Forskingsnotat om digitalisering kan vere vegvisar for lærarar og skular

Forskar Synnøve H. Amdam trur det ferskaste forskingsnotatet frå GrunnDig kan hjelpe lærarar og skuleleiarar til å sjå kor dei er i digitaliseringsprosessen og kor vegen går vidare.

Published Sist oppdatert
GrunnDig

Forkorting for Digitalisering i grunnopplæring: kunnskaper, trender og framtidig forskningsbehov. Samarbeidsprosjekt mellom KSU, UiO og Høgskulen i Volda. Målsetting: få oversikt over forsking og erfaring, bidra til meir einskapleg omgrepsbruk, førebu eit større forskingsprosjekt og bidra til betre formidling av nyare forsking om digitalisering i grunnopplæringa i Norge. Formidling: Forskinga skal formidlast blant anna gjennom forskingsnotat, og denne infoartikkelen handlar om det sist publiserte av desse forskingsnotata.

Nøkkelen er å utvikle samarbeidsprosjekt lokalt, der ein tar utgangspunkt i dei lærarane og skulekulturane ein har og byggjer vidare på den kunnskapen som er der frå før.

Synnøve H. Amdam , forskar i GrunnDig-prosjektet

Denne veka blei forskingsnotatet «Hvilke digitale kompetanser bør framtidens lærere ha?» publisert, som det siste i rekka frå GrunnDig-prosjektet. Dette forskingsnotatet baserer seg på det systematiske kunnskapsoversynet «A review of research exploring teacher preparation for the digital age», gjennomført av Louise Starkey i 2020.

Starkeys artikkel tar føre seg 48 studiar i perioden frå 2008 til 2018. Utvalet er internasjonalt, og fleire av artiklane er norske.

Synnøve H. Amdam, til dagleg høgskulelektor og ph.d.-kandidat ved Høgskulen i Volda (HVO), som disputerer til hausten, er ein av forskarane i GrunnDig-prosjektet. Ho har her hatt ansvar for å velja ut kva systematisk kunnskapsoppsummering det skulle lagast forskingsnotat av, og enda då opp med gjennomgangen til Starkey.

Portrett av Synnøve H. Amdam
Synnøve H. Amdam er høgskulelektor og ph.d.-kandidat ved Høgskulen i Volda og ein av forskarane i GrunnDig-prosjektet. Her frå NKUL-konferansen i mai, då ho var ein av fleire medarbeidarar i prosjektet som heldt opningsforedraget. (Foto: Leif Tore Sædberg)

– Starkeys artikkel ser på ulike perspektiv ved utvikling av digital kompetanse blant lærarar, der profesjonsfagleg digital kompetanse (PfDK) er sett på som ein tredje fase i digital utvikling -  etter utvikling av generell digital kompetanse og å lære å integrere teknologi i undervising og læringsarbeid. Sjølv om artikkelen primært tek for seg lærarutdanning, er han òg relevant for etter- og vidareutdanning av lærarar. Eg trur han kan fungere som eit fint bakteppe for å diskutere kvar vi er i dag når det gjeld PfDK i Norge, grunngir Amdam.

Kva ligg eigentleg i omgrepet PfDK?

– PfDK – altså «profesjonsfagleg digital kompetanse» -  kom i norsk samanheng tydeleg inn i skulesektoren med eit rammeverk frå Utdanningsdirektoratet i 2017, som ei tilråding om læringsutbytte. Altså kva både elevar og lærarar bør kunne om digital utvikling - og korleis ein skal klare å byggje desse ferdigheitene, kunnskapane og haldningane. I tillegg gjer det greie for kva vi vil med denne kompetansen (det er eit ganske normativt rammeverk), noko som i korte trekk er kva elevane skal sitje igjen med etter endt skulegang, for å kunne delta i det digitale samfunnet. På mange måtar kan fokuset i PfDK-rammeverket sjåast som neste fase i den utviklinga forskingsnotatet skisserer fram til 2018, ein fase der ein er oppteken av innhaldet i skulen sitt fokus på digital utvikling heller enn av den digitale integrasjonen i seg sjølv som Starkey presenterer.

