Gode overgangar frå barne- til ungdomsskole

Kva skal til for å skape ein god overgang frå barne- til ungdomsskolen? Ein gjennomgang av forsking viser at mellom anna karakterstyrke, meistringstru, deltaking i organiserte aktivitetar, ei kjensle av tryggleik og fysisk form kan bidra til ein positiv oppleving av overgangen.

Published Sist oppdatert
Forskingsnotat
Kva er eit forskingsnotat?

Eit forskingsnotat er ei forenkla og forkorta oppsummering av publiserte systematiske kunnskapsoversyn. Forskingsnotatet gjer forskinga mer tilgjengeleg og lesarvennleg.

Elevar som hadde positive rollemodellar i familien, fekk støttande omsorg og oppseding, samt hadde eit nært forhold til mor, gjorde det fagleg betre gjennom heile overgangsperioden.

Endringane som ein skoleovergang fører med seg, er potensielt vanskeleg for alle elevar. Fordi overgangen frå barne- til ungdomsskolen skjer like før eller i puberteten, er elevane endå meir sårbare for negative erfaringar og opplevingar som mellom anna kan påverke den mentale helsa og faglege prestasjonar på kort og lang sikt. Men skoleovergangen kan òg by på nye og positive opplevingar. Artikkelen som blir samanfatta i dette forskingsnotatet, undersøker kva skolane bør legge vekt på for å fremme ein god skoleovergang.

Bakgrunn

Mange elevar gler seg til å begynne på ungdomsskolen; til å få større fridom og nye venner. Samstundes er fleire engstelege for om dei vil bli mobba, om dei vil få nok støtte frå lærarane eller om læringstrykket vil bli for stort. Endringane ungdomsskolen representerer er uansett merkbar for alle elever, fordi ungdomsskolen er fysisk større, mindre beskyttande og personleg, og fagleg meir krevjande.

Overgangen frå barne- til ungdomsskole er ein samansett prosess som blir påverka av fleire faktorar (til dømes eleven sin sjølvtillit og personlegdom), aktørar (til dømes medelevar og lærarar) og dimensjonar (til dømes skolestruktur og sosioøkonomisk status). Ein måte å imøtegå potensielle problem knytt til overgangen er å implementere programmer utvikla for å forberede elevane før overgangen og for å støtte dei etter overgangen. Gode overgangsprogram kan òg trene elevane til å handtere endringar på ein positiv måte.

Bilde av en tom korridor. Foto: GettyImages
Endringane som ein skoleovergang fører med seg, er potensielt vanskeleg for alle elevar, fordi overgangen frå barne- til ungdomsskolen skjer like før eller i puberteten, då elevane er endå meir sårbare for negative erfaringar. (Foto: Getty Images)

Forsking på temaet har produsert lite kunnskap om kva anna som skal til for at elevane skal få ein god overgang eller kva som ligg i omgrepet «positiv skoleovergang». I staden for berre å fokusere på korleis ein kan hindre ein vanskeleg overgang, kan det vere vel så nyttig at overgangsprogrammet fokuserer på korleis ein kan gjere overgangen til ein positiv oppleving. To element blir trekt fram som særs viktige å fokusere på i overgangen mellom barneskole og ungdomsskole; nemleg at elevane er forberedte på det som kjem, og at dei blir støtta i overgangen. Skolebesøk, orienteringsmøte og fadderordningar er vanlege tiltak for å forberede og støtte elevane, men dei har vist seg å ha liten effekt. Vidare tar det psykologfaglege grunnlaget for utvikling av slike program ofte utgangspunkt i elevane sine svakheiter, til dømes ei angstliding eller mobbeerfaring, og korleis ein skal avhjelpe dei. Det som blir presentert i dette forskingsnotatet, tek utgangspunkt i styrkefokusert psykologi, det vil seie «den vitskapelege studien av faktorar som sett folk og samfunn i stand til å leve produktive, tilfredsstillande og utviklande liv» (vår omsetting) . Psykologien har vidare definert positive overgangar som eit resultat av «styrkar og eigenskapar som sett individ og samfunn i stand til å trivast mens dei gjennomgår ei endringsprosess eller endringsperiode» (vår omsetting).

Det kan hende at forskjellar mellom overgangsprogramma dei forskjellige skolane brukar, delvis kan forklare korfor nokre elevar har ein fleksibilitet og robustheit som gjer møtet med ungdomsskolen til ei positiv emosjonell, sosial og mental oppleving, medan andre elevar opplever overgangen som ei stor belastning. Det er derfor viktig at skolane veit mest mogeleg om korleis dei kan utarbeide gode overgangsprogram for elevane.

