeologisk museum
Avdeling fornminner
Arkeolog/osteolog
51832637
Arkeologisk museum
Avdeling fornminner
Forsker/prosjektleder forhistorisk arkeologi
51832649
Arkeologisk museum
Avdeling fornminner
Førsteamanuensis/paleobotaniker
51834077
Arkeologisk museum
Avdeling fornminner
Stipendiat i arkeometri
51833094
Arkeologisk museum
Avdeling fornminner
Forsker/Rettsmedisiner
University of Technology, Sydney
Professor/Evolusjonsbiolog
Universitetet i København
Forsker/Arkeobotaniker
University of Turku
Forsker/Entomolog
University of Turku
Forsker / arkeolog
Norsk institutt for kulturminneforskning
Forsker/Bioarkeolog
Vrije University Amsterdam