Hopp til hovedinnhold

4, 1 mill. til EVU-kurs i bruk av datamaskin og nettbrett i klasserommet

Kursa skal ha likt fokus på konkret bruk av datamaskin og nettbrett og refleksjon rundt bruken av dei

Publisert: Endret:

I dei seinare år har både forsking, faglitteratur og ulike medieoppslag etterlyst sterkare koplingar mellom faglege og læringsmessige perspektiv på bruk av datamaskiner i klasserommet.

Dette er bakgrunnen for at UiS etter- og videreutdanning (EVU) vil utvikle kurs i korleis ein kan bruke digitale verktøy på ein pedagogisk måte som fremjar læring. I tillegg skal ein sjå på vurderingsformar.

Digitaliseringa av skulen

Det store inntoget av datamaskinar i norsk skule byrja i vidaregåande skular rundt 2010 og har sidan krype nedover i skuleslaga, særleg i form av Google Chromebooks og nettbrett.

Det er også stor merksemd rundt digitale ferdigheiter i skulens læreplanverk både på overordna nivå og i læreplanane til dei einskilde faga.

Meir bevisst

I dag har alle vidaregåande skular ei datamaskin per elev som norm, og nettbrett og datamaskiner er vanleg som verktøy i klasserommet heilt ned til første trinn. Det har blitt kalt det store digitaliseringseksperimentet i norsk skule.

– Kursa vi skal utvikle vil gi skular og lærarar ballast for meir bevisst bruk av digitale hjelpemiddel, seier rådgjevar Tonje Hansen i UiS EVU.

Det skal i alt utviklas fire 15 studiepoengs emner.

Mange søknadar

I alt fekk Diku (Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning) inn 109 søknadar om midlar til fleksible utdanningstilbud. Søknadane  blei vurdert av ein ekstern vurderingskomité, oppnemd av Diku. 59 av dei 109 søknadane fekk støtte.

UiS fekk også støtte til fleksibel og distriktsvenleg sjukepleiarutdanning.

Sjå heile lista over kven som fekk støtte på regjeringa.no.

Tekst: Elin Nyberg