Avaldnes - Maktens havn

Forskingsprosjektet "Maktens Havn" retter fokus mot hamnefunksjonen som gjorde Avaldsnes til eit maktsenter i 3000 år.

Published Sist oppdatert

Forfattere: Håkon Reiersen, Arkeologisk museum, UiS og Arild Skjæveland Vivås, MUST Stavanger maritime museum.

Ved Avaldsnes ligg det ei nærast urørt hamn frå mellomalderen, då kongar og hanseatar hadde stor aktivitet her . Både nasjonalt og i europeisk samanheng er dette nokså unikt. Svært lite av hamneområdet på land og i sjøen er så langt utforska. Langs innseglinga i det sentrale Karmsundet vitnar monument frå bronsealderen og jernalderen om at leia og hamna har ei endå lengre historie. Det same gjer bevarte skip frå yngre jernalder og mellomalderen.

Figur 1. Slik kan det ha sett ut i hamna ved Avaldsnes i 1368. I bakgrunnen ser ein kongsgarden som dette året blei sett fyr på av hanseatane som del av ein konflikt med kongen. Illustrasjon: Hege Vatnaland

Slik kan det ha sett ut i hamna ved Avaldsnes i 1368. I bakgrunnen ser ein kongsgarden som dette året blei sett fyr på av hanseatane som del av ein konflikt med kongen. Illustrasjon: Hege Vatnaland

Hausten 2018 kom ideen om å opprette eit nytt forskingsprosjekt på Avaldsnes. Universitetet i Oslo sitt «Kongsgårdsprosjektet Avaldsnes» hadde formelt sitt siste år i 2019 og der var difor eit behov for nokon som kunne føre forskinga her vidare. Sidan prosjektet no var retta mot hamneområdet med kulturminne både på land og i sjøen, var det naturleg at Arkeologisk museum, UiS og MUST Stavanger maritime museum samarbeidde om prosjektleiinga. Vidare var Karmøy kommune sitt Avaldsnesprosjekt ein sjølvsagt partner. Oljeserviceselskapet GeoPluss var ein av initiativtakarane til prosjektet, og selskapet Saga Subsea frå same sektor blei også med i prosjektgruppa. Resultatet var ei spanande prosjektgruppe på tvers av faggrenser, leia av dei arkeologiske forvaltingsmusea og med partnarar frå både offentleg og privat sektor. Artikkelforfattarane fekk begge roller som prosjektleiarar, og det blei oppretta ei styringsgruppe med representantar frå dei ulike prosjektpartnarane.

Prosjektet blei sett i gong ved ei prosjektlansering på Avaldsnes i juni 2019. Her var det overrekking av oppstartsmidlar frå Sparebankstiftelsen SR-Bank og høgtidleg opning ved Karmøy-ordføraren. Det første som blei gjort var å gjennomføre LiDAR- og dronekartleggjing av hamneområdet på land, og ein fekk etter kvart tilgang til eksisterande sjøbotndata som GeoPluss kunne byrje å sjå nærare på. Etter at ein fiskar fekk keramikk frå mellomalderen i garnet, blei det i samarbeid med Saga Subsea søkt etter eit mogeleg vrak i Karmsundet utan at ein fekk klare svar.

Figur 2. Frå lanseringa av prosjektet. Karmøy kommune var her representert med både ordførar Jarle Nilsen (AP), kultursjef John Arve Hveding og leiar for Avaldsnesprosjektet, Marit Synnøve Vea. Karmøybuen og kommunen har ei stor interesse for historia på Avaldsnes. Foto: Cathrine Glette.

Frå lanseringa av prosjektet. Karmøy kommune var her representert med både ordførar Jarle Nilsen (AP), kultursjef John Arve Hveding og leiar for Avaldsnesprosjektet, Marit Synnøve Vea. Karmøybuen og kommunen har ei stor interesse for historia på Avaldsnes. Foto: Cathrine Glette.

Trass i at pandemien i 2020 og 2021 sette mykje på vent, var det ein heil del som fall på plass desse åra. Etter månadar med strenge tiltak fekk ein seint i 2020 endeleg høve til å gjennomføre feltarbeid på Avaldsnes, med registreringar på land og i sjøen . Som eit ledd i å vidareutvikle Arkeologisk museum sin kompetanse på georadar, blei det tildelt midlar til georadarundersøkingar for «Maktens havn». Sommaren 2021 blei det køyrt georadar på Avaldsnes og Reheia, med mange interessante resultat.

