Skulebaserte tiltak for barn og unge med akademiske vanskar

Kva kan skulen gjere for å hjelpe elevar som står i fare for å prestere dårleg i akademiske fag? Dette kunnskapsoversynet samanfattar forsking på kor effektive skulebaserte tiltak er for å betre det faglege nivået til barn og unge frå 7. til 12. trinn.

Published Sist oppdatert
Forskingsnotat
Kva er eit forskingsnotat?

Eit forskingsnotat er ei forenkla og forkorta oppsummering av publiserte systematiske kunnskapsoversyn. Forskingsnotatet gjer forskinga mer tilgjengeleg og lesarvennleg.

Forskinga viser at tiltaka for elevar med høgare risiko for akademiske vanskar generelt var effektive i å betre elevresultata på dei standardiserte prøvane.

elev rekker opp hånda. foto: getty
Dette systematisk kunnskapsoversynet ser på effekten målretta skulebaserte tiltak kan ha på barn og unge som er i risikosona for å utvikle, eller som har utvikla, akademiske vanskar. (Illustrasjonsfoto: Getty Images)

Låge nivå av lese-, skrive-, og talkyndigheit er assosiert med ei rekke negative utfall seinare i livet. Desse negative utfalla kan til dømes vere lågare tilsetjingsrate, lågare inntekt, dårlegare helse og auka risiko for kriminell åtferd og rusproblem. 16% av innbyggjarane i OECD-landa mellom 25 og 34 år har ikkje fullført vidaregåande, og 20–25% av 15-åringar i PISA-undersøkinga har ikkje flytande lese- eller rekneferdigheiter. I nokre land vil dette talet vere lågare, men til og med i dei landa som presterer høgast, ligg dette talet på rundt 10%.

Bakgrunn

Elevar i risikosona for å utvikla akademiske vanskar (låge nivå av lese-, skrive-, og talkyndigheit) utgjer ei variert gruppe og kan vere vanskelege å identifisere, men kan til dømes vere elevar med lærevanskar, elevar som manglar støtte heime, elevar med sosioemosjonelle problem og framandspråklege elevar. Det som blir samanfatta i dette forskingsnotatet, undersøker kor effektive forskjellige skolebaserte tiltak er for elevar som er i risikosona for å utvikle eller allereie har utvikla akademiske vanskar.

Risikoen for å utvikle akademiske vanskar spring ofte ut av forhold utanfor skulen og vanskane startar som regel lenge før ungdomsskule eller vidaregåande opplæring. Artikkelforfattarane presiserer at det her er snakk om risiko – det er ikkje slik at elevar med eit ufordelaktig utgangspunkt nødvendigvis får akademiske vanskar i skulen, men at det kan vere dei treng tilpassa akademiske tiltak for å unngå ei negativ utvikling.

Risikoen for å utvikle akademiske vanskar spring ofte ut av forhold utanfor skulen og vanskane startar som regel lenge før ungdomsskule eller vidaregåande opplæring.

Føremål

Dette systematisk kunnskapsoversynet ser på effekten målretta skulebaserte tiltak kan ha på barn og unge som er i risikosona for å utvikle, eller som har utvikla, akademiske vanskar. Tiltaka som er inkludert kunnskapsoversynet er like varierte som elevgruppa dei er utvikla for. Dei skulebaserte tiltaka retta seg enten mot metode (mellom anna reduksjon av gruppestorleik eller tettare oppfølging), domene (til dømes leseforståing, algebra eller metakognitive evnar) eller begge.

Kunnskapsoppsummeringa omfattar studiar på elevar som skårar lågt på forskjellege standardiserte testar i skulen og studiar på elevar som høyrer til ei gruppe som blir sett på som sårbare for å utvikle akademiske vanskar grunna deira akademiske, mentale eller sosiale historikk.

