PPU: Frå sveisar til lærar

Guro Garderhagen var sveisar. No er ho lærar.

Published Sist oppdatert

Kvinne med langt hår smiler til fotograf

38-åringen starta yrkeskarrieren som sveisar. Ho tok teknisk fagskule, men såg etter kvart at ho ønskte å dreie karrieren i ein annan retning. Det førte til at ho starta som lærar på Bergeland vidagaregåande skule, og flytta etter kvart over til Godalen vgs., og jobba som kontaktlærar der.

- Det var på Godalen eg byrja med praktisk-pedagogisk utdanning (PPU). Eg tok det deltid over to år, med ein dag og ein kveld i veka. Studiet var lagt til rette for at eg skulle kunne kombinere jobb og utdanning, fortel Guro.

Undervegs i studiet bytta Guro jobb, og gjekk tilbake til det private næringsliv.

– Eg dreiv ein del kurs, og sertifiserte sveisarar. Etter nokre år kjente eg at eg sakna skuleverket, og takka ja til eit vikariat på Gand. No er eg tilsett på Sola vidaregåande, seier Garderhagen.

Når vi snakkar med Guro er ho på veg til førelesningar i kurset «Klasseledelse og læringsfremmende relasjoner i videregående skole» ved UiS. Her skal Guro hente 30 nye studiepoeng.  

– Det er eit veldig nyttig studium. Eg synest det er mange nyttige anvendte poeng undervegs, og dette kurset passar godt med klassen eg er kontaktlærar for.

Les meir: PPU-utdanningane har søknadsfrist 1. mars

Kvifor valgte du å ta PPU ved UiS?       

– Gode kollegaer oppmoda meg til å ta PPU mellom anna fordi det vil gjere vegen til fast jobb enklare. Eg tenkte som så at PPU ville uansett vere nyttig å ha med i bagasjen uavhengig av kva eg måtte finne på i framtida!

Når ho ser tilbake på PPU-studiet hugsar ho det som ei travel men positiv tid.

– Eg var fersk som lærar, så det var veldig nyttig. For min del var nok didaktikken det aller mest fruktbare. Det var bra å samle folk med liknande bakgrunn og kombinere det med ein dyktig førelesar. Vi var om lag 10 personar i klassen min, og det fungerte godt.

Kva var det beste med å ta PPU?

– Heile prosessen! Praksisstudiet var gull. Praksisrettleiarane har eit kjempestort ansvar ovanfor studentane og dermed framtidige lærarar. Sjølv var eg godt nøgd med mine rettleiarar. Dei kunne vore endå meir kritiske til meg, sjølv om eg opplevde at dei var godt førebudde.  

Guro hadde ein praksisperiode i sin eigen klasse, og ein periode på det som då var Time vidaregåande.

Men kva likar ho best med jobben sin i dag?

– Det er jo elevane! Gode kollegaer er viktig, og kjekt, men det beste dømet er likevel dei morgonane som start litt bratt, og der møtet med elevane gir mykje energi. Tida med elevane, den er bra!

Kva er dine beste råd til andre som vurderer å ta PPU?

– For meg som kom frå ein praktisk bakgrunn var det mykje teori det første studieåret. Det må du berre komme deg gjennom. Gled deg til didaktikken, den er matnyttig og gir deg høve til å knytte teorien med undervisninga av elevane. PPU er kjekt når du er motivert, for du må ha lyst til å jobbe med undervisning om du skal ta dette studiet.

Ho er sjølv eit levande døme på myta om at vi tar ei utdanning og blir der.

– Eg kjem jo frå yrkesfag, men vi som har starta den vegen kan framleis blir kva vi vil! Det er eit viktig poeng å få fram også for dei som er yngre. Yrkesfagleg variant av PPU er eit kjempeeksempel på det, avsluttar Guro Garderhagen.  

Tekst & foto: Anja Kristin Bakken

Spørsmål om PPU?

Rådgiver
51832058
Fakultet for utdanningsvitenskap og humaniora
Fakultetsadministrasjonen UH
Administrasjon IKS