Kjenneteikn på kvalitet ved rettleiarar i lærarutdanninga

Denne artikkelen baserer seg på ein gjennomgang av 70 studiar av kvalitetskriterium ved rettleiarar i lærarutdanninga sin praksis. Gjennomgangen førte til ei liste på 53 punkt om kva studiane karakteriserer som kvalitet ved rettleiargjerninga. Punkta er fordelt på sju område.

Published Sist oppdatert

Studiane viser at rettleiarane speler ei avgjerande rolle når det gjeld å førebu lærarstudentar på yrkeslivet, (Illustrasjonsfoto)

Rettleiarar speler ei avgjerande rolle når det gjeld å førebu lærarstudentar på yrkeslivet, men det eksisterer per i dag ikkje ein felles standard for kva som blir vurdert som gode eigenskapar ved ein rettleiar.

Forskningsnotat
Kva er eit forskingsnotat?

Eit forskingsnotat er ei forenkla og forkorta oppsummering av publiserte systematiske kunnskapsoversyn. Forskingsnotatet gjer forskinga mer tilgjengeleg og lesarvennleg.

Oversikta viser at rettleiarane speler ei avgjerande rolle når det gjeld å førebu lærarstudentar på yrkeslivet, men det eksisterer per i dag ikkje ein felles standard for kva som blir vurdert som gode eigenskapar ved ein rettleiar, og forskarane etterlyser formell skolering av rettleiarar.

Bakgrunn

Rettleiing er brukt i mange ulike utdanningssamanhengar over heile verda og rolla som rettleiar er ein viktig del av praksisperiodane ved lærarutdanninga. Særleg i nyare tid har det blitt poengtert kor avgjerande rettleiarrolla er i prosessen med å førebu og kvalifisera studentar til å bli profesjonelle utøvarar. Ein god rettleiar er ekstra viktig for lærarstudentar som gjennom praksisperiodane møter skulekvardagen for første gong, og kan vera skilnaden på suksess og fiasko for studenten. Forskinga på rettleiing av lærarstudentar har vore omfattande, men det har mangla ei felles oversikt over kva kvalitetar som kjenneteiknar ein god rettleiar.

Føremål

Målet til forskarane bak dette er å finna fram til den nyaste og mest aktuelle forskingslitteraturen om kvalitetskriterium ved praksisrettleiarar i lærarutdanninga. Målet med oversynet var òg å laga ei oversikt og eit felles sett av standardar som samanfattar eit felt som har vore prega av fragmentering og mangel på heilskap.

Inkluderte studiar

Oversynet omfattar 70 studiar, som blei funne gjennom søk i databasane Proquest Education og A Education: Australian Index Education Plus. Søket omfatta nesten 200 publikasjonar. Det overordna forskingsspørsmålet var (omsett frå engelsk): “Kva blir i nyare forskingslitteratur framheva som kvalitetar hjå ein god rettleiar i lærarutdanninga?”

Utveljingskriteringane var:

  • Studiane måtte vera tidsskriftartiklar, kapittel i bøker eller heile bøker
  • Studiane måtte vera fagfellevurderte
  • Studiane måtte vera skrivne på engelsk
  • Studiane kunne vera både empiriske og teoretiske
  • Studiane måtte vera publiserte mellom 2009 og 2019

Resultat

Etter gjennomgangen av dei 70 studiane sat forskarane igjen med 53 ulike kjenneteikn eller indikatorar på god kvalitet hjå ein rettleiar i lærarutdanninga, som blei gruppert i sju kategoriar.
Dei sju kategoriane poengterer at ein god rettleiar:

  1. samarbeider godt med universitetet eller lærestaden
  2. utviklar ein profesjonell kunnskap om og rolleforståing av rettleiing
  3. etablerer eit forhold prega av gjensidig læring med lærarstudentane
  4. støttar lærarstudentane si læring gjennom dialog og kritisk refleksjon
  5. gir gjennom eigen framferd praktiske døme på velfungerande undervising og skaper samanhengar mellom teori og praksis
  6. gir retning og støtte på ein empatisk måte
  7. har eit ope sinn og oppmodar lærarstudenten om å finna sin eigen læraridentitet

Forskarane merkar seg at sjølv om hovudtrekka kan oppsummerast i dei tre stikkorda samarbeid, kollegialitet og samhandling, fanst der i materialet òg andre, meir tradisjonelle førestillingar av kva å vere ein god rettleiar inneber. Desse gjekk i større grad ut på at ein rettleiar var ein eldre, meir erfaren kollega som formidlar hans eller hennar visdom til ein yngre kollega (novise). Men desse førestillingane blir ikkje reflektert i kunnskapsgrunnlaget som seier noko om kva som faktisk er effektiv og god rettleiing.

Implikasjonar

Forskarane bak studien konkluderer med at lista over kvalitetskjenneteikn gir ei brei, om enn ikkje fullstendig, oversikt, og at ho kan vera utgangspunkt for universitet så vel som skuleverk for å vidareutvikla praksisgjerninga. Dei poengterer sjølve at ei avgrensing ved lista er at ho held seg på eit teoretisk plan, og føreslår at vidare forsking kan innebera å samla data frå feltet for slik å gi funna eit grunnlag.
Forskarane poengterer at funna elles gir ei rekkje implikasjonar for prinsipp og praksis innan rettleiing. Resultata indikerer til dømes at universitet og andre høgare læringsinstitusjonar må halda fram arbeidet – saman med skular og lærarar – for å skapa relasjonar prega av samarbeid og dialog, eit felles syn på god undervising, ein felles visjon for rolla for kvar enkelt deltakar og ansvarstilhøva under praksisperiodar. Funna tyder i tillegg på at teorien som blir undervist i på lærarutdanningane kanskje bør bli betre integrerte med tilhøva ein opplever i praksis ute i skulane. Dessutan indikerer funna at formell skolering av rettleiarar bør gjennomførast i større grad.

REFERANSE:
Ellis, N. J., Alonzo, D. & Nguyen, H. T. M. (2019). Elements of a quality pre-service teacher mentor: A literature review. Teaching and Teacher Education, 2020, 92.

DOI: https://doi.org/10.1016/j.tate.2020.103072