Føremål

Det har som mål å samle forsking på kva som legg til rette for ein god overgang frå barne- til ungdomsskolen. I denne samanheng tydar «god» ei oppleving av velvære, som blir rekna som avgjerande for ein god overgang. Seks faktorar blei brukt til å tolke og organisere (kategorisere) resultata av studiane: (1) sosiale, (2) psykologiske, (3) åndelege, (4) skolerelaterte, (5) fysiske og (6) demografiske faktorar. Dei seks faktorane måtte vere undersøkte i ei positiv, det vil seie overgangspromoterande, samanheng.

elev rekker opp hånda. foto: getty
Tru på seg sjølv, gode sjølvreguleringsevnar, ein open og omgjengeleg personlegdom og karakterstyrke verkar positivt inn på overgangen frå barneskolen til ungdomsskolen, både når det gjeld akademiske resultat og ei kjensle av velvære. (Foto: Getty Images)

Inkluderte studiar

Berre studiar som fokuserte på korleis ein kan føreseie ein god overgang, avgjerande faktorar for ein god overgang, og faktorar eller tilretteleggjarar for ein god overgang, blei inkluderte i den systematiske kunnskapsoppsummeringa. Andre utveljingskriterium var at studien

  1. var publisert mellom 2000 og 2018
  2. inkluderte elevar mellom 10 og 15 år
  3. var utført i eit OECD-land
  4. hadde eit forskingsdesign
  5. var publisert på engelsk
  6. var publisert i eit fagfellevurdert tidsskrift

Studiar som undersøkte psykiske utfordringar eller kva som gjer overgangar vanskelege, blei ekskludert. Det same blei studiar på elevar med stort læringspotensial, immigrantar eller andre elevgrupper med tilretteleggingsbehov. 22 studiar tilfredsstilte kriteria og blei inkludert i kunnskapsoppsummeringa. Av desse var 18 studiar langsgåande . Den geografiske fordelinga var fylgjande: USA (13), Australia (2), Canada (2), Israel (2), Italia (2) og Storbritannia (1).

Resultat

Sosiale faktorar

Kunnskapsoppsummeringa viser at positive relasjonar til vener og familie legg til rette for ein god overgang. Støtte frå foreldra er viktig for å utvikle ei kjensle av tilhøyrsle til skolen og for motivasjon for fagleg arbeid. Elevar som hadde positive rollemodellar i familien, fekk støttande omsorg og oppseding, samt hadde eit nært forhold til mor, gjorde det fagleg betre gjennom heile overgangsperioden. Dette tydar at støtte frå familien ikkje berre er viktig for å forhindre ein negativ overgangsoppleving, men at slik støtte òg forbereder eleven til å handtere stresset med overgangen på ein positiv måte. Det å ha søsken ved den nye skolen var også positivt for overgangen.
Aksept frå medelevar, fleire venner og vennskap av høg kvalitet føreseier tilpassing til og involvering i den nye skolen. Nye ungdomsskoleelevar som opplever å få aksept og å ha fleire gode venner set seg òg oftare mål for læringa og presterer fagleg godt gjennom overgangen, men det ser likevel ikkje ut som at aksept og vennskap fører til betre faglege prestasjonar på sikt.

Både familie og venner speler ei viktig rolle for velværet til eleven, men foreldre og søsken har ifylgje kunnskapsoversynet den viktigaste rolla for en god overgang frå barne- til ungdomsskolen. Artikkelforfattaren anbefaler derfor at skolar har jamlege møter med eleven og foreldra både før og etter overgangen for å styrke eleven sitt forhold til foreldra i overgangen.

Psykologiske faktorar

Tru på seg sjølv, gode sjølvreguleringsevnar, ein open og omgjengeleg personlegdom og karakterstyrke verkar positivt inn på overgangen frå barneskolen til ungdomsskolen, både når det gjeld akademiske resultat og ei kjensle av velvære. Artikkelforfattaren anbefaler overgangsprogram og -tiltak som tar sikte på å byggje og forsterke desse personlege og psykologiske styrkane.

Både familie og venner speler ei viktig rolle for velværet til eleven, men foreldre og søsken har ifylgje kunnskapsoversynet den viktigaste rolla for en god overgang frå barne- til ungdomsskolen.

Åndelege faktorar

Den åndelege dimensjonen omfattar individuelle trekk som takksemd, målbevisstheit og åndeleg nærvær. Begrepet «åndeleg» blir i denne samanheng brukt i betydinga «å inngå i meiningsfull refleksjon og sjølvgransking» (vår omsetting). Det å ha ein positiv målbevisstheit tydar å sjå seg sjølv som ein aktiv og deltakande aktør i noko som er større enn ein sjølv, noko som blir sett på som avgjerande for ei kjensle av velvære og meining i livet. Det er ikkje nok at eleven har desse trekka og evnene, dei må òg brukast, om dei skal komme til nytte i skoleovergangen. Dessverre er det ennå lite kunnskap om korleis ein kan bygge eller trene opp åndelege eigenskapar hos dei som ikkje har dette som ein del av temperamentet sitt, og det er tilsvarande lite kunnskap om korleis ein kan nytte den åndelege dimensjonen til å støtte ein positiv overgang frå barne- til ungdomsskole.

