Verdifullt samarbeid om sommarskule for doktorgradskandidatar

– Sommarskulen skil seg frå andre kurs ved at mykje av læringa ligg i den aktive deltakinga og høvet til å diskutere og reflektere over andre sine prosjekt og problemstillingar, seier ein av ph.d.-kandidatane som deltok på årets sommarskule ved Roskilde universitet.

Published Sist oppdatert
Mann sitter ved pult i undervisningsrom og følger med på forelesning
Foto: PROFRES

Forskarskulen PROFRES deltok nyleg med seks deltakarar på Roskilde universitetet (RUC) si internasjonale sommarskule for ph.d.-kandidatar.

PROFRES sitt partnarskap i sommarskulen er ein del av eit etablert samarbeid som har vore aktivt sidan 2017.

– Sommarskulen er eit flott tilbod, som gir både junior- og seniorkollegaer høve til felles refleksjon og diskusjon om kva det inneber å drive med forsking, og kva ideal og realitetar som møter oss som forskarar i ulike erfarings- og praksisnære felt, seier professor Birgitta Haga Gripsrud.

Ho er leiar av forskarskulen og deltok saman med fire ph.d.-kandidatar og eit anna medlem av staben. Ho får støtte frå ph.d.-kandidat Jannicke Rabben.

– Det har vore veldig nyttig for meg å få meir kunnskap om ein annan forskingstradisjon enn den eg sjølv er plassert i, og sjølv om alt derfor ikkje rettar seg direkte inn mot mitt eige felt, så opplever eg at dette kurset vil styrke utdanninga mi som forskar, seier Rabben som er doktorgradsstipendiat ved Universitetet i Agder.

Refleksjon i grupper 

Under sommarskulen fekk alle 15 deltakarane leggje fram eigne tekster til rettleiing i grupper på 7-8 ph.d.-kandidatar, med to-tre junior og seniorstab som faglege rettleiarar i prosessen.

PROFRES-leiar Birgitta Haga Gripsrud fortel at gjennom gruppearbeidet blir både særmerke ved dei einskilde ph.d.-prosjekta belyst, samstundes som ein får høve til å drøfte sentrale tema som går på tvers. Dette gjeld til dømes forholdet mellom teori og empiri, forskingsspørsmål og metodeval, samt forskarrolle og forskarsubjektivitet.

– Sommarskulen er unik med tanke på vekta lagd på presentasjonar og refleksjonar. Det var ei så innsiktsfull læringsoppleving både når det gjeld å presentere mitt eige arbeid, og å reflektere over andre sitt. Dessutan fekk eg tilbakemeldingar som eg trong for å vidareutvikle manuskriptet mitt, seier Tesfahun Alemayehu Terrefe, som er doktorgradsstipendiat ved Nord universitet og deltakar i forskarskulen PROFRES.

Gripsrud meiner at sommarskulen tilbyr eit unikt læringsmiljø ikkje berre for doktorgradskandidatane, men også for lærarane. Dette er PROFRES-kollega Ingrid Hogstad samd i etter å ha delteke på sommarskulen for første gong.

– Det har vore fire dagar med tett fagleg program som har stilt høge krav til meg som fagperson. Den tryggleiken som vart etablert tidleg i gruppa gjorde det trygt å bidra inn i diskusjonar og med faglege foredrag, seier ho.

– Opplegget til sommarskulen for tekstarbeid har vore så inspirerande og velfungerande, at vi har teke med oss denne læringsmodellen inn i PROFRES som ein av kjerneaktivitetane våre. Vi kallar denne modellen for «tekstar i prosess», legg Gripsrud til, og påpeikar at dette er eit høgt verdsett tilbod i forskarskulen.

Problemorientert læring  

Gruppebilde av deltakere på sommerskole som smiler i kamera
Sommarskulen tilbyr eit unikt læringsmiljø for kandidatane, men òg for etablerte forskarar, meiner professor Birgitta Haga Gripsrud. Foto: PROFRES

Roskilde universitet er kjent for filosofien og praksisen sin med problemorientert læring, og har lykkast i å utvikle ein institusjon der all læring blir knytt til konkrete problemstillingar. Det vil sei at læringa og forskinga skjer i tverrfaglege miljø, og ikkje innanfor enkeltståande fagområde.

– Det er openbert at den pedagogiske tilnærminga til universitetet òg er veldig nyttig for kandidatane våre. Alle blir utfordra til å tenkje gjennom «kva er problemet?» i mitt prosjekt, eller i denne artikkelen. ‘Problemet’ kan mellom anna vere ei samfunnsutfordring, eit profesjonsdilemma, ein kunnskapsmangel i forskinga eller ein metodologisk utfordring, seier ho.

Ved å stille spørsmål på denne måten blir ein gjort klar over relevansen i eiga forsking. Ved å tenkje gjennom kva som eigentleg er problemet, blir ein dessutan tvinga til å gjere synleg den tause kunnskapen eller forforståinga som ein gjerne tek med seg inn i eige prosjekt.

– Dette er kanskje ei særleg viktig øving for forskarar som har profesjonsbakgrunn og som skal forske i eige praksisfelt, seier Gripsrud.

Leder av PROFRES

Professor i humanistisk helseforskning og psykososiale studier
Det helsevitenskapelige fakultet
Avdeling for omsorg og etikk