Undervisings- og læringssamarbeid i høgare utdanning

Kollegasamarbeid og utarbeiding av felles planar og undervisingsopplegg er ikkje ukjende metodar for profesjonsutvikling blant lærarar i barnehage og barne- og ungdomsskule, men metoden er ikkje like mykje brukt blant undervisingspersonell i høgare utdanning. Dette forskingsnotatet presenterer ei oppsummering av kunnskap om undervisings- og læringssamarbeid, eller «Lesson Study», blant undervisingspersonell i høgare utdanning.

Published Sist oppdatert
Forskningsnotat
Hva er et forskningsnotat?

Et forskningsnotat er en forenklet og forkortet oppsummering av publiserte systematiske kunnskapsoversikter. Forskningsnotatet gjør forskningen mer tilgjengelig og leservennlig.

Ei dreiing av undervisaren si innstilling til arbeidet frå lærarsentrert til studentsentrert vil generelt gagna studenten.

Bakgrunn 

Undervisings- og læringssamarbeid er ein etter kvart kjend profesjonsutviklingsmetode i utdanningssektoren generelt, men ho blir definert og brukt på forskjellige vis i forskjellige institusjonar og land. Lesson Study er opphaveleg frå Japan, men frå 1990-talet, og særskilt på 2000-talet, spreidde metoden seg verda over. Lesson Study er ein profesjonsutviklingsmetode og samarbeidspraksis som inneber at ei gruppe lærarar saman finn ut kva dei ønskjer å lære om studentane si læring (dei definerer eit forskingsspørsmål) og deretter samarbeider dei om å hente inn kunnskap som dei treng til å  utforme ein undervisingsplan eller eit design  for å auke studentane si læring. Dei har bestemt kva dei vil observere og kva dei treng av data for å kunne svare på forskingsspørsmålet sitt, og dei fordeler oppgåver mellom alle som er i gruppa. Metoden inneber ein syklisk prosess som gir lærarar moglegheiter til å samarbeide om å prøve ut nye undervisingspraksisar og -materialar og til å hente inn data om studentanes læring som dei treng for å kunne vurdere om designet og oppgåvene som blei gitt, var gode nok. Denne måten å arbeide på har som mål å trekke på kompetansen og kapasiteten til fleire av lærarane og sørger for at lærarane ikkje blir ståande åleine i for- og etterarbeidet eller med erfaringane frå undervisinga.  

Dei ulike trinna av metoden utgjer til saman ein syklus som tar i bruk reflekterande praksisar som opnar for innsyn og innsikt i undervising og læring for lærarkollegiet. Følgande aspekt blir trekte fram som fordelar med Lesson Study:  

  1. potensialet for utvikling av og nytenking om pensum 
  1. potensialet for å vidareutvikle undervisings- og instruksjonspraksisar og gjere undervisinga meir effektiv 
  1. potensialet for utvikling av ein profesjonell kunnskapsbase om undervisingsstrategiar i lærarkollegiet  
  1. potensialet for å fremme ei studentorientert haldning til undervising og for større innsikt i behova til studentane 

I tillegg kan Lesson Study hjelpe til å styrke relasjonane mellom undervisarane i institusjonen fordi dei får meir innsikt i styrkane til kollegaene og utfordringar dei strir med. I sum svarar syklusen til det ein