Biblioteket har signert ny avtale med forlaget Taylor & Francis

Etter lange forhandlingar er ein ny nasjonal avtale med Taylor & Francis no på plass, og UiS har underteikna avtalen.

Published Sist oppdatert

Taylor & Francis logo

Dette er gode nyheiter for oss på Arkeologisk museum. Vi beheld dermed open tilgang til fleire viktige tidsskrift innan våre fagområde (sjå eit utval under), og kan publisere artiklar med open tilgang i forlagets hybridtidsskrift utan forfattarbetaling (innafor ein årleg kvote).

Les meir om avtalen her.

Ta gjerne ein kikk på bibliotekets nettsider om open publisering for meir informasjon.

Tidsskrift som er med i avtalen:

Norwegian archaeological review

Studies in conservation

World archaeology

Medieval archaeology

Journal of the Institute of Conservation

Journal of museum education

Museum management and curatorship

Lurer du på noko om publisering? Ta gjerne kontakt med biblioteket.