Hopp til hovedinnhold

Norsk trinn 1-4 MGL1120

Emnet gir eit første grunnlag for norskundervisning med vekt på trinn 1-4. Sentralt står språklege og litterære emne, fagdidaktiske spørsmål og arbeid med dei grunnleggande ferdigheitene, særleg munnleg kommunikasjon og den første lese- og skriveopplæringa. Meir spesifikt dreier emnet seg om fonologi, morfologi, semantikk og litteraturdidaktikk, som vil bli relatert til sjangrar som forteljing, eventyr og biletbok. Ein arbeider dessutan med multimodalitet innanfor ulike sjangrar og elevtekstar for 1.-4. trinn. Emnet legg òg vekt på at studentane skal utvikle sine eigne språkferdigheiter og sin eigen tekstkompetanse og formidlingsevne.


Dette er emnebeskrivelsen for studieåret 2021-2022. Merk at det kan komme endringer.

Fakta
Emnekode

MGL1120

Vekting (SP)

15

Semester undervisningsstart

Haust

Antall semestre

1

Vurderingsemester

Haust

Undervisningsspråk

Norsk

Tilbys av

Fakultet for utdanningsvitskap og humaniora , Institutt for grunnskulelærarutdanning, idrett og spesialpedagogikk

Læringsutbytte

Kunnskap

Kandidaten:

  • har kunnskap om språket som system og språket i bruk, med særleg vekt på fonologi, morfologi og semantikk
  • har god kunnskap om barns språkutvikling
  • har kunnskap om kva som kjenneteiknar munnlege og multimodale tekstar i ulike sjangrar og medium
  • har kunnskap om eit utval skjønnlitterære tekstar med vekt på litteratur for barn
  • har brei kunnskap om metodar i den første lese- og skriveopplæringa for elevar med norsk som førstespråk og elevar med norsk som andrespråk
  • har kunnskap om kartleggingsprøver, nasjonale prøver og læremiddel for trinn 1-7, både digitale og andre

Ferdigheiter

Kandidaten:

  • kan bruke kunnskap om språk og språkutvikling i språkstimulerande arbeid og gjere greie for fagdidaktiske val som skal fremje munnleg språkutvikling for alle elevar
  • kan bruke kunnskap om kva som kjenneteiknar ulike tekstar og sjangrar i arbeid med munnlege og multimodale tekster i ulike medium
  • kan planlegge, gjennomføre og evaluere elev- og klassesamtaler
  • kan bruke ulike metodar i den første lese- og skriveopplæringa for elevar med norsk som førstespråk og elevar med norsk som andrespråk
  • kan kartlegge og vurdere lese- og skriveferdigheiter og gi læringsfremjande respons til alle elevar
  • kan vurdere ulike norskfaglege læremiddel, digitale og andre
  • meistrar skriftleg nynorsk og bokmål

Generell kompetanse

Kandidaten:

  • kan legge til rette for at elevane utviklar grunnleggande språkferdigheiter og blir tekstkyndige språkbrukarar som kan delta aktivt i klasserommet og på andre sosiale arenaer
  • kan planlegge og gjennomføre norskundervisning i sentrale emne for 1-4 trinn og gjere greie for elevtilpassa fagdidaktiske val
  • kan vurdere eigen praksis på 1.-4. trinn med gjeldande læreplanar, fagkunnskap og fagdidaktisk innsikt som grunnlag
  • kan skrive enkle akademiske tekstar
Innhald

Lærarutdanningsfaget norsk er eit samansett og mangfaldig språk-, kultur- og litteraturfag og ein praksisarena for kvalifisert arbeid med språk og tekstar - i ulike sjangrar og modalitetar, frå fortid og samtid. Faget legg eit viktig grunnlag for kulturforståing, danning og kritisk tenking, særleg gjennom innsikt i korleis språk og tekstar formar og blir forma av kulturelle fellesskap. Norskfaget har ein historisk og nasjonal basis samtidig som allmenne og internasjonale perspektiv er sentrale for forståinga av det samfunnet vi er ein del av. Noreg er eit fleirkulturelt samfunn i endring, og norskfaget må heile tida utviklast i tråd med samfunns-utviklinga.

