Norsk trinn 1-4 (MGL1120)
Emnet gir eit første grunnlag for norskundervisning med vekt på trinn 1-4. Sentralt står språklege og litterære emne, fagdidaktiske spørsmål og arbeid med dei grunnleggande ferdigheitene, særleg munnleg kommunikasjon og den første lese- og skriveopplæringa. Meir spesifikt dreier emnet seg om fonologi, morfologi, semantikk og litteraturdidaktikk, som vil bli relatert til sjangrar som forteljing, eventyr og biletbok. Ein arbeider dessutan med multimodalitet innanfor ulike sjangrar og elevtekstar for 1.-4. trinn. Emnet legg òg vekt på at studentane skal utvikle sine eigne språkferdigheiter og sin eigen tekstkompetanse og formidlingsevne.
Dette er emnebeskrivelsen for studieåret 2023-2024. Merk at det kan komme endringer.
Emnekode
MGL1120
Versjon
1
Vekting (Sp)
15
Semester undervisningsstart
Haust
Antall semestre
1
Vurderingssemester
Haust
Undervisningsspråk
Norsk
Innhald
Lærarutdanningsfaget norsk er eit samansett og mangfaldig språk-, kultur- og litteraturfag og ein praksisarena for kvalifisert arbeid med språk og tekstar - i ulike sjangrar og modalitetar, frå fortid og samtid. Faget legg eit viktig grunnlag for kulturforståing, danning og kritisk tenking, særleg gjennom innsikt i korleis språk og tekstar formar og blir forma av kulturelle fellesskap. Norskfaget har ein historisk og nasjonal basis samtidig som allmenne og internasjonale perspektiv er sentrale for forståinga av det samfunnet vi er ein del av. Noreg er eit fleirkulturelt samfunn i endring, og norskfaget må heile tida utviklast i tråd med samfunns-utviklinga.
Som språkfag har norsk ein særeigen posisjon. Språket spelar ei fundamental rolle for læring, kritisk tenking og kommunikasjon. Det heng såleis tett saman med identitetsutviklinga til den einskilde språkbrukaren og med kultur- og samfunnsutviklinga gjennom historia. Samtidig er språket inngangen til aktiv deltaking i arbeidsliv og demokratiske prosessar. Gjennom arbeid med språk og tekstar skal lærarutdanningas norskfag legge grunnlaget for at studentane på kvalifisert vis kan bidra til at elevar blir trygge og aktive språkbrukarar som utviklar språk- og tekstkunnskap tilpassa trinn og alder.
Litterære tekstar går i aktiv dialog med kulturens utvikling og spenningar, livsvilkår og tenkemåtar. Både fiksjons- og saktekstar gir innsyn i kulturelle og historiske referanserammer og innbyr til refleksjon og kritisk tenking. Skjønnlitteratur har på same tid eit særleg potensial for styrking av førestellingsevne og empati. Arbeid med tekstar i ulike medium og sjangrar og frå ulike perspektiv - estetiske, kommunikative, kulturelle og historiske - skal legge grunnlaget for gode tekstval og fagleg litteraturarbeid som innbyr elevar på trinn 1-4 til oppleving og tolking, nyskaping og kritisk refleksjon.
Å lytte og tale, lese og skrive, sjå og vise er sentrale aktivitetar i all kommunikasjon og læring. Norskfaget gir spesialisert kunnskap om slike prosessar og rikeleg høve til å praktisere dei i fagleg arbeid. Studentane skal vidareutvikle evna til å vurdere og diskutere eigne og andres tekstar og til å bruke relevante tekstar og medium i fagleg arbeid. Dei skal lære å forstå korleis elevar utviklar og vidareutviklar grunnleggande munnleg og skriftleg tekstkyndigheit, og dei skal rustast til fagspesifikk undervisning i lesing, skriving og munnleg aktivitet tilpassa elevar med ulik bakgrunn og varierande ferdigheiter på trinn 1-4.
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten:
- har kunnskap om språket som system og språket i bruk, med særleg vekt på fonologi, morfologi og semantikk
- har god kunnskap om barns språkutvikling
- har kunnskap om kva som kjenneteiknar munnlege, skriftlege og multimodale tekstar, på bokmål og nynorsk, i ulike sjangrar og medium
- har kunnskap om eit utval skjønnlitterære tekstar, på bokmål og nynorsk, med vekt på litteratur for barn
- har brei kunnskap om metodar i den første lese- og skriveopplæringa for elevar med norsk som førstespråk og elevar med norsk som andrespråk
- har kunnskap om kartleggingsprøver, nasjonale prøver og læremiddel for trinn 1-7, både digitale og andre
- har kunnskap om planlegging, gjennomføring og evaluering av elev- og klassesamtaler
Ferdigheiter
Studenten:
- kan bruke kunnskap om språk og språkutvikling i språkstimulerande arbeid og gjere greie for fagdidaktiske val som skal fremje munnleg språkutvikling for alle elevar
- kan bruke kunnskap om kva som kjenneteiknar ulike tekstar og sjangrar i arbeid med munnlege og multimodale tekster i ulike medium
- kan bruke ulike metodar i den første lese- og skriveopplæringa for elevar med norsk som førstespråk og elevar med norsk som andrespråk
- kan kartlegge og vurdere lese- og skriveferdigheiter og gi læringsfremjande respons til alle elevar
- kan kjenne att teikn på lese-, skrive og språkvansker
- kan vurdere ulike norskfaglege læremiddel, digitale og andre
- meistrar skriftleg nynorsk og bokmål
Generell kompetanse
Studenten:
- kan legge til rette for at elevane utviklar grunnleggande språkferdigheiter og blir tekstkyndige språkbrukarar som kan delta aktivt i klasserommet og på andre sosiale arenaer
- kan planlegge norskundervisning i sentrale emne for 1-4 trinn og gjere greie for elevtilpassa fagdidaktiske val
- kan vurdere praksis på 1.- 4. trinn med gjeldande læreplanar, fagkunnskap og fagdidaktisk innsikt som grunnlag
- kan skrive enkle akademiske tekstar
Forkunnskapskrav
Eksamen / vurdering
Vurderingsform | Vekting | Varighet | Karakter | Hjelpemiddel |
---|---|---|---|---|
Skriftleg eksamen | 1/1 | 5 Timar | Bokstavkarakterar |
Målform: Bokmål.Hjelpemiddel: Publiseres på Canvas i god tid før eksamen.