Fire representanter fra UiS på konferanse
Synnøve H. Amdam (f.v.) presenterte resultat frå GrunnDig-prosjektet under NKUL-konferansen i vår, saman med sine medforskarar Sanna E. Forsström, Morten Njå og Øystein Gilje. (Foto: Leif Tore Sædberg)

– Korleis har vi fokusert på PfDK i Norge?

– PfDK har særleg vorte eit fokus i lærarutdanningane i Norge så langt, rammeplanen til grunnskulelærarutdanninga har til dømes fått inn krav om at dei som tek utdanninga skal ha profesjonsfagleg digital kompetanse etter endt utdanning, og ein har hatt lærarspesialistutdanning i PfDK. Frå 2018 til 2021 hadde ein også ei større prosjektsatsing nasjonalt der fem lærarutdanningsinstitusjonar fekk tildelt til saman 90 millionar til å utvikle PfDK både blant lærarutdannarar, studentar og i praksisfeltet. Sjølv var eg prosjektleiar for denne satsinga ved Høgskulen i Volda

Kva kan resten av skule-Norge lære av desse satsingane, tenkjer du?

– Mange av erfaringane frå desse prosjekta er no forska på og presentert i eit temanummer av Nordic Journal of Digital Literacy som kom i april. (Temanummeret handlar om korleis utvikle lærerstudentar og lærarutdannarar sin profesjonsfaglege digitale kompetanse. Det baserer seg på eit nasjonalt, tre-årig prosjekt ved fem lærarutdanningsinstitusjoner i 2018-2021 med mål om at profesjonsfaglig digital kompetanse skulle innarbeidast i alle delar av lærarutdanningsprogramma.)

Ikkje overraskande ser ein at faktorar som også er viktig elles i skulesektoren er avgjerande for å få til ei digital utvikling. Ei aktiv og godt orientert leiing er ein slik viktig faktor, ein annan faktor er avsett tid til å både utvikle kompetanse, samarbeide om utvikling av både fagspesifikk og tverrfagleg undervising og erfaringsdeling. Som elles i sektoren handlar det om å byggje ein robust organisasjon for utvikling som ikkje er avhengig av enkeltpersonar – av eldsjeler som brenn heilt til dei brenn ut.

Det handlar om å byggje ein robust organisasjon for utvikling som ikkje er avhengig av enkeltpersonar – av eldsjeler som brenn heilt til dei brenn ut.

Synnøve H. Amdam , forskar i GrunnDig-prosjektet

Kvifor er PfDK eit så viktig forskings- og fagfelt?

– Fordi det framleis er slik at når ein snakkar om digitalisering, så fokuserer ein ofte på dei digitale «dingsane.» Men det avgjerande er lærarane sin digitale kompetanse. Og at dei er trygge på å bruke ulike verktøy og prøve ut ulike praksisar, er villige til å lære av kvarandre, byggje seg nettverk og utvikle seg som undervisarar. Denne prosessen kjem ikkje av seg sjølv. Difor må me undersøke vidare i forskinga kva som fungerer av gode opplæringstilbod for lærarane - ettersom elevane si læring er svært avhengig av lærarane si læring på dette feltet. Me må finne ut korleis ein førebur ein best lærar på å vere lærar i ei digital tid.

Og korleis gjer ein det?

– Erfaringa mi: nøkkelen er å utvikle samarbeidsprosjekt lokalt, der ein tar utgangspunkt i dei lærarane og skulekulturane ein har og byggjer vidare på den kunnskapen som er der frå før, gjennom å vise moglegheiter og prøve seg fram praktisk saman. Det handlar om å vidareutvikle den verktøykassa ein allereie har for pedagogisk og fagleg arbeid. Men òg å utvikle ei felles forståing om målet for utviklinga, både hjå lærarane, leiinga og elevane. For ikkje å gløyme foreldra.

Mann sett bakfra, digitalisert bilde
Starkey delar graden av digital integrasjon hjå lærarar inn i tre fasar, ei inndeling som kan vera til nytte for skular som driv med digital kompetanseutvikling.(Illustrasjonsfoto: Getty Images)

Korleis kan ein jobbe konkret med å utvikle den digitale kompetansen vidare, slik du skisserer her?

