Dorothea Günther – Frå tryggleik til uro under framveksten av nazismen

Onsdag 17. september 2025 kl. 11:30-12:00,
VID Stavanger, Misjonsmarka 12.

Opning av fotoutstillinga om den tysk-jødiske prestefrua i Oslo og livet hennar før og under nazistane

Publisert Sist oppdatert

Denne fotoutstillinga kastar lys over historia til Dorothea Günther (1876–1943). Ho sette preg på den tyske evangelisk-lutherske kyrkjelyden i Oslo, før den jødiske bakgrunnen hennar pressa ho ut av alle sosiale posisjonar.

Dorothea Günther var opphavleg tysk, og vart ei sentral skikkelse i den tyske evangeliske kyrkjelyden i Oslo i første halvdel av 1900-talet. Samtidig hadde ho jødisk bakgrunn, og då nazistane kom til makta i 1933, vart posisjonen hennar truga.

Utstillinga fortel i tekst og bilete om livet og arbeidet hennar som den første prestefrua i den tyske evangeliske kyrkjelyden. Ikkje minst fortel ho historia om kva som hende då nazistane kom til makta, familiemedlemmar miste jobbane sine og Dorothea sjølv vart pressa ut av dei sosiale posisjonane ho hadde hatt.

Samtidig balanserte ektemannen mellom å verne familien og å drive aktiv propaganda for det tyske regimet.

Utstillinga er laga av Veline Backofen, Frieder Ludwig og Joar Haga. Ho vert vist ved VID Stavanger frå 17. til 22. september.

Utstillinga har vorte til som ein del av forskingsprosjektet «Connected Histories – Contested Values. World Lutheranism and Decolonisation: Processes of Transloyalties, 1919–1970» 

Eldre sort-hvitt bilde av en kvinne og teksten Forskingsdagane