Redusert karakterbruk i vurdering

Kjenner elevar og studentar som slepp karakterar seg meir motiverte og mindre stressa? Eller blir dei meir stressa og mindre motiverte dersom dei ikkje får vurdering i form av tal eller bokstavar? Forskinga på temaet gir ingen klare svar – karakterfri vurdering har fleire positive konsekvensar, men kan også by på utfordringar.

Published Sist oppdatert
Kva er eit forskingsnotat?

Eit forskingsnotat er ei forenkla og forkorta oppsummering av publiserte systematiske kunnskapsoversyn. Forskingsnotatet gjer forskinga mer tilgjengeleg og lesarvennleg.

Karakterfri skule kan auke studentmotivasjon og læring ved å redusere ytre press og fremje sjølvstendig tenking.

Jente står i forgrunnen i bildet og studerer et ark. I bakgrunnen er det et klasserom
GOD LÆRING? Karaktergiving har vore ein vanleg praksis i skolen, men i seinare tid har det vore retta kritikk mot at eit sterkt fokus på karakterar kan føre til at elevar meir tenkjer på å samanlikne seg med andre enn å lære. (Illustrasjonsfoto: Getty Images)

 

Studien

Dette forskingsnotatet er ei samanfatning av kunnskapsoversynet Reduced grading in assessment: A scoping review skrive av forskarane Dan-Anders Normann, Lise Vikan Sandvik og Henning Fjørtoft ved Institutt for lærarutdanning ved NTNU i Trondheim. Artikkelen blei publisert i tidsskriftet Teaching and Teacher Education i 2023.

Bakgrunn

I utdanningssystemet har karaktergiving vore ein vanleg praksis, men i seinare tid har ein trend mot å redusere eller heilt fjerne bruk av karakterar teke form. Dette skiftet har som mål å forbetre tilbakemeldingar til elevar, gjere vurderingar meir rettferdige, og redusere arbeidsbelastninga for lærarar og stresset for elevar.

Karakterar spelar fleire roller i utdanninga. Dei blir brukte for å identifisere elevar som kan møte utfordringar, men også som ein indikator på viktige aspekt for elevar, lærarar, foreldre og skolesamfunn. Samspelet mellom karaktergiving og anna form for tilbakemelding til elevar er komplekst. Det har vore retta kritikk mot at eit sterkt fokus på karakterar kan føre til at elevar meir tenkjer på å samanlikne seg med andre enn å lære. Det er foreslått at karakterar kan vere nyttige når dei blir kombinerte med personlege kommentarar, men elevane overser ofte desse kommentarane.

Det er ei veksande interesse for å undersøke om redusert bruk av karaktergiving kan forbetre utdanningskvaliteten. Dette inkluderer å vurdere korleis endringar i vurderingsmetoder påverkar elevmotivasjon og innsats.

Føremål

til Normann et al. har som mål å utforske grunnane bak argumenta for å bruke færre karakterar i skulen, og vil undersøkje kva forskinga viser om konsekvensane av å redusere karakterbruk. Studien utforskar under kva slags vilkår redusert karaktergiving finn stad, korleis redusert karaktergiving blir implementert, og kva det medfører. Forskingsspørsmåla som leier undersøkinga er (vår omsetjing): 1) Kva slags forsking byggjer redusert karaktergiving på? 2) kva kjenneteiknar redusert karaktergiving i vurdering?

Mannlig lærer hjelper student foran PC-skjerm
FREMJER LÆRING: Fleire av studiene i kunnskapsoversynet viser at karakterfir vurderingar kan auke motivasjon, fremje sjøvstendig tenking og oppmuntre eleven/studenten sin evne til å lære frå eigne feil. (Illustrasjonsfoto: Getty Images)

Inkluderte studiar

Studien er ein litteraturgjennomgang som kartlegg forsking innan karaktergjeving i skolen (scoping review). Forskarane søkte etter studiar som har utforska temaet i tre ulike databasar, bibliografiane til studiar dei fann i databasane, og i seks utvalde tidsskrift. Studiar blei inkluderte dersom dei 1) var publiserte mellom 2000 og 2021, 2) var fagfellevurderte og 3) skrivne på engelsk. Søket blei gjort mellom oktober og november 2021. Etter denne prosessen blei 23 studiar inkludert og analysert. Elleve av desse studiane var utførte i USA, åtte studiar var frå Europa, tre frå Asia og ein frå Australia. Sytten av studiane blei gjennomførte i høgare utdanning, fem i ungdomsskolen og ein på mellomtrinnet. Dei inkluderte studiane brukte både metodar (N=13) og - eller blanda metodar (N=10). Sytten publikasjonar brukte data om studentars prestasjonar eller oppfatningar som dei viktigaste datakjeldene, og to brukte data om oppfatningane til lærarar.

