Hefte: Nynorsk i bruk

Nynorsk i bruk inneheld ulike artiklar som alle har det til felles at dei fokuserer på det nynorske skriftspråket i ein eller annan forstand.

Published Sist oppdatert

Forside: Nynorsk i bruk. Illustrasjon: Tegning av folk på fest

Nokre artiklar har kanskje størst interesse for dei som underviser elevar som har nynorsk som hovudmål, medan andre artiklar kan ha element som gir størst interesse for dei som har elevar som har nynorsk som sidemål. Me har medvite valt å ikkje laga eit klårt skilje her fordi god undervisning er god undervisning anten den er på bokmål eller nynorsk. Så kva er då vitsen med å laga eit eige nynorskhefte?

I og med at nynorsk er eit mindretalsspråk er det nødvendig å løfta fram språket. Nynorsk er ein del av det språklege mangfaldet som elevane både skal vera trygge på og vera medvitne om. Med dette heftet prøver me nettopp å løfta fram det nynorske skriftspråket for alle elevar.

Nokre artiklar har eit klårt didaktisk fokus som kan gi tips til eiga undervisning. Slik som t.d. kapitla «Nynorskbøker i bruk» og «To undervisningstips med sakprosatekstar». Andre artiklar har eit meir teoretisk perspektiv som er meint som ei oppdatering av eigne kunnskapar, slik som intervjua med forfattarane Maria Parr og Ragnar Hovland og artikkelen om teikneseriemediet «Å boltra seg i bobler». Me håpar at det mangfaldet av artiklar som finst i heftet kan gi inspirasjon og refleksjon over eiga undervisning. Ikkje minst håpar me at dvd-en som følgjer heftet kan gjera overgangen frå å lesa om noko til å utføra det i eige klasserom enklare.

Me gjer merksam på at artiklane er skrivne med ulike variantar av nynorsk språkdrakt. Slik viser dei noko av det nynorske mangfaldet.

Saman med heftet kan du få ein DVD med 12 filmar som er frå ressurspakka i praksis: nynorsk som sidemål i grunnskulen. Filmane viser gode døme på ein undervisningspraksis som engasjerer elevane og som let dei vere aktive lesarar og skrivarar.

Kvar film dokumenterer korleis eit konkret undervisningsopplegg blir gjennomført i ein klasse. Undervegs i filmen kommenterer og reflekterer læraren over undervisningsopplegget, elevaktiviteteten og dei didaktiske vala som blir gjort.

Pris:
Heftet er på 70 sider og kostar kr. 75,-
Heftet med DVD kostar kr. 200,-
ISBN: 978-82-7649-065-7

Bestill:

Bestill heftet i nettbutikken

Last ned:

Last ned heftet gratis i pdf-format.