Hopp til hovedinnhold

Kjære studentar!

Tenke seg til, at me no går inn i nok ei jul med koronatiltak. Ein kan miste motivasjonen av mindre. Men me har ikkje anna val enn å stå han av. Og no, no skal me ha juleferie!

Publisert: Endret:
Klaus Mohn, rektor Universitetet i Stavanger

Av Klaus Mohn, rektor Universitetet i Stavanger

Året bak oss har vore som ein berg- og dalbane. Frå full nedstenging i vår til strålande semesterstart i august, og opningsfest i oktober. Gjennom hausten har de igjen fått boltra dykk i fysisk og fagleg fellesskap, på campus utan skjerm og filter, med direkte kontakt med førelesarar og rettleiarar. Universitetet vårt har igjen kunna by på ny motivasjon, energi og lyst – til undervisning og læring.

Eg er glad for at dei nye studentane i haust fekk møte medstudentane sine, at det blei høve til å knyte nettverk og vennskap. Eg håpar det gjer tida me no går inn i litt lettare, at de veit at de har meir folk rundt dykk enn i fjor. 

For no, med eit pang, er me tilbake i den digitale kvardagen.

UiS har halde opent til det siste, slik at du kunne pugge på lesesalen, ha kollokvium på biblioteket og drikke kaffi i kantina. Men undervisninga har vore digital, og eksamenane skjer heimefrå.

Slik vil det bli fram til 16. januar. Kva som skjer etter dette, er uvisst. Eg håpar alle no finn vegen til vaksinering, og kryssar fingrane for at smittetala går ned like raskt som dei kom opp, slik at me får ein rask retur til kvardagen.

Vit at eg er stolt av dykk. For eg veit kva de må tole, og kor tungt det kan være å motivere seg i tider som desse. Eg veit korleis det kjennest å sakne kvardagen, det normale livet, fysisk kontakt, festleg lag og fri myldring på campus.

Straks er det jul. Og før ein veit ordet av det er det juli. Ikkje gløym at det fortsatt er lov å feire livet og eksamensresultata, sjølv under ein pandemi.

Medan me går lysare tider i vente ber eg med dette om at du tek godt vare på deg sjølv og dei rundt deg. Hjelper du andre så hjelper du òg deg sjølv. Treng du nokon å snakke med har Studentsamskipnaden i Stavanger fleire hjelpetilbod for studentar som kan vere til nytte, og ikkje minst er det verdt å merke seg at Studenttelefonen er eit gratis og anonymt lågterskeltilbod for dei som treng støtte.

Eg veit ikkje helt korleis 2022 blir. Men koronasituasjonen vil nok vere med oss også neste år. Det same vil eg og UiS.

Hald ut no. Berre litt til!

God jul!