Hopp til hovedinnhold

Skal sette søkelys på brukarrolla ved digitaliseringa av helse

Korleis kan ein sikre at pasientar og brukarar blir høyrd? Det skal forskingsprosjektet «Releasing the power of users» finne svaret på.

Publisert: Endret:

– Fattigdom, ulikheit, ei aldrande befolking og tilgjengeligheit på kvalitetshelsetenester er blant nokre av dei globale utfordringar me står i akkurat nå. Ansvarleg forsking og innovasjon (Responsible Research and Innovation - RRI) er ein måte å styre innovasjonsutvikling for å takle slike ulike utfordringar.

Det forklarer professor ved Handelshøgskolen UiS, Tatiana Aleksandrovna Iakovleva, som er prosjektleiar for forskingsprosjektet «Releasing the power of users», som tilhøyrer Handelshøgskolen ved UiS.

Får 10 millionar over fire år

Tatiana Iakovleva
Professor ved Handelshøgskolen UiS, Tatiana Aleksandrovna Iakovleva

Forskingsprosjektet er finansiert av Noregs forskingsråd og har som mål å utvikle og utvide rammeverket for RRI ved å gjere desse til tilgjengelege og nyttige verktøy for brukarar. Det har fått løyva 10 millionar kroner over fire år.

Iakovleva forklarer at de vil fokuserer på inkludering av ulike brukarar i innovasjonsprosesser og ved oppretting av økosystem. Då kan brukarar av for eksempel kommunar, helsepersonell, gründarar og sluttbrukarar sjølv vere med på å skape innovasjonar saman i «trygge rom».

Deiras mål er å forstå brukarane sitt behov, og prøve å få svar på spørsmålet: Korleis sikre at pasientar og brukarar blir høyrd?

Digital teknologi endrar situasjonen

Bakgrunnen for prosjektet er presset helsetenestene får frå ei aldrande befolking og ein auka førekomst av kroniske sjukdomar.

– Men nye digitale teknologiar opnar for moglegheiter til å endre denne situasjonen, forklarer Iakovleva.

Ho har, saman med to andre professorar ved Handelshøgskolen UiS, Elin M. Oftedal og professor John R. Bessant, sett at pasientar ikkje er ei homogen gruppe, men heller fordelt over eit spekter.

  • Den «informerte pasienten» som observerer symptoma sine og prøver å lese om eigen tilstand blant tilgjengelege ressursar
  • Den «involverte pasienten» som speler ein aktiv rolle i eiga behandling.
  • Den «nyskapande pasienten» som gir eigne idear basert på deira djupe forståing av helseproblematikken.

Og prosjektets formål er å forstå desse nye pasienttypene betre gjennom å utvikle større forståing av brukarane, opprette eit innovasjonsrom og å forbetre det innovative økosystemet.

– Me vil utvikle eit sett av skalerbare teknikkar for å skape ein breiare implementering av meir inkluderande og ansvarleg innovasjon i velferdsteknologiar, for så å utveksle desse med nasjonalt senter for RRI, seier Iakovleva.

Bolig for livet

Nå skal Universitetet i Stavanger, saman med samarbeidspartnarar, arrangere messa «Bolig for livet». «Releasing the Power of users» vil vere til stades her for å samle data frå eldre innbyggarar om deira livsstil og tilpasning av innovasjonar i e-helse til deiras bustadar.

– Me ønskjer også å stimulere ein tidleg dialog mellom brukarar (eldre, helsepersonell, kommunerepresentantar etc) med innovatørar for å skape betre forståing, seier Iakovleva.

Det vil komme forskarar frå Nederland for å køyre datainnsamlinga, og Iakovleva meiner det vil bli spennande å sjå resultata etterkvart.

– Vårt ønske er å utvikle forskjellige metodar for brukarinvolvering, pilotere dei og forsikre om at dei kan bli tatt i bruk etter prosjektet er slutt, seier ho.

Arrangement

Bolig for livet

Pasientmedvirkning

i utvikling av digitale helse- og sosialtjenester

Andre arrangement du kan vere interessert i

UiS Business School Seminar - Intellectual Property Cases and Practice in the US

Fre. 30.09.2022

12:15-13:15

Elise Ottesen-Jensens Hus
EOJ-101

Young Scientists’ Researcher’s Night 2022

Fre. 30.09.2022

16:00-23:00

Folken

Samfunnsøkonomenes Forskermøte 2022

Tir. 25.10 09:00

ons. 26.10 15:00

Universitetet i Stavanger, Arne Rettedals hus
TBA

KÅKÅ|nomics 2022: Fagseminaret på UiS – Krigsøkonomi og sanksjoner

Ons. 26.10.2022

12:15-14:00

UiS, Arne Rettedals Hus
AR Ø-120

KÅKÅ|nomics 2022: Festivalopning med utdeling av KÅKÅnomics-prisen 2022

Ons. 26.10.2022

16:00-17:00

Gaffel og Karaffel, festsalen

KÅKÅ|nomics 2022: Finansministerens perspektiv

Tor. 27.10.2022

16:00-17:00

Gaffel og Karaffel, festsalen

KÅKÅ|nomics 2022: Kva formar vår post-covid verd?

Fre. 28.10.2022

20:00-21:00

Gaffel og Karaffel, festsalen

KÅKÅ|nomics 2022: Problemet med tilkarring av offentlige penger

Lør. 29.10.2022

15:00-16:00

Påfyll, Stavanger

UiS Clean Energy Law and Economics Conference

Fre. 18.11.2022

08:30-17:00

Kjell Arholms Hus
Stort auditorium A1