Resultat

Ei oppsummering av dei inkluderte studiane viser at overgangen til karakterfri skule kan auke studentmotivasjon og læring ved å redusere ytre press og fremje sjølvstendig tenking. Dette bidreg til betre velferd og risikovilje, samtidig som det oppmuntrar til læring frå feil. På same tid inkluderer utfordringar med å kutte karakterar forvirring rundt nye vurderingsmetodar og bekymringar blant lærarane for dårlegare studievanar og motivasjon hos studentane.

Grunnar til redusert karaktergiving

Dei inkluderte studiane nemner fleire grunnar til å kutte karakterar. Først og fremst er det for å forbetre tilbakemeldingspraksisar. Fleire studiar viser at studentar og elevar lærer betre gjennom formativ tilbakemelding, der dei utviklar sjølvvurdering og kritisk tenking. Den andre hovudgrunnen er forholdet mellom karakterar og motivasjon. Fleire publikasjonar indikerer at fjerning av karakterar kan auka studentanes motivasjon for læring, sidan karakterar ofte vert sett på som ytre motivasjon, medan eigeninteresse og engasjement i læringa vert fremja utan karakterpress. Vidare vert forbetring av studentar si velferd, sjølvregulering og livslang læring framheva som viktige grunnar. Dette inneber både kortsiktige og langsiktige fordelar, som forbetra studievanar og auka risikovilje i læringsprosessen, særleg i høgare utdanning der ein bytter ut karakterar med eit bestått/ikkje bestått-system. Den fjerde grunnen er å styrkje forholdet mellom studentar og lærarar og mellom studentar seg imellom, ved å redusere konkurransepress og fremje samarbeid.

Tre hovudstrategiar for implementering av redusert karaktergiving vart identifiserte: 1) overgang til eit stått/ikkje stått-system, 2) å slutte eller redusere bruk av karakterar, og 3) å gi tilbakemelding før karakter eller utsetje karaktergiving til seinare. Desse strategiane varierte i korleis dei vart sett i verk, og ofte blei karakterar bytta ut med detaljert, formativ tilbakemelding.

Fleire publikasjonar indikerer at fjerning av karakterar kan auka studentanes motivasjon for læring, sidan karakterar ofte vert sett på som ytre motivasjon, medan eigeninteresse og engasjement i læringa vert fremja utan karakterpress.

Konsekvensar av redusert karaktergjeving

Nokre studiar viste forbetra studentprestasjon og læring, medan andre rapporterte ingen endring eller til og med negative effektar. Auka motivasjon vart ofte rapportert, særleg når studentane vart oppmoda til refleksjon og sjølvregulering. I tillegg viste mange studiar at redusert karaktergiving hadde positiv innverknad på studentanes velferd, risikovilje og evne til å lære av feil. Men det vart også identifisert uventa utfordringar, som forvirring og nytt stress knytt til dei nye vurderingsmetodane. Nokre lærarar var uroa for at dette kunne føre til dårlege studievanar og motivasjon hos studentane.

Gutt sitter ved pult med et ark han leser og feirer med å knytte neven
MOTIVERANDE? Fleire lærarar i dei inkluderte studiene er redd for at manglande karaktergiving kan føre til mindre motiverte elevar. (Illustrasjonsfoto: Getty Images)

Implikasjonar

Analysen av dei inkluderte studiane viser at redusert karaktergiving er komplekst og avhengig av kontekst, og at det ikkje er ei enkel løysing på alle problem relatert til karaktergiving.

Forskarane bak studien konkluderer med at karakterfri skole er ikkje  ei universell løysing for å forbetre vurdering, men heller ein kompleks og kontekstavhengig praksis. Redusert karaktergiving kan ha positive konsekvensar som fremjing av læring, forbetring av læringsmiljøet, og styrking av forholdet mellom studentar og lærarar. Den kan også fremje indre motivasjon og hjelpe studentar å utvikle evna til livslang læring. Men redusert karaktergiving kan også få negative konsekvensar, som redusert studentprestasjon, dårlegare studievanar, eller redusert studentinnsats. Det kan også oppstå uventa utfordringar, som forvirring blant studentar, forsterking av lærarar sine oppfatningar om at karakterar er nødvendige for å fremje motivasjon, konkurranse mellom studentar og skaping av nye stresskjelder.

Normann et al. framhevar at forskinga på feltet er avgrensa og inkluderer lite systematisk bevis for redusert karaktergiving si påverknad på studentlæring eller velvære. Dei trur ein større og meir samanhengande kunnskapsbase kan bidra til ein rikare diskusjon om potensialet og konsekvensane av praksisen. Dei meiner vidare at forskarar bør vurdere eit breitt spekter av metodar for å forske på redusert karaktergiving, inkludert systematiske intervensjonar som testar effekten, tilnærmingar som involverer praktikarar i å finne løysingar, utvikling og bruk av nye teoretiske rammeverk eller perspektiv i forskinga, og tilnærmingar som undersøkjer vilkåra for når redusert karaktergiving blir implementert.

REFERANSE:

Normann, D. A., Sandvik, L. V., & Fjørtoft, H. (2023). Reduced grading in assessment: A scoping review. Teaching and Teacher Education, 135, 104336. https://doi.org/10.1016/j.tate.2023.104336