Fysiske faktorar

Det er lite forsking på relevansen av fysisk helse (fysisk aktivitet, nok god søvn, sunt kosthald) for positive skoleovergangar. Ein av dei inkluderte studiane indikerer at god fysisk form føreseier høgare fagleg prestasjonsnivå gjennom skoleovergangen, og dei negative konsekvensane av for lite søvn og dårleg kosthald er velkjende. Inntil det føreligg meir forsking på fysisk helse og positive skoleovergangar, kan ein ikkje seie noko om eventuelle samanhengar mellom dei to.

Skolefaktorar

Eleven si oppleving av elev–lærar-relasjonen, ei kjensle av tilhøyrsle til skolen og deltaking i utenomfaglege aktivitetar i skoletida føreseier korleis eleven opplever skoleovergangen. I tillegg er eit trygt skolemiljø viktig for ein positiv overgang. Nære og støttande lærarar fremjar ein positiv overgang, både fagleg, mentalt og emosjonelt.
Ei kjensle av tilhøyrsle til skolen blir trekt fram som ein svært viktig faktor for ein god overgang, både når det gjeld eleven si kjensle av velvære, frammøte og eleven sine faglege prestasjonar. Personleg oppfølging frå skolen sine rådgjevarar og det å ha graffiti synleg i skolemiljøet fremjar ifylgje denne kunnskapsoppsummeringa ei kjensle av tilhøyrsle. Deltaking i utenomfaglege aktivitetar ved skolen ser òg ut til å vere viktig for ein positiv skoleovergang. Det er derfor viktig at ungdomsskolane bygger eit elevtilbod med til dømes sportsgrupper og akademiske klubber, og at lærarane aktivt støttar elevane i aktivitetane.

elever samarbeider. foto: getty
Ei kjensle av tilhøyrsle til skolen blir trekt fram som ein svært viktig faktor for ein god overgang, både når det gjeld eleven si kjensle av velvære, frammøte og eleven sine faglege prestasjonar. (Foto: Getty Images)

Demografiske faktorar

Faktorar som kjønn, alder, plassering i søskenflokken, etnisitet, familieressursar og utdanningsnivå i familien er viktige indikatorar for korleis eleven opplever overgangen. Gutar ser ut til å streve meir med å tilpasse seg dei faglege forventingane ved ungdomsskolen enn jenter, men samstundes ser gutane ut til å ha ei sterkare kjensle av tilhøyrsle etter overgangen enn jentene. Resultata av forsking på relevansen av kjønn i skoleovergangar sprikar, så det er ikkje mogeleg å konkludere om korleis kjønn verkar inn på elevane i denne prosessen.

Elevar med minst ein forelder med vidaregåande utdanning eller meir, gjer det fagleg betre enn elevar med foreldre utan slikt utdanningsnivå i familien. Nokre av dei inkluderte studiane indikerer òg at elevar med låg sosioøkonomisk bakgrunn gjer det dårlegare på skolen enn dei frå betre sosioøkonomiske kår, men det er uvisst korleis denne faktoren påverkar deira kjensle av velvære. Elevar frå etniske minoritetar rapporterer òg om større vanskar i overgangen enn majoritetselevar, men at det hjelpte å ha sysken, spesielt brør, ved skolen. Det er likevel for lite forsking på korleis demografiske faktorar verker inn på overgangen frå barneskole til ungdomsskole til at kunnskapsoversikten kan konkludera med noko.

Implikasjonar

Det omfattande utvalet faktorar som dette undersøkte, speglar kompleksiteten i overgangen frå barne- til ungdomsskole. Artikkelforfattaren understrekjer at det er viktig for utformarar av skoleovergangsprogram at dei tek omsyn til denne kompleksiteten og søkjer råd og kunnskap i forsking på temaet når dei skal utvikle overgangsprogram. Artikkelforfattaren rådar òg skolar til å ta utgangspunkt i positiv psykologi, det vil seie ein styrkebasert innfallsvinkel, når dei skal utvikle tiltak for overgangen.

Referanse:

Bharara, G. 2020. Factors facilitating a positive transition to secondary school: A systematic literature review, International Journal of School & Educational Psychology, 2019, 8(1), 104–123. DOI: https://doi.org/10.1080/21683603.2019.1572552