Rektor si rolle i bygginga av ein god skole

Rektor speler ei viktig rolle for eit positivt lærings- og arbeidsmiljø ved skolen. Dette forskingsnotatet presenterer forsking på kva rektor bør gjere for at tilsette og elevar skal trivast og produsere godt.

Published Sist oppdatert
Forskingsnotat
Kva er eit forskingsnotat?

Eit forskingsnotat er ei forenkla og forkorta oppsummering av publiserte systematiske kunnskapsoversyn. Forskingsnotatet gjer forskinga mer tilgjengeleg og lesarvennleg.

Å avlaste rektorar ved belasta skoler og/eller ved skoler med lågt presterande elevar kan bidra til å jamne ut forskjellar mellom skoler og dermed òg forskjellar i samfunnet.

Korleis rektor leier skolen, verkar inn på organisasjonen (skolen) og dei som har kvardagen sin der (elevane og lærarane). Kor fornøgde lærarane er på jobb, blir mellom anna påverka av korleis rektor leier skolen, mens elevane sin trivsel og dei faglege resultata deira blir påverka av kor fornøgde lærarane er på jobb. Å ha rett person i rektorrolla er derfor viktig for å sikre eit godt læringsmiljø ved alle skoler og for å jamne ut forskjellar mellom skolar.

Kvinne står og holder på et ark i en gang
Å ha rett person i rektorrolla er viktig for å sikre eit godt læringsmiljø ved alle skolar og for å jamne ut forskjellar mellom skoler.(Foto: Getty Images)

Bakgrunn

Både rektorar, rektorutdanningar og tilbydarar av profesjonsutviklingsprogram for rektorar treng meir kunnskap om kva slags oppgåver rektor bør prioritere for å leie skolen inn i ei positiv utvikling. Rektorar har eit breitt spekter av ansvarsområde og oppgåver ved skulen, og dei kjem inn i rektorrolla med forskjellige faglege og profesjonelle bakgrunnar og med ulike personlege føresetnader til å utføre arbeidet. Forfattarane av kunnskapsoversynet som blir samanfatta her, bryt rektorgjerninga ned i fem kategoriar rektoråtferd:

  1. Undervisingsleiing: Omfattar rektor sine handlingar i forbindelse med undervisingspraksisar og implementering av læreplanen i skolen. Desse handlingane inkluderer mellom anna å støtte undervisingspraksisane til lærarane gjennom lærarevalueringar, klasseromsobservasjonar og tilbakemelding på undervising, samt planlegging av profesjonell utvikling for lærarane.
  2. Interne relasjonar: Viser til dei relasjonelle aspekta ved rektor si åtferd, som det å etablere og halde ved like gode relasjonar til elevar og familiane deira, og til lærarar og anna skolepersonale. Kategorien viser òg til rektor si handtering av interne konfliktar eller rektor si uformelle sosiale omgang med tilsette.
  3. Organisasjonsleiing: Omfattar handlingar som er knytt til den operative leiinga av dei meir langsiktige strategiane for organisasjonen, mellom anna budsjetthandtering, fasilitetsplanlegging, tilsetting av nytt personale og nettverksbygging med andre rektorar.
  4. Administrasjon: Til forskjell frå organisasjonsleiing viser denne kategorien til meir rutinemessig administrativt arbeid, som gjennomføring av vurderingssituasjonar, tilsyn med at lovar og regler blir følgt og oppfølging av elevfråvær eller elevkontakt.
  5. Eksterne relasjonar: Viser til rektor sin kontakt med partnarar utanfor organisasjonen, som kommune, organisasjonar eller medlemmer av lokalsamfunnet.

Både rektorar, rektorutdanningar og tilbydarar av profesjonsutviklingsprogram for rektorar treng meir kunnskap om kva slags oppgåver rektor bør prioritere for å leie skolen inn i ei positiv utvikling.

Rektor sin innverknad på organisasjonen blir likeins brote ned i tre kategoriar:

  1. Elevutfall: Denne kategorien blir vidare brote ned i fire underkategoriar: (a) betring i elevprestasjonar målt på standardiserte testar, til dømes årsprøve i rekning, (b) elevane sine faglege resultat eller karakterar, (c) talet på elevar som fell ut av skoleløpet eller ikkje fullfører på normert tid, og (d) elevane sin orden og oppførsel, som fråvær eller uønskt åtferd. Grunna for dårleg tilgang på data knytt til (c) og (d) blei berre (a) og (b) brukt i analysane.
  2. Lærarutfall: Òg denne kategorien blei brote ytterlegere ned i (a) talet på oppseiingar, inkludert lærarar sine planar om å returnere til eller forlate skolen, (b) arbeidsmiljøet i lærarkollegiet og (c) lærarane sine observerte eller rapporterte praksisar, både positive og negative.
  3. Skoleutfall: Denne kategorien omfattar (a) skolen si organisatoriske helse, som kor funksjonell eller effektiv skolen er, skolemiljø, sikkerheit eller skolen sin relasjon til nærmiljøet, og (b) talet på rektoroppseiingar, inkludert intensjon om å slutte i rektorstillinga.
lærer med viltre elever i klasserommet. foto: getty
Både rektorar, rektorutdanningar og tilbydarar av profesjonsutviklingsprogram for rektorar treng meir kunnskap om kva slags oppgåver rektor bør prioritere for å leie skolen inn i ei positiv utvikling. (Foto: Getty Images)

Føremål

Det , som tar i bruk metaanalyse , har som føremål å finne ut om rektor sine prioriteringar av tid og utvikling av ferdigheiter som skoleleiar er knytt til betre elev-, lærar- og skoleutfall, og om omprioriteringar kan gjere rektor meir effektiv.

