Jubileumsfest: Arkeologisk museum fyller 50 år

Fredag 17. oktober 2025 kl. 13:00-15:00,
Arkeologisk museum.

I år fyller me 50 år, og inviterer deg til ein forrykande feiring av det breie spekteret av forsking, forvaltning og formidling som museet står for.

Publisert Sist oppdatert

Gutter kikker på isbjørnskjelett kort-størrelse
Arkeologisk museum fyller 50 år. Foto: Elisabeth Tønnessen, Arkeologisk museum, UiS

Eit museum skal både vera samtalearena for dei alvorsame sidene av livet, og skapa uforgløymelege opplevingar, og denne dagen skal me berøra båe desse ytterpunkta. 

Festen startar fredag 17. oktober kl. 13 ved Arkeologisk museum i Stavanger sentrum.

Dagen vert fylt med flotte kulturelle innslag og talar, og på programmet får me mellom anna levande musikk frå Klang av oldtid.

Direktør ved Arkeologisk museum, Kristin Armstrong Oma, held tale om Arkeologisk museum frå 1975 til 2025.

Rektor ved Universitetet i Stavanger tek med seg den populære podkasten Mohnitor, som gjestes av stortingspolitikar Ingrid Fiskaa og tidlegare direktør for Nasjonalmuseet for Ukrainas historie i Kyiv, Dr. Fedir Andoshchuk.

Det blir gratis inngang til museet, og våre kunnskapsrike formidlarar våre står klare for samtale i utstillingane.

Program

Tale ved museumsdirektør Kristin Armstrong-Oma

Arkeolog Astrid Johanne Nyland les frå den nye barneboka "Da sjøen ble et monster", om då Storeggatsunamien ramma Norskekysten for 8200 år sidan.

Forfattar Kristin Auestad Danielsen les eit stykke frå sitt forfattarskap.

Musikk frå Klang av oldtid

Pause med forfriskningar

Liveinnspilning med Mohnitor, om musea som maktfaktor.
Rektor Klaus Mohn, stortingsrepresentant Ingrid Fiskaa og Dr. Fedir Andoshchuk, som er tidlegare direktør for Nasjonalmuseet for Ukrainas historie i Kyiv.

Liveinnspilning av Mohnitor: Musea som maktfaktor

Rektor ved Universitetet i Stavanger, Klaus Mohn, tek med seg sin populære podkast "Mohnitor" for en liveinspelning om museas rolle i ein uroleg verd. Han held samtalen med Dr. Fedir Andoshchuk og stortingspolitikar Ingrid Fiskaa.

Identitet og kultur og historie er i dag blant dei aller viktigaste faktorane bak konflikt og uro, regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Difor har mange museum hamna i storpolitisk krysseld når krig, konflikt og autoritære no legg føringar for dei dei offisielle fortellingane. Slike tendensar står i skarp kontrast til ein liberal demokratisk tradisjon, der musea sjølv skal legge til rette for ein open og inkluderande dialog om kven me er og kor me kjem ifrå.

I USA prøvar sentrale politikarar å overstyra formidlinga i musea, frå ei samfunnskritisk, granskande tilnærming til ei ukritisk feiring av amerikanske verdiar, til dømes gjennom ei reinsing av oppgjeret med slavehandel og kolonisering. Liknande tendensar ser ein og i Polen og Ungarn. Den russiske aggresjonen mot Ukraina inkluderer målretta bombing og plyndring av museum. Slik vil Russland utradere det historiske grunnlaget for Ukraina si hevd på eigen suverenitet.

Slike utviklingstrekk har sendt musea opp og fram på den politiske agendaen, og gjort historiene dei fortel meir aktuelle og eksplosive enn nokon gong. Frå støvete, introverte og keisame høgkulturelle festningar har musea blitt ein arena der ulike historier om oss sjølv møtest i høge bølgjer og brytingar.

Kva skyldast denne utviklinga? Kva for konsekvensar har ei slik utvikling? Står Noreg i fare for å bli råka av politisk innblanding i formidlinga ved musea? Kva kan ein gjere for å demme opp? Kan Noreg spele ei rolle for forholdet mellom museum og politikk i andre land?

Lytt til tidlegare episoder av Mohnitor her.

Barn utkledd som vikinger glad
Me ynskjer deg hjarteleg velkommen til vår jubileumsfest! Foto: Elisabeth Tønnessen, Arkeologisk museum, UiS

Dette skjer på Arkeologisk museum

Høstferien på museet

Ons. 08.10.2025

11:00-15:00

Arkeologisk museum

Høstferien på museet

Tor. 09.10.2025

11:00-15:00

Arkeologisk museum

Høstferien på museet

Fre. 10.10.2025

11:00-15:00

Arkeologisk museum

Helgen på museet

Lør. 11.10.2025

11:00-15:00

Arkeologisk museum

Helgen på museet

Søn. 12.10.2025

11:00-16:00

Arkeologisk museum

Nålebindingskurs

Tir. 14.10.2025

17:30-19:30

Arkeologisk museum

Tirsdagskveld på museet

Tir. 21.10.2025

11:00-20:00

Arkeologisk museum

Museumsnatt

Fre. 24.10.2025

18:00-22:00

Arkeologisk museum

Helgen på museet

Lør. 25.10.2025

11:00-15:00

Arkeologisk museum

Nålebindingskurs

Lør. 25.10.2025

12:00-14:00

Arkeologisk museum

Helgen på museet

Søn. 26.10.2025

11:00-16:00

Arkeologisk museum

Tirsdagskveld på museet

Tir. 28.10.2025

18:30-20:00

Arkeologisk museum

Nålebindingskurs

Tir. 04.11.2025

17:30-19:30

Arkeologisk museum

Nålebindingskurs

Lør. 22.11.2025

12:00-14:00

Arkeologisk museum