Økonomi for berekraftig akvakultur

Akvakultur er ein raskt veksande industri. Nå vil eit internasjonalt prosjekt frå UiS hjelpe med å løyse berekraftige utfordringar i denne industrien, ved hjelp av økonomisk teori.

Published Sist oppdatert

Akvakultur er ein industri som veks raskt. Hovudfaktorane for denne veksten kan ein finne i stagnering av villfiske og ein aukande etterspurnad etter sunn mat. Men industrien står også overfor nokre problem knytt til veksten. Eksempelvis er det konflikter med andre brukarar av marineområde, og det er bekymring knytt til miljøaspektet til havkulturen i tillegg til at artene skal ha det bra. Korleis industrien scorer på Miljø- , Sosiale- og Forretningsetiske forhold (ESG) kriterie begynner å bli meir viktig blant sosialt bevisste investorar, og berekraft er allereie ein viktig drivkraft for korleis bedriftar skal vere. Og dette er ei utvikling som truleg kjem til å eskalere i framtida.

I Noreg så har laks i akvakultur vore ein stor suksess sidan det kommersielle gjennombrotet på tidleg 70-tal. Men det er alltid bekymringer rundt industriens berekraftige påverknad og dei negative effektene det har på fiskens liv og helse. Så siden 2012 har produksjonsveksten stagnert. Samtidig har politikarar hatt høge ambisjonar for produksjonsvekst i framtida. Men desse måla kan berre bli moglege viss framtidas vekst er berekraftig for samfunnet.

Fiskestim i blått hav

Nå skal eit internasjonalt prosjekt på UiS, leda av professor Bård Misund, bruke økonomisk teori for å hjelpe å løyse desse berekraftige utfordringane innan akvakultur. Målet er å bruke økonomiske verktøy for å oppnå ein balane mellom dei positive og negative påverknadane akvakultur har, i tillegg til å promotere det innan akvakultur som går overens med ei berekraftig utvikling.

Hovedtema i dette prosjekter er:

  • Vurdering av eksternalitetar i laksens akvakultur
  • Private kostnadar av lakselusinfeksjon
  • Private kostnadar av sjukdomar i laksens akvakultur
  • Kostnadsfordelar av reguleringar innan laksens akvakultur
  • Påverknaden av teknologisk skifte rundt eksternalitetene i laksens akvakultur

Relaterte artiklar