God rektor, god skule, god læring

Kor mykje betyr rett person i rektorrolla for kvardagen til både elevar og tilsette ved ein skule? Eit nytt forskingsnotat frå Kunnskapssenter for utdanning (KSU) ser nærare på problemstillingane rundt skuleleiaren.

Published Sist oppdatert

FN rektor
Metaanalysen viste påviselege samanhengar mellom rektor si åtferd og alle dei tre utfallskategoriane (elevutfall, lærarutfall, skoleutfall). Samanhengane var moderate til sterke. (Foto: Getty Images)

Rektor-stillinga har tradisjonelt sett ikkje hatt ei formell utdanning, men etter at regjeringa la fram forslag om dette i 2008, har fleire utdanningsstadar i Norge byrja med eit utdanningsløp for denne leiarjobben. Mellom anna tilbyr Utdanningsdirektoratet ei eiga rektorutdanning, som er eit tilbod til skuleleiarar i grunnopplæringa og vidaregåande opplæring.

Merksemda på og medvitet om kor viktig rektor er for den enkelte skulen, er med andre ord i ferd med å auka. Kunnskapssenter for utdanning (KSU) presenterer nå det ferske forskingsnotatet «Rektor si rolle i bygginga av ein god skole», som tar føre seg dette temaet. Forskingsnotatet er utarbeidd av KSU og basert på ein internasjonal, systematisk kunnskapsoppsummering og metaanalyse.

Innleiingsvis skisserer forskingsnotatet det sentrale ved rektor sin posisjon:

«Korleis rektor leier skolen, verkar inn på organisasjonen (skolen) og dei som har kvardagen sin der (elevane og lærarane). Kor fornøgde lærarane er på jobb, blir mellom anna påverka av korleis rektor leier skolen, mens elevane sin trivsel og dei faglege resultata deira blir påverka av kor fornøgde lærarane er på jobb. Å ha rett person i rektorrolla er derfor viktig for å sikre eit godt læringsmiljø ved alle skoler og for å jamne ut forskjellar mellom skolar.»

I resultatdelen blir det poengtert kor viktig det kan vera for ein skule, og i eit samfunnsperspektiv, kor viktig det er å ha arbeidstilhøve som kan gjera rektoren sin jobb kan utførast på best mogleg måte:

«Det å avlaste rektorar ved belasta skoler og/eller ved skolar med lågt presterande elevar kan bidra til å jamne ut forskjellar mellom skoler og dermed òg forskjellar i samfunnet.»