"Bronto Biff på Café Olala" - omgrep og språkleik

"Bronto Biff på Café Olala av Nuh Diep inneheld tekst og bilder som byr på utfordringar for lesaren og gir inngangar til utforskande samtalar med barn.

Published Sist oppdatert

Bronto Biff på Café Olala

Presentasjon av boka
Skal det vere eit Artisjokkhjarte i djup sorg, eller kva med Krabbetorsk på veg heim? Dette er utdrag frå menyen på Café Olala, restauranten dinosauren Bronto Biff bestemmer seg for å besøkje første gong han skal gå på restaurant.

For Bronto Biff har eit problem, eller ei utfordring om du vil; han et berre svart mat. Dag ut og dag inn, året rundt. «Det må då finnast noko meir i livet enn dette?» tenkjer han ein dag. Og det er då han bestemmer seg for å gå på restaurant, og på Café Olala, denne dagen, er alt gratis.

Boka i bruk
Bronto Biff på Café Olala har mange inngangar til korleis ein kan ta denne teksten i bruk. Det er ei bok ein kan lese gong på gong. Ein kan:

  • Jobbe med fargar
  • Snakke om mat og arbeide med kategorisering
  • Bruke menyen på Cafè Olala som inspirasjon til språkleik
  • Lukte og smake. Bronto Biff luktar og smakar på maten, kvifor ikkje barna?
  • Snakke om helse og haldningar til mat

Fanga barna si interesse
Boka fall i smak hos barna med ein gong. Dei smålo av menyorda på restauranten. Den store bæsjen - som er det naturlege resultatet av Bronto Biff sin enorme appetitt - var og er hysterisk morosam. Og kva mat er eigentleg svart? Dei første gongane boka blei lese, blei brukt til samtale. Omgrep som diett, meny, restaurant, kelner og husets spesialitet blei grundig utforska. Barna fekk også teikna etter at dei hadde høyrt på historia. Nesten alle valte å teikne bæsj.

Dei neste gongane snakka me om mat. Bronto Biff er opptatt av mat med ulike farge. Eg hadde tatt med mange forskjellige matvarer og eg og barna samtala om fargen på maten, over- og underomgrep som frukt og grønsaker, og me snakka om kor maten kjem frå. Kva er eigentleg kaviar og leverpostei? Kor kjem fiskepuddingen frå, og for ikkje å snakke om makrell i tomat? Og veks maten i jorda, eller over jorda?

Samtalar med barna
I påfølgande lesestunder utvikla samtalen seg vidare: Me samtala om kva mat er og om kvifor kroppen treng mat. Korleis kjennes det i kroppen når me er mette? Barna måtte sjølvsagt kjenne etter om dei nå var mette eller svoltne. Kvifor må me ete og kvifor treng kroppen mat? Det blei ein lang samtale der barna viste stort engasjement. Me smakte også på forskjellige matvarer og fann smakar som surt, søtt, salt, bittert, godt, ringt. På same måte som Bronto Biff smakar og luktar på maten, måtte me også prøve ut. Me har hakka opp grønsaker og laga dip og mot slutten av dette leseprosjektet laga barna tacobuffet til alle dei andre barna i barnehagen. Maten smakte nydeleg.

Erfaringer
Bronto Biff på Cafè Olala er ei svært kjekk bildebok å jobbe med. Tekst og bilde byr på utfordringar for lesaren og gir inngangar til utforskande samtalar med barn. Boka er langt i frå ferdiglest.
 

Skrevet av Mariann Ims, St. Johannes barnehage