Hopp til hovedinnhold

Ny utgraving ved og under domkirken

Arkeologisk museum, UiS, har fått løyve frå Riksantikvaren til å gjere to forskingsgravingar i og ved Stavanger domkyrkje. Den fyrste undersøkinga, i sørtårnet, startar allereie no i vår, og målet er å finne restar etter den tidlegaste kyrkjegarden som ein veit var der før domkyrkja vart bygd.

Publisert: Endret:
Fakta
Prosjekttittel

Future preservation of past life: A multidisciplinary investigation into preservation of ancient biological remains from medieval cemeteries.

Forskingsområde

Arkeologi, konservering, osteologi, geologi/geoarkeologi, genetikk, botanikk, entomologi og rettsmedisin.

Varigheit:

2020 - 2024

Forskarar:

10

Prosjektleiar Hege I. Hollund

Pressemelding frå Arkeologisk museum, UiS. 19.03.2021

Forskingsundersøkinga inngår i eit større internasjonalt forskingsprosjekt, leia av Arkeologisk museum, UiS og finansiert med støtte frå Forskingsrådet.  

- Dette er veldig gledeleg og svært viktig for prosjektet. Med to forskingsgravingar i mellomalderkyrkjegarden vil me både kunne undersøkje tilstanden på materialet og avdekke sentralt kjeldemateriale for å forstå levesett og levekår i tida då Stavanger utvikla seg til å bli ein by. Arkeologar og mellomalderhistorikarar har ønskt ei forskingsbasert arkeologisk undersøking i Stavanger i mange tiår, og no skjer det endeleg. Under bakken på domkyrkjehøgda ligg nøkkelen til å forstå Stavanger by sin oppkomst og tidlege utvikling, seier forskar og prosjektleiar Hege I. Hollund ved Arkeologisk museum, UiS.  

Utgraving av kyrkjegård

Prosjektet "Future preservation of past life: A multidisciplinary investigation into preservation of ancient biological remains from medieval cemeteries" har som føremål å få meir kunnskap om korleis tilstanden på skjørt arkeologisk materiale vert påverka av miljø og klimaendringar. I tillegg inneber forskingsprosjektet analysar av dette materialet som kan kaste lys over livet i Stavanger i mellomalderen.

Det er planlagt ei utgraving inne under det sørlege tårnet i Domkyrkja allereie i år. Dette tårnet ligg vegg-i-vegg med koret, der det på sekstitalet vart avdekka eit tredvetals kristne graver som var del av ein kyrkjegard som låg på staden før Domkyrkja vart bygd.  

Den andre forskingsgravinga vert utanfor kyrkja, like utanfor nordre korvegg, ut mot Domkyrkjeplassen.  

Kva fortel skjeletta

Frå utgraving under domkyrkja på 1960-talet.

 – Når ein studerer menneske og samfunn i fortida, er det få funn som er meir forteljande enn leivningane etter menneska sjølve. Kor snakkesalige dei daude er, avheng av kor godt bevarte dei er. Men kva påverkar bevaring av arkeologisk biologisk materiale? spør Hollund.  

For å undersøkje dette vil prosjektet utføre ei ny arkeologisk utgraving i kyrkjegarden i Stavanger, samt analysar av skjelett frå museumssamlingane. Skjelettanalysane vil illustrere verdien av materialet som arkiv for levd liv. Kor kom dei tidlegaste byborgarane i Stavanger frå? Korleis skilde liva deira seg frå dei som budde på landsbygda når det gjeld kosthald, helse og sjukdommar? 

DNA-analyse

Mange fagfolk er involverte i forskingsprosjektet, alt frå konservatorar og arkeologar til rettsmedisinar, biologar og geologar.   

Ei rekke ulike metodar vil verte tekne i bruk både når det gjeld analysar av jordprøvar og skjelett. Analysar av protein og DNA i skjeletta kan gje kunnskap om kosthald, sjukdommar, helse – og kor folk kom i frå – om dei vaks opp her i området eller om dei flytta hit på eit seinare tidspunkt. I jordprøvane kan spor etter feittstoff, plantemateriale og insekt fortelje både om miljø, bevaringstilhøve og aspekt ved kosthald, helse og levesett.  

I tillegg skal det takast ut ei sedimentkjerne frå Breiavatnet. Undersøkingar av prøvar frå denne vil kunne sei noko om klima, miljø og landskap i eit langtidsperpsektiv. 

Skal involvere publikum 

Prosjektleder Hollund er svært oppteken av at folk i Stavanger skal få innsyn i prosjektet, og dette er òg ein viktig del av forskingsprosjektet. 

 – Potensialet for ny kunnskap er stort, og det same er det lokale engasjementet og interessa rundt Domkyrkja og Stavanger som mellomalderby. I dette prosjektet skal me rådføre oss med ei referansegruppe med lokale representantar for næringsliv, kulturliv, skuleverk, kyrkja og reiselivet. Kva ynskjer dei å vite meir om, og korleis kan me formidle det me finn til eit breitt publikum? spør Hollund.  

Meir kunnskap 

Det er Riksantikvaren som har gitt løyve til forskingsundersøkinga i og ved Stavanger domkyrkje.  

– Riksantikvaren er oppteken av at me får meir kunnskap om korleis eit endra klima påverkar arkeologiske kulturlag. I tillegg veit me at gode metodar for bevaring og konservering av arkeologiske funn er i stadig utvikling. Begge delar er problemstillingar som er veldig aktuelle i andre land. Derfor er det viktig at me deltar i internasjonale forskningsprosjekter og deler kunnskap over landegrenser, seier avdelingsdirektør Elisabeth Dahle hos Riksantikvaren i ei pressemelding.  

Riksantikvaren meiner at prosjektet vil ha stor kunnskapsverdi for videre forsking på tidleg byutvikling, menneska som budde i Stavanger og på utvikling og bruk av kyrkjestaden i mellomalderen. Undersøkinga vil dessutan ha stor nytteverdi for forvalting av kyrkjestader frå mellomalderen og mellomalderbyane i ei framtid prega av stadig større klimautfordringar. 

Saman med den pågåande utgravinga i krypkjellaren i Stavanger domkyrkje vil dette prosjektet gje ny kunnskap om dei som levde i Stavanger i mellomalderen, og om bevaring av arkeologisk materiale og korleis dette vert påverka av endringar i klima og miljø.   

Grisebein fra vikingtiden i Stavanger domkirke