Metaanalysane tok utgangspunkt i to forskingsspørsmål (vår omsetting):

  1. Er det direkte forhold mellom rektor si åtferd og elevane sine resultat, lærarane si velferd og undervisingspraksisar og skolen si organisatoriske helse?
  2. Er det ein sterkare samanheng mellom måten rektor styrer undervisingspraksisen ved skolen på og forskjellar i elev-, lærar- og skoleresultat enn andre rektoråtferder?

Inkluderte studiar

For å bli inkludert i metaanalysen måtte studien

  • vere utført i USA eller eit anna høginntekts-OECD-land
  • vere publisert på engelsk
  • fokusere på grunnskolen
  • vere utført etter år 2000 (siste søk blei utført i mars 2019)

Studien måtte undersøke minst ein av dei fem kategoriane rektoråtferd: (1) undervisingsleiing, (2) interne relasjonar, (3) organisasjonsleiing, (4) administrasjon og (5) eksterne relasjonar. Det blei ikkje sett nokre avgrensingar for studiedesign, men studien måtte være kvantitativ. Totalt 51 studiar blei inkluderte i det .

Resultat

Metaanalysen viste positive, det vil seie påviselege, samanhengar mellom rektor si åtferd og alle dei tre utfallskategoriane (elevutfall, lærarutfall, skoleutfall). Samanhengane var moderate til sterke.
Enkelte tidlegare studiar, som ikkje er inkluderte i det , hevder at rektor bør prioritere å involvere seg i undervisingspraksisane til lærarane samt auke kunnskapen sin om undervisingspraksisar fordi dette har størst effekt på elevutfall. Desse studiane hevdar ei slik prioritering kan effektivisere rektorrolla og såleis vere ei måte å spare inn pengar på. Andre studiar hevder derimot at det beste grepet rektor kan gjere, om ein har eleven, læraren og organisasjonen i fokus, er å fordele tida si relativt likt mellom alle dei fem åtferdskategoriane. Dette kunnskapsoversynet støtter sistnemnde konklusjon og peiker på at i eit samfunnsøkonomisk perspektiv vil det å investere i betre elev-, lærar- og skoleutfall lønne seg på sikt.

I eit samfunnsøkonomisk perspektiv vil det å investere i betre elev-, lærar- og skoleutfall lønne seg på sikt.

peiker på at den store arbeidsmengda fleire rektorar opplever, kan gjere at nokre av dei fem åtferdskategoriane blir nedprioritert. Ei løysing på dette problemet er at nokre av oppgåvene til rektor blir delegert til andre tilsette, til dømes assisterande rektor. Å opprette ei eiga administrativ stilling for å avlaste rektor kan òg vere ei løysing. Artikkelforfattarane peiker på den samfunnsøkonomiske fordelen eit slik grep kan gje: Sjølv om utgifter til lønn aukar ved ei slik løysing, er det òg større sjanse for at elevane presterer betre, noko som i siste instans kjem samfunnet økonomisk til gode. Det å avlaste rektorar ved belasta skoler og/eller ved skoler med lågt presterande elevar kan bidra til å jamne ut forskjellar mellom skoler og dermed òg forskjellar i samfunnet. Det indikerer i tillegg at det å avlaste rektor vil kunne ha ei større innverknad på elevprestasjonane enn reduksjon av klassestørrelse, støtteundervisning eller intensiv lærarevaluering; tiltak som òg kostar pengar.

Resultata av studiane som låg til grunn for metaanalysen, var heterogene, det vil seie at resultata av dei forskjellige studiane sprikte. Dette tyder at det er vanskeleg å slå endeleg fast kor sterke samanhengane mellom dei fem rektoråtferdskategoriane på den eine sida og utfallskategoriane på den andre er. Denne heterogeniteten peiker på at rektor si åtferd har ulike konsekvensar i forskjellige kontekster (til dømes i forskjellige land, innan forskjellige lag av eit samfunn eller til ulike tider). Det er heller ikkje mogleg, utifrå studieutvalet, å trekke konklusjonar om kausale forhold mellom rektoråtferd og utfall for elevar, lærarar eller skole.

Implikasjonar

Trass i heterogeniteten mellom dei 51 inkluderte studiane, understrekar artikkelforfattarane verdien av det metaanalysen likevel indikerer, nemleg ein positiv effekt på elevprestasjonar, lærarvelferd og skoleorganisasjonen/-helsa av at rektor prioriterer alle oppgåver nokon lunde likt. Artikkelforfattarane legg til ei viktig oppmoding i denne samanheng; nemleg at for å ruste rektor til å kunne gjere dette, bør ein vurdere å tilføre skoleadministrasjonen meir ressursar slik at delar av rektor sine oppgåver kan bli overført til andre tilsette ved skolen.

referanse

Liebowitz, D. D. & Porter, L. (2019). The Effect of Principal Behaviors on Student, Teacher, and School Outcomes: A Systematic Review and Meta-Analysis of the Empirical Literature. Review of Educational Research, 89(5):785-827.  DOI: https://doi.org/10.3102/0034654319866133