– Eit godt døme er DEKOMP-samarbeidet, der ein ser at velfungerande løysingar er skapt i mange regionar. UH-sektoren og dei tilknytte skulane har i mange tilfelle her i fellesskap funne fram til ordningar som har gitt gode erfaringar og god læring. I regionen vår – Møre og Romsdal – har dette konkret skjedd gjennom til dømes arbeidsplassbasert etterutdanning og felles utvikling av ulike digitale ressursar. I den samanhengen har ein sett at ein må jobbe med leiarutvikling, skulekultur og skulepraksis. Nettopp her kan det systematiske kunnskapsoversynet og det meir forenkla forskingsnotatet vere til hjelp.

På kva måte?

– Starkeys analyse, og det tilhøyrande forskingsnotatet, kan nyttast til å reflektere over spørsmålet «Kvar er vi?» –underforstått i den digitale prosessen. Starkey skisserer tre fasar av det ein kan kalle digital integrasjon eller modning, altså i kor stor grad lærarane sin PfDK er utvikla:

  • Første fase er det ein kan kalla «Generell digital kompetanse», som viser til tidspunktet eller perioden då introduksjonen av digitale ressursar i skulekontekstar skjedde og der fokus blir på å kunne bruke og beherske digitale verktøy og ressursar i det heile.
  • Andre fase har fått namnet «Digital undervisningskompetanse,» der digitale ressursar er innarbeidd i skulekvardagen og fokus er på å bruke dei ulike ressursane på gode måtar i undervisinga.
  • Den tredje fasen, «Profesjonsfagleg digital kompetanse,» omtalar ein arbeidskvardag der digitale ressursar er ein del av alle sider av arbeidet til læraren; når dei blir ein integrert og naturleg del av yrkesutøvinga. I forlenginga av denne tredje fasen blir det også viktig å konkretisere kva slags digitalt fokus yrkesutøvinga skal vere gjennomsyra av, slik det norske rammeverket for PfDK tek for seg.
Lærer står over elever med pc-er i klasserom
Starkeys analyse, og det tilhøyrande forskingsnotatet, kan nyttast til å reflektere over spørsmålet «Kvar er vi?» i den digitale prosessen. (Illustrasjonsfoto: Getty Images)

Men det er eit stykke fram til ein slik «tredje fase»?

– Det er vel heller snakk om ulik digital modning, slik også Starkey peikar på. Lærarar, skular og kommunar har kome svært ulikt i den digitale utviklinga, og nettopp derfor kan forskingsnotatet og fasane der gi ein peikepinn på kvar ein er og kvar ein vil vidare. Det er ein viktig diskusjon som ein må ta lokalt, og der ein gradvis må bevege seg over frå fokus på teknologien sjølv til fokus på elevane si læring og kva kompetanse lærarane treng for å sette elevane i stand til å delta i det digitale samfunnet – frå digitale ferdigheiter til utvida perspektiv på digital danning. Litt flåsete kan eg jo seie at eg gler meg til den dagen me kan ta ordet «digital» vekk frå ordsamansettingar som til dømes «digital undervising» - for det er jo strengt tatt berre «undervising»!

Det ville ha vore ideelt?

– Ja, idealsituasjonen må vere når det digitale er så naturlig integrert i skulekvardagen at ein ikkje treng å snakka om «digitalt kompetente lærarar» – me snakkar jo trass alt ikkje om «papirkompetente lærarar» i dag …

Personer sitter ved datamaskin og diskuterer
Det er viktig at lærarar er trygge på å bruke ulike verktøy og prøve ut ulike praksisar, er villige til å lære av kvarandre, byggje seg nettverk og utvikle seg som undervisarar, viser forskinga. (Illustrasjonsfoto: Getty Images)

Synnøve H. Amdam er tilsett ved Institutt for digital kompetanse ved HVO, og har jobba med dette fagfeltet dei siste 20 åra. Ho har i denne perioden mellom anna vore prosjektleiar for DigiGLU, eit treårig prosjekt for utvikling av PfDK i grunnskulelærarutdanningane, for Læringsverkstaden og har vore med på å utvikle medielærarutdanning ved Høgskulen i Volda.

9. september disputerer Amdam for doktorgraden, med ei avhandling om nettopp lærarroller og undervisingspraksisar til medielærarar i teknologirike læringsmiljø.

Tekst: Leif Tore Sædberg, KSU

Les det nye forskingsnotatet - og dei tre tidlegare frå GrunnDig-prosjektet her: