Slik kan rektor hjelpast

Det kan vera tøft å vera rektor. Korleis kan arbeidet gjerast lettare? Her er nokre framlegg, basert på forsking.

Published Sist oppdatert

Kvinne står og holder på et ark i en gang
Ei løysing på problemet med arbeidsmengda til rektor er at nokre av oppgåvene blir delegert til andre tilsette, til dømes assisterande rektor, heiter det i forskingsnotatet.(Illustrasjonsfoto: Getty Images)

Over lengre tid har det vore uro om rekruttering til læraryrket i Norge, der mellom anna tala til søkarar på lærarutdanninga er synkande.

Nå blir det òg slått alarm om posisjonen til leiaren for lærarane i det daglege - rektoren.

Eit helsefarleg yrke?

I ei nyleg undersøking, referert av NRK, karakteriserer 70 prosent av norske rektorar jobben sin som helsefarleg.

– Enkelte har sagt at dette ikkje er eit yrke å bli gammal i, uttalte Arnt Jacob Grindheim, rektor ved Lunde barneskole i Søgne, og styremedlem i Skolelederforeningen i Kristiansand, til statskanalen i samband med at undersøkinga og rapporten vart gjort offentleg.

Rapporten er tinga av Skolelederforbundet, og har tittelen «Skolene i den kommunale styringskjeden, og betydningen for skolelederes arbeidsvilkår.»

– Det er for mange forventningar i forhold til ressursar. Det brenn dei (rektorane) totalt ut, uttalte ein av forskarane bak rapporten, Morten Øgård.

Øgård, professor i statsvitskap og leiing ved Universitetet i Agder, meiner resultatat viser kor viktig det er at rektorane får støtte frå kommunane der dei er tilsette.

Viktig å avlasta ...

Eit forskingsnotat frå Kunnskapssenter for utdanning (KSU), «Rektor si rolle i bygginga av ein god skole», ser nærare på rolla til rektoren i skulen, og dei utfordringane som høyrer til.

Forskingsnotatet er utarbeidd av KSU og basert på ein internasjonal, systematisk kunnskapsoppsummering og metaanalyse, «The Effect of Principal Behaviors on Student, Teacher, and School Outcomes: A Systematic Review and Meta-Analysis of the Empirical Literature».

FN rektor
Å avlaste rektorar ved belasta skular og/eller ved skular med lågt presterande elevar kan bidra til å jamne ut forskjellar mellom skular og dermed òg forskjellar i samfunnet, viser forskinga. (Illustrasjonsfoto: Getty Images)

Forskinga poengterer kor viktig det er både for ein skule og heilt samfunn å ha arbeidstilhøve som gjer rektoren sine oppgåver kan på best mogleg måte:

«Det å avlaste rektorar ved belasta skular og/eller ved skular med lågt presterande elevar kan bidra til å jamne ut forskjellar mellom skular og dermed òg forskjellar i samfunnet,» heiter det i forskingsnotatet frå KSU. 

... men korleis?

Avlastinga av rektor kan konkret gjerast i form av arbeidsdeling, ved at nokre av oppgåvene til rektor blir delegert til andre tilsette, til dømes assisterande rektor.

«Å opprette ei eiga administrativ stilling for å avlaste rektor kan òg vere ei løysing,» blir forskarane referert på.

Slikt kostar pengar, kan ein innvenda. Jau, men artikkelforfattarane peikar på at den samfunnsøkonomiske fordelen er så stor at utgiftene kan sjåast på som ei investering:

Å opprette ei eiga administrativ stilling for å avlaste rektor kan òg vere ei løysing

«Sjølv om utgifter til lønn aukar ved ei slik løysing, er det òg større sjanse for at elevane presterer betre, noko som i siste instans kjem samfunnet økonomisk til gode. Det å avlaste rektorar ved belasta skular og/eller ved skular med lågt presterande elevar kan bidra til å jamne ut forskjellar mellom skular og dermed òg forskjellar i samfunnet. (...)

Óg:

«I tillegg (til) at det å avlaste rektor vil kunne ha ei større innverknad på elevprestasjonane enn reduksjon av klassestørrelse, støtteundervisning eller intensiv lærarevaluering; tiltak som òg kostar pengar.»

Tekst: Leif Tore Sædberg, KSU

Referanse:

Liebowitz, D. D. & Porter, L. (2019). The Effect of Principal Behaviors on Student, Teacher, and School Outcomes: A Systematic Review and Meta-Analysis of the Empirical Literature. Review of Educational Research89(5):785-827.  DOI: https://doi.org/10.3102/0034654319866133