Korleis lærer studentar best gjennom praksis?

Praksis er ein viktig del av lærerutdanningane, og noko studentane sjølv ofte ser på som lærerikt og utviklande. Men kva er det viktigaste for at utviklinga skal skje? Eit nytt forskingsnotat gir oversikt over fagfeltet.

Published Sist oppdatert

kvinne og mann samarbeider ved en pc-skjerm
Studentar i lærarutdanningene kan lære både av praksislærarar og av kvarandre når dei er ute i praksis. (Illustrasjonsfoto: Getty Images)

Praksisperiodane blir som regel sett på som både spennande og utviklande av studentar i lærarutdanningene. Eit nytt , Lærarstudentar si profesjonelle utvikling gjennom praksis, ser nærare på kva som er dei viktigaste faktorane for at utviklinga skal skje.

Forskingsnotatet, som er publisert på Lærerutdanningsportalen, er basert på ei systematisk kunnskapsoversikt over nasjonal og internasjonal forsking på dette feltet, og er laga av norske forskarar.

«Resultata viser at sosiale og emosjonelle aspekt, spesielt relasjonar, emosjonar og makt, er sentrale område i praksis for den profesjonelle utviklinga til lærarstudentar,» er ein av konklusjonane i studien.