Inkluderte studiar

Søket etter relevante studiar blei gjort etter syv kriterium. Studien måtte:

  1. fokusere på elevar frå 7. til 12. trinn (12–19 år) med akademiske vanskar (til dømes låg fagleg måloppnåing) eller elevar som var i risikosona for å utvikla akademiske vanskar (til dømes frå fattige lokalsamfunn)
  2. bruke tiltak med fokus på å forbetre akademiske ferdigheiter, vere utført i ein skulesituasjon innafor det vanlege skuleåret, og vere målretta
  3. ta i bruk eller samanlikne grupper som fekk ulike tiltak
  4. ha hovudfokus på faglege akademiske prestasjonar i lesing eller matematikk (målt med standardiserte testar), og ikkje på overgripande ferdigheiter, til dømes læringsstrategiar
  5. undersøke skulebaserte tiltak og vere gjennomført i ordinære skular (kostskular, offentlege og private skular) i OECD-land
  6. vere publisert mellom 1980 og 2018
  7. vere skrive på engelsk, tysk, dansk, norsk eller svensk

Studiar blei ekskluderte dersom intervensjonane primært fokuserte på elevar med fysiske lærevanskar, elevar med dysleksi eller elevar med nevropsykiatriske lidingar , eller om dei fokuserte på heile elevpopulasjonen og ikkje spesifikt på elevar med akademiske vanskar. Til saman 71 studiar blei inkludert i metaanalysen. Fleirtalet av studiane var frå USA, mens resten var frå Canada, Storbritannia, Nederland og Tyskland.

elever samarbeider. foto: getty
Dei mest effektive tiltaka har potensial til å minske forskjellar i ferdigheitene mellom elever med akademiske vanskar og elevar utan, viser studien. (Illustrasjonsfoto: Getty Images)

Resultat

Resultata frå dei forskjellege studiane viser at det er støtte i forsking for å ta i bruk skulebaserte tiltak for elevar med akademiske vanskar.

Dei mest effektive tiltaka har potensial til å minske forskjellar i ferdigheitene mellom elever med akademiske vanskar og elevar utan. Forskjellen mellom høg og lav risiko for å utvikle akademiske vanskar kan bli forstått som ein konsekvens av ulik tilgang til ressursar. Ein måte å arbeide rundt forskjellane og auke effektiviteten på er ved å tilby tiltak som består av forskjellege element, men elevmotivasjon blir trekt fram som eit spesielt viktig element.

På grunn av lite kunnskap om langtidsverkinga av tiltaka kan ikkje artikkelforfattarane seie om tiltaka burde bli tatt i bruk tidleg i utdanningsløpet eller ikkje. Forsking viser også at nokon tiltak kan vere effektive for dei yngre elevane, men ikkje ha nokon effekt for dei eldre. Samtidig gir forskarane si støtte til å prøve ut dei forskjellege tiltaka på dei eldre elevane, sjølv om ein ikkje veit om tiltaka vil ha effekt eller ikkje.

Implikasjonar

Forskinga viser at tiltaka for elevar med høgare risiko for akademiske vanskar generelt var effektive i å betre elevresultata på dei standardiserte prøvane. På grunn av dei blanda tiltaka i studiane kan artikkelforfattarane ikkje konkludere med kva for eit tiltak som gjorde størst utslag i resultatet. I studien kjem det også fram at ein ikkje kan sei noko om dei positive resultata er langvarige, eller ikkje. Det er derfor vanskeleg å komme fram til ein konklusjon om dei skulebaserte tiltaka er verdt å tilby, både om det er verdt å sette inn ressursane og om elevane vil ha nokon langtidseffekt av tiltaka. 

Mangelen på kunnskap om langtidseffektar av slike tiltak peiker på eit behov for meir forsking på området. Fagfeltet har også manglar når det kjem til forsking gjennomført i ikkje-engelskspråklege land. Over 90% av tiltaka som blei studerte i dette kunnskapsoversynet var gjennomførte i engelskspråklege land, spesielt USA. Det var også fleire studiar som fokuserte på tiltak innanfor lesing enn på matematikk.

referanse:

Dietrichson, J., Filges, T., Klokker, R. H., Viinholt, B. C. A., Bøg, M. & Jensen, U. H. (2020). Targeted school-based interventions for improving reading and mathematics for students with, or at risk of, academic difficulties in Grades 7–12: A systematic review. Campbell Systematic Reviews, 16(2). DOI: https://doi.org/10.1002/cl2.1081.