Henrik Steffens og UiS

Den stavangerfødde akademikaren, naturforskaren og filosofen Henrik Steffens var ein engasjert og uredd formidlar og samfunnsdebattant i si tid. Som Universitetet i Stavanger var han opptatt av å utfordre det velkjente og utforske det ukjente.

Published Sist oppdatert

Tidligare arrangement

Henrik Steffens vart fødd i Stavanger i 1773. Her tok han sine første barneskritt, før familien reiste vidare til andre stader i landet og seinare til Danmark.

Portrettegning av mann
Henrik Steffens. Litografi av Franz Krüger etter Friedrich Jentzen (Wellcome Images).

Steffens levde i ei tid prega av store omveltingar, noko som òg forma livet og virket hans. Rundt 1800 kom han i kontakt med den tyske tidleg-romantikken, og førestillingane herfrå kom til å gjennomsyre korleis han såg på naturen og naturvitskapane. Resultatet vart ei form for heilskapstenking som forsøkte å forsone vitskap, kunst og religion til ei større eining: verda som ein totalorganisme.

Dette holistiske tankegodset presenterte han i ei segnomspunnen naturfilosofisk forelesingsrekkje i København i1802. Slik vart han rekna som fødselshjelpar for romantikken i Norden. Han inspirerte mellom anna Henrik Wergeland og sin eigen fetter, N.F.S. Grundtvig, som omtalte Steffens som ein lyneldsmann.

Steffens framstod som eit inspirerande kraftsentrum for ein ny generasjon. Dermed kom han på kant med autoritetane, som frykta at den revolusjonære gnisten kunne føre ungdomen ut på ville vegar. Den akademiske vegen vart stengt for han i Danmark, men etter kvart vart han tilsett som professor, og seinare rektor, i Tyskland. Der viste han ved ulike høve ettertrykkeleg at universiteta må ta aktivt del i det offentlege meiningsskiftet.

Universitetet i Stavanger fører arven frå Steffens vidare på fleire vis