Som språkfag har norsk ein særeigen posisjon. Språket spelar ei fundamental rolle for læring, kritisk tenking og kommunikasjon. Det heng såleis tett saman med identitetsutviklinga til den einskilde språkbrukaren og med kultur- og samfunnsutviklinga gjennom historia. Samtidig er språket inngangen til aktiv deltaking i arbeidsliv og demokratiske prosessar. Gjennom arbeid med språk og tekstar skal lærarutdanningas norskfag legge grunnlaget for at studentane på kvalifisert vis kan bidra til at elevar blir trygge og aktive språkbrukarar som utviklar språk- og tekstkunnskap tilpassa trinn og alder.

Litterære tekstar går i aktiv dialog med kulturens utvikling og spenningar, livsvilkår og tenkemåtar. Både fiksjons- og saktekstar gir innsyn i kulturelle og historiske referanserammer og innbyr til refleksjon og kritisk tenking. Skjønnlitteratur har på same tid eit særleg potensial for styrking av førestellingsevne og empati. Arbeid med tekstar i ulike medium og sjangrar og frå ulike perspektiv - estetiske, kommunikative, kulturelle og historiske - skal legge grunnlaget for gode tekstval og fagleg litteraturarbeid som innbyr elevar på trinn 1-4 til oppleving og tolking, nyskaping og kritisk refleksjon.

Å lytte og tale, lese og skrive, sjå og vise er sentrale aktivitetar i all kommunikasjon og læring. Norskfaget gir spesialisert kunnskap om slike prosessar og rikeleg høve til å praktisere dei i fagleg arbeid. Studentane skal vidareutvikle evna til å vurdere og diskutere eigne og andres tekstar og til å bruke relevante tekstar og medium i fagleg arbeid. Dei skal lære å forstå korleis elevar utviklar og vidareutviklar grunnleggande munnleg og skriftleg tekstkyndigheit, og dei skal rustast til fagspesifikk undervisning i lesing, skriving og munnleg aktivitet tilpassa elevar med ulik bakgrunn og varierande ferdigheiter på trinn 1-4.

Forkunnskapkrav
Ingen
Eksamen / vurdering
Vurderingsform Vekting Varighet Karakter Hjelpemiddel
Skriftleg eksamen 1/1 4 Timar A - F Gjeldande læreplan. , Ordbok.

Målform: Bokmål.

Vilkår for å gå opp til eksamen/vurdering
Innlevering av fagtekst og presentasjon av fagleg emne, Obligatorisk undervisning
Studenter som får én eller flere av arbeidskravene vurdert til ikke-godkjent ved første innlevering, gis mulighet for én ny innlevering av oppgaven(e) i bearbeidet form. Undervisninga er lagt opp slik at det norskfaglege lærestoffet skal relaterast til læraryrket gjennom fagdidaktiske refleksjonar saman med studentane. Det er derfor eit krav om minimum 70 % oppmøte i norskundervisninga.
Fagperson(er)
Faglærar: May-Britt Syltern Nerland
Faglærar: Hanne Egenæs Staurseth
Faglærar: Ingri Dommersnes Jølbo
Emneansvarleg: Ingri Dommersnes Jølbo
Faglærar: Gølin Christine Kaurin Nilsen
Faglærar: Eli Flatekval
Studiekoordinator: Jørgen Jakobsson
Praksiskoordinator: Ivar Bjørnsen
Studiekoordinator: Kjersti Gjedrem
Praksiskoordinator: Kitty Marie Garborg
Arbeidsformer
Arbeidsmåtar i Norsk 1 vil vere førelesningar, seminar, gruppearbeid, individuelt arbeid og oppgåveskriving. Praktisk-estetiske arbeidsmåtar blir trekt inn på emneområde som ligg til rette for det, for eksempel norsk munnleg.
Åpent for
Grunnskulelærarutdanning for trinn 1-7, femårig masterprogram
Emneevaluering
Emnet har fagutval der 2 studentar er representert. Tidlegdialog og sluttevaluering skal gjennomførast kvart semester slik kvalitetssystemet ved UiS tilseier.
Litteratur
Søk etter pensumlitteratur i Leganto