Figur 3. Under feltarbeid i 2020 fann ein denne laftestokken som hadde blitt vaska fram av sedimenta i Gloppehamn. Den er truleg frå ei brygge, og er datert til første halvdelen av 1300-talet. På denne tida stod kongsgarden i stein ferdig, og det må ha vore eit yrande liv i hamna. Stokken er den første daterte hamnestrukturen frå denne tida på Avaldsnes. Foto: Arild Skjæveland Vivås.
Under feltarbeid i 2020 fann ein denne laftestokken som hadde blitt vaska fram av sedimenta i Gloppehamn. Den er truleg frå ei brygge, og er datert til første halvdelen av 1300-talet. På denne tida stod kongsgarden i stein ferdig, og det må ha vore eit yrande liv i hamna. Stokken er den første daterte hamnestrukturen frå denne tida på Avaldsnes. Foto: Arild Skjæveland Vivås.

I løpet av 2020 fekk Hallgjerd H. Ravnås ved GeoPluss tilbod om å ta ein såkalla nærings-PhD knytt til prosjektet, finansiert av bedrifta og Norges forskningsråd. I januar 2021 kunne ho byrja opp arbeidet med sin doktorgrad om geofysisk kartleggjing av kulturlag på sjøbotnen. Arkeologisk museum lyste i tillegg ut ei PhD-stilling under «Maktens havn». Temaet er skipsteknologi i vikingtid, med utgangspunkt særleg i dei to skipa frå Storhaug og Grønhaug på Karmøy. Massimiliano Ditta starta opp sitt PhD-prosjekt i oktober 2021.

Doktorgradsprosjekta

Ei sentralt mål for «Maktens havn» er å avgrense omfanget av spor etter hamneaktivitet i sjøen på Avaldsnes, med særleg fokus på mellomalderen. For forskinga vil dette kunne vise kor i området aktiviteten har vore størst og sjølve omfanget av hamna. Det vil vere av avgjerande tyding for forvaltinga av dette sårbare kulturmiljøet at ein får avgrensa utstrekninga i rom og djupna på kulturlaga. Ved fleire høve har arkeologane erfart at funn og strukturar vekselvis blir dekte til av sediment eller blir eksponerte. Det er stor uvisse om kor stabile laga er, og i kva for ein grad ein kan forvente at naturlege erosjonsprosessar truar kulturmiljøet i strandsona og sjø. Det er desse problema Ravnås sitt doktorgradsprosjekt søker å løyse ved hjelp av ulike former for sjøbotnkartlegging i kombinasjon med kjerneprøvar.
Prosjektet er knytt til Institutt for energiressurser ved UiS, som har ein sjølvstyrt katamaran som kan gjere sjøbotnkartlegging i grunn sjø. Stavanger maritime museum har også gjennomført ulike kartleggingar, og gjort visuelle observasjonar under dykk. Våren 2022 blei det i samarbeid med geolog Daniel Fredh ved Arkeologisk museum tatt kjerneprøvar i hamneområdet, som Fredh skal analysere . Saga Subsea arbeider for tida med å vidareutvikle prøveutstyret ein nytter for å ta slike kjerneprøvar. Ravnås sitt doktorgradsprosjekt er innovativt ved at det kombinerer sjøbotnkartlegging frå oljeservicenæringa med meir tradisjonelle maritimarkeologiske og naturvitskaplege metodar.

Figur 4: Her er to båtar og ein flåte ankra opp for å lage ein stabil arbeidsplattform til testing av utstyr. Til venstre driv Saga Subsea med utprøving av ein kjerneprøvertakar for hard sjøbotn. Til høgre tek geologane prøvar med utstyr som til vanleg nyttast i innsjø og myr. Foto: Arild Skjæveland Vivås.

Her er to båtar og ein flåte ankra opp for å lage ein stabil arbeidsplattform til testing av utstyr. Til venstre driv Saga Subsea med utprøving av ein kjerneprøvertakar for hard sjøbotn. Til høgre tek geologane prøvar med utstyr som til vanleg nyttast i innsjø og myr. Foto: Arild Skjæveland Vivås.

Når resultata frå Ravnås og Fredh sine kartleggingar er klare vil me få ei god oversikt over strukturar og lag i hamna. Saman med det breie fagmiljøet i regionen vil me då kunne gjere spissa forskingsgravingar som kan opne for nye perspektiv på perioden då Avaldsnes var kongsgard og hanseatane nytta hamna. Saman med andre kjelder vil spora kunne gi oss ny kunnskap om handverk, nettverk og ulike aktivitetar gjennom mellomalderen.

Skipsgravene frå Storhaug og Grønhaug på Karmøy er frå seint 700-tal og dei eldste i Skandinavia. Analysar av treverket viser at desse er bygde i regionen. Det same gjeld mellom anna Osebergskipet og Gjellestadskipet. Ditta sitt doktorgradsprosjekt ser nærare på skipsteknologien i Vest-Noreg i vikingtida. Særskild viktige er funn av deler frå uferdige skip og båtar i myrer i denne delen av landet, der Sunnhordland og Nord-Rogaland har ei særleg konsentrasjon av emne til skipsbygging.

Til no har komplette skip frå Gokstad, Oseberg og Roskilde vore fokuset i studiet av vikingtida sin skipsteknologi. Ved å undersøke fragmenterte deler av ferdige og uferdige båtar og skip, kan ein komme nærare på sjølve konstruksjonsprosessen og båtbyggjarane og få heilt ny kunnskap om vår maritime kulturarv frå vikingtida. Kanskje var regionen kring Avaldsnes sentral i utviklinga av havgåande vikingskip? I hamna på Avaldsnes har ein vidare skipsfunn heilt frå mellomalderen og til 1900-talet. Avaldsnesskipet er reistane av eit skip bygd i polske område kring år 1400. På sjøbotnen er det funne store mengder hoggflis som kan tyde på reparasjon av skip i hamna.

Figur 5. Dronefoto frå Gloppehamn, med Avaldsneskipet til venstre. Midt i fotoet er flåten der geologane jobber med kjerneprøvetaking. Flåten er ankra med tau i land slik at den lett kan halast mellom prøvepunkta. Foto: Arild Skjæveland Vivås.

Dronefoto frå Gloppehamn, med Avaldsneskipet til venstre. Midt i fotoet er flåten der geologane jobber med kjerneprøvetaking. Flåten er ankra med tau i land slik at den lett kan halast mellom prøvepunkta. Foto: Arild Skjæveland Vivås.

Gåvemidlar og Rikssamlingsjubileum

På slutten av 2021 hadde «Maktens havn» vakse frå å vere ein visjon til å bli eit modent forskingsprosjekt. To stipendiatar var i startgropa, og kartlegginga av hamneområdet var godt i gang. For å halde god progresjon var det likevel naudsynt å skaffe nye midlar. Difor var det eit lukketreff at privatpersonen Per Sand ved årsskiftet ønska å gi ei milliongåve til forsking ved UiS. I konkurranse med andre prosjekt fekk «Maktens havn» desse midlane. Dette gjer at me den neste tida har høve til å starte opp avgrensa arkeologiske undersøkingar i hamna på land og i sjøen, og at stipendiatane får rom til å kunne gjennomføre naudsynte analysar. Særleg kjekt er det at ein kan starte undersøkingane samstundes med Rikssamlingsjubileet 2022, der Avaldsnes og Karmsundet står sentralt i feiringa.

Ved byrjinga av pandemien skreiv deltakarar i prosjektet ein kronikk i Haugesunds Avis og peika på at Rikssamlingsjubileet var eit ypparleg høve til å løfte skipshaugen Storhaug opp frå gløymsla. Storhaug er den eldste skipsgrava i Skandinavia. Haugen låg godt synleg langs Karmsundet og var nærare 50 meter i diameter. Etter utgravinga i 1887 har reistane av haugen vore i sørgjeleg forfatning, men ein veit at deler av haugen framleis er bevarte. Mellom anna blei det funne eit åreblad her i 1905 og ein båtspant i 1974. Arkeologisk museum har teke initiativ til at reistane av gravhaugen skal undersøkjast. I 2022 startar dei første undersøkingane, som skal avdekke kor mykje av haugen som er bevart for å kunne skissere omfanget av vidare undersøkingar. Deretter ønsker ein å attreise haugen i originalstorleik som eit verdig minnesmerke over småkongen som blei gravlagd her sommaren 779, og på mange måtar innleia rikssamlinga. Karmøy kommune har nyleg vedteke ein plan med sikte på ei slik attreising og vidare ivaretaking av dei to skipshaugane på Karmøy.

Georadarundersøkingane på Avaldsnes i 2021 avdekka ei mogeleg eldre husrekke under hustuftene av gjestgjevarstaden som stod på Gloppe på 1700- og 1800-talet . Ei førebels hypotese er at bygningar og landbasert aktivitet i hanseatane si hamn Nothow finst bevart under dei etterreformatoriske bygningsrestane. Samstundes med Rikssamlingsjubileet i juni skal ein gjere ei mindre arkeologisk graving for å undersøke om det verkeleg er så gamle hus bevart her. Frå før er det kjend ein steinbygning, vegsystem, fortøyingsrøysar, ballastrøyser og bryggereistar frå mellomalderhamna. Viss ein får gode resultat frå årets graving, vil ein no få endå betre kunnskap om hamnestrukturar på land. Korleis har aktivitet og kommunikasjon vore mellom kongsgarden og kyrkja på platået og hamneområdet? Sjølv om ein ikkje skulle finne eldre bygningsrestar på Gloppe, så vil undersøkingane likevel kunne gi ny kunnskap om kva som skjedde på Avaldsnes då staden mista sin senterfunksjon etter mellomalderen.

GPR

Kartutsnitt av deler av området der gjestgjevarstaden Gloppe låg på 1700- og 1800-talet. Her er det hustufter, inngjerda område og bryggefundament. Til venstre ser ein i grønt LiDAR-kartlegging (terrengmodell ut frå laserscanning) og til høgre luftfoto gjort med drone. På kartet i midten er LiDAR-dataene prossessert av Theo Gil ved Arkeologisk museum for å skilje ut strukturar som truleg er menneskeskapte (raud markering). Desse strukturane blei seinare befart i landskapet. Ved georadarundersøkingane i 2021 påviste ein ei mogeleg eldre fase med hus under gjestgjevarstaden. Utgravingane i 2022 vil gi svar på om dette stemmer. Illustrasjon: Theo Gil og Arild Skjæveland Vivås.

Grønt skifte og kulturturisme

Klimaendringar og det grøne skiftet er også eit viktig bakteppe for prosjektet. Særleg er kulturminna i sjøen sårbare i møte med endra klima. Ein grunnleggjande tanke i prosjektet er at det skal nyttast mest mogeleg skånsame metodar, der ein ikkje gjer direkte inngrep eller berre små inngrep i kulturminna.

Ein jobbar med teknologioverføring frå ojleservicenæringa, som vidareutviklar ikkje-destruktive metodar for arkeologien. Prosjektpartnarane frå denne sektoren får samstundes høvet til å bygge ei portefølje som ikkje berre handlar om olje og gass, men som også inkluderer kulturminnevern.

Det kan her nemnast at prosjektpartnar Geopluss ble invitert til Arendalsuka 2021 for å presentere prosjektdeltakelsen sin som eit døme på grøn omstilling. Prosjektpartnar Saga Subsea er oppteken av rekruttering til teknologifaga, og har opplevd ei positiv interesse grunna koplinga til «Maktens havn».
Turisme er også ei næring for framtida. Saman med Karmøy kommune arbeider prosjektet for vidareutvikling av ei fagleg godt forankra kulturturisme. Særleg ønsker ein å bidra til å heve satsinga på mellomalderen. Saman med Olavskyrkja, pilegrimssenteret og kongsgardsruinen, gjer resultata frå hamneundersøkingane Avaldsnes til ein stad der mellomalderen verkeleg kan opplevast på nært hald.

Vidare planar og målsetjingar

Då prosjektet blei starta opp i 2019 såg me i første omgang for oss ei 5-årig satsing. Av ulike grunnar tok det tid før prosjektet kom ordentleg i gong, og tidsramma har difor også flytta seg. Slik me nå tenker oss vegen vidare, er dette prosjektet ei langsiktig ramme for vår forsking på Avaldsnes.
Me har mange målsetjingar me vil arbeida vidare med. Det å støtte PhD-prosjekta er sentralt dei næraste åra. Ein har også planar om å publisere forsking om fleire av monumenta langs leia, først om Storhaug og Fem dårlege jomfruer, seinare også mellom anna Reheia og Salhushaugen. Med utgangspunkt i kartleggingane i hamneanlegga tek ein sikte på å vidareutvikle forskinga om korleis hamneområdet har utvikla seg frå jernalder opp til etter-refomatorisk tid. Kva slags type aktivitet er det som har utspelt seg i hamna? Kan vidare undersøkingar av kulturmiljøa i sjø og på land utfordre eller underbyggje kunnskapen om kongsgarden og hanseatane sitt Nothow? Eit særskild, langsiktig mål er å auke kunnskapen om Avaldsnesskipet. Draumen er å heve skipet og stille det ut på Avaldsnes som eit midtpunkt i utstillingar som formidlar Avaldsnes som ei maktens hamn.
I prosjektet har me fokus på å vere synlege og spreie informasjon om kva me held på med. Det me så langt har gjort på Avaldsnes har vore godt dekka i media, og særleg av Haugesunds Avis. På Facebook-sida vår legg me ut foto frå feltarbeid, som me håpar vekker interesse blant både fagfolk og publikum.

https://www.facebook.com/maktenshavn

Trykk her for å komme tilbake til frá haug ok heiðni 

Vidare lesing

Skre, D. (red.) 2020: Rulership in 1st to 14th century Scandinavia. Royal graves and sites at Avaldsnes and beyond. Reallexikon der Germanischen Altertumskunde. Erganzungsbande 114.

Elvestad, E. & A. Opedal 2019: Maritime-archaeological investigations of the Hanseatic harbour at Avaldsnes. I: Mehler, N. et al. (red.) AmS-Skrifter 27, 217-236.

Fyllingsnes, F. 2019: Notau – the Hanseatic harbour at Avaldsnes, south-west Norway: written sources, maps and place-names. I: Mehler, N. et al. (red.) AmS-Skrifter 27, 209-216.

Gautesen, A. 1998. Gloppe – et lokalt sentrum gjennom skiftende tider. Årbok for Karmsund Folkemuseum 1997-1998, 133-153.