Effekten av språkstimulering i barnehage og skole på generelle språk- og lesedugleikar

Ei godt utvikla språk er naudsynt for å kunne følgja med i skolen, og kunnskap om språkstimulering er grunnleggjande for å sikra at alle elevar får størst mogleg utbytte av undervisinga. I eit systematisk kunnskapsoversyn har utdanningsforskarane Rodge et al. (2019) samanfatta resultata frå 43 studiar på tiltak for å fremja språkforståing i barnehage- eller skolesetting, og dei utforskar resultata gjennom ein metaanalyse. Den samla effektstorleiken frå studiane syner ein liten positiv effekt av språkstimuleringstiltak på generell språkleg dugleik, men svært liten effekt på generell lesedugleik. Det er i tillegg få oppfølgingsstudiar som utforskar langvarige effektar av tiltaka.

Published Sist oppdatert
Forskningsnotat
Hva er et forskningsnotat?

Et forskningsnotat er en forenklet og forkortet oppsummering av publiserte systematiske kunnskapsoversikter. Forskningsnotatet gjør forskningen mer tilgjengelig og leservennlig.

Kort forklart fann Rogde et al. evidens for at språkstimulering hadde ein liten positiv effekt på den generelle språkforståinga til deltakarane i dei inkluderte studiane, både rett etter tiltaket og ved oppfølging på eit seinare tidspunkt.

Bakgrunn 

Ungar som har eit godt utvikla språk når dei byrjar på skolen, har større sjansar for å utvikla god lesedugleik og oppnå gode faglege resultat enn ungar med mindre utvikla språk. Individuelle språkvanskar, dårlege levekår og minoritetsspråkleg bakgrunn kan alle saman vera risikofaktorar som hemmar språkutviklinga.  

Det er blitt utvikla mange språkstimuleringsprogram for å hjelpa språksvake barn. Desse programma har ofte eit sterkt fokus på utvikling av ordtilfang gjennom munnlege fortellingar eller lesing av tekst. Element som skal fremja direkte narrativ og grammatisk utvikling vert ofte inkluderte.  

Språkforståing definerast som prosessen der leksikalsk informasjon (det vil seie ord), setningar og diskursar (det vil seie samtalar eller større samanhengar) vert tolka. Det dreier seg om å kunne skjøna munnleg språk, ofte målt gjennom testing av ordforråd og lytteforståing. Språkstimulering har som mål å styrka språkforståinga, og her er utviding av ordforrådet ein sentral komponent. I tillegg vert gjerne opplæring i syntaks (setningsoppbygging) og morfologi (ordbøying) inkluderte i språkstimuleringa. 

Leseforståing kan definerast som den aktivt konstruerande meiningsutvinninga som skjer i møte med alle slags tekstar. Språkforståing vert som regel sett på som ein vesentleg faktor som byggjer opp under leseforståing og avkoding av enkeltord. På seinare skoletrinn, når avkodingsdugleiken er fullstendig meistra og bidraget frå avkoding på leseforståing er mindre, er det nærmast uråd å skilje mellom dei to konstruksjonane. Språk- og lesedugleik går då inn i kvarandre som ein samansett kompetanse. 

Me veit frå tidlegare forsking at språkstimulering har ein effekt på det direkte ordforrådet og at ungar lærar seg ord som dei blir forklart. Men det er mindre klart om språkstimuleringa har indirekte effektar målt gjennom generaliserte testar som ikkje er retta mot den spesifikke intervensjonen. Med andre ord veit me ikkje i kor stor grad den spesifikke språkstimuleringa spelar inn på den generelle språkutviklinga.     

Føremål 

Hovudmålet med kunnskapsoversynet til Rodge et al. var å skapa oversyn over studiar på intervensjonar som hadde som mål å auka språkforståing og kva slags effektar desse intervensjonane hadde på den generelle språkdugleiken til deltakarane. I og med at språkdugleik vert sett på som grunnleggande for seinare lesedugleik, var målet i neste rekkje å undersøkja eventuelle overføringseffektar frå språkstimuleringa til generell leseforståing.    

Metaanalysen utforskar effekten av tiltak for språkforståing på generaliserte mål for språk- og lesedugleik.   samanfattar 43 ulike studiar med deltakarar i barnehage- og skolealder.   

Oversynet hadde som mål å finna svar på følgjande forskingsspørsmål: 

  1. Aukar språkstimuleringstiltak barn sin språkdugleik som målt gjennom generaliserte språkforståingsutfall? 
  1. Aukar språkstimuleringstiltak barn sin lesedugleik som målt gjennom generaliserte leseforståingsutfall? 
  1. Kva slags variablar kan påverka effekten av språkstimuleringstiltak på språk- og lesedugleik? 
  1. Kva er langtidseffektane av språkstimulering? 
  1. Kva er dei separate effektane på ulike språkkonstruksjonar (ordtilfang, grammatisk innsikt, lytting og narrativ forståing)?    

Inkluderte studiar 

Studiane var anten eksperimentelle randomisert-kontrollerte studiar4 (29 studiar) eller kvasieksperimentelle studiar5  (14 studiar). Språk- og lesedugleik blei testa før og etter tiltaket, som i snitt strekte seg over 68 klokketimar fordelt på 18 veker.  

Deltakarane i intervensjonane var i alderen frå barnehage opp til vidaregåande skole, men med ein hovudvekt av studiar frå barnehagar og barneskolar. Grupper med tilfeldige utval av normalt presterande barn og unge, elevar med anna morsmål enn undervisningsspråket, språksvake barn eller barn med risiko for språkvanskar av undre grunner (til dømes dårlege levekår) vart inkluderte i metaanalysen. Barn med diagnosar som autisme eller andre nedsette fysiske, mentale eller sansemessige funksjonar vart ikkje inkluderte i metaanalysen.      

TekstboksFleirtalet av studiane er frå USA (31) men det er òg studiar frå Storbritannia (7), Noreg (3), Irland (1) og Mexico (1)     

Resultat 

I metanalysen blei resultata frå dei inkluderte studiane syntetiserte og forskarane gjorde omfattande grep for å unngå ulike formar for systematisk skeivskap6 i dei endelege resultata.  

TekstboksKort forklart fann Rogde et al. evidens for at språkstimulering hadde ein liten positiv effekt på den generelle språkforståinga til deltakarane i dei inkluderte studiane, både rett etter tiltaket og ved oppfølging på eit seinare tidspunkt. Analysar av språkutfall synte liten effekt på ordforråd og grammatisk kunnskap og moderat effekt på evna til å lytta og følgja med på ein forteljing. Språkstimuleringstiltaka synte så godt som ingen direkte effekt på generelle leseforståingsutfall . Det var nokre få studiar som undersøkte langtidseffektar av tiltaka, men her var resultata sprikande og det samla talet på deltakarar for lite til å syna signifikante resultat.   

Gjennom vidare analyse kom forskarane fram til følgjande svar på forskingsspørsmåla:  

  1. Språkstimuleringstiltaka i dei inkluderte studiane synte liten effekt på språkdugleik målt gjennom generaliserte testar som ikkje er designa i tråd med ordforrådet det blir øvd på i tiltaket.  
  1. Språkstimuleringstiltaka i dei inkluderte studiane synte svært lite effekt  på lesedugleik målt gjennom generaliserte testar.  
  1. Forskarane peika på fleire variablar som kan påverka effekten av språkstimuleringstiltaka: 
  1. Opplæring i mindre grupper har større effekt enn heilklasseundervising 
  1. I motsetnad til kva ein kunne tru, hadde ikkje tidsbruken innverknad på effekten. Effekten blei ikkje større i tråd med opplæringsmengda. Dette kan henga saman med manglande data og at effektstorleiken som vart analysert var liten i utgangspunktet. 
  1. Det var ein tendens til at effekten på språkforståinga var større når tiltaket vart implementert av forskarane enn når det vart implementert av skolepersonalet, men denne skilnaden var ikkje statistisk signifikant.  
  1. Effekten var større i dei europeiske studiane enn i dei amerikanske.     
  1. Det var ikkje mange studiar som rapporterte langtidseffektar: Åtte av studiane synte samla sett ein liten effekt på språkforståinga ved oppfølging. Fire av studiane synte ein liten til moderat effekt på leseforståinga ved oppfølging.   
  1. Når det gjeld effekten på ulike språkkonstruksjonar, synte dei inkluderte studiane  
  1. ein liten direkte effekt på ordforrådet med oppfølgingsstudiar og ingen evidens for ein vedvarande effekt.  
  1. ein liten direkte effekt på grammatisk innsikt og få oppfølgingsstudiar med sprikande resultat.     
  1. ein moderat direkte effekt på lytting og narrativ forståing med ein liten til moderat vedvarande effekt ved oppfølging. Her var alle deltakarane i barnehage-/småskolealder.  

Implikasjonar 

Resultata frå metaanalysen til Rodge et al. provar at språkstimulering har positive effektar på generelle språk- og lesedugleikar. Forskarane understrekjer at det ikkje er rett fram å overføra desse tala til praksisfeltet. Forskarane tolkar heller tala som ein indikasjon på at språkstimuleringstiltak har potensialet til å auka barn og unge sin generelle språkutvikling, men at det er mykje variasjon i forskinga i dette feltet. Ifølge forskarane indikerer resultata av metaanalysen at tiltaka i dei inkluderte studiane ikkje lykkast i å utvikla ordforrådet til barna i stor nok grad og dermed at slike tiltak ikkje er nok for å få språksvake barn opp på nivået med dei andre barna.  

Resultata indikerer vidare at tiltaka som inngjekk i dei inkluderte studiane, ikkje hjelper ungane til å utvikla ordforrådet sitt ut over dei spesifikke orda dei lærer i sjølve tiltaket. Den manglande direkte effekten på leseforståing indikerer at det er vanskeleg for barn å overføra det dei lærer i språkstimuleringa til andre typar tekstar enn dei som er inkluderte i programmet. Trass i klare indikasjonar frå langtidsstudiar på at språkforståing spelar ei viktig rolle for utviklinga av leseforståing, er det berre eit fåtal studiar som kan syna at språkstimuleringstiltaket har hatt ein effekt, direkte eller ved oppfølging, på leseforståinga. Dette gjer ein indikasjon på at å hindra og avhjelpa språk- og lesevanskar med sannsyn krev meir langsiktige tiltak enn intensiv språkstimulering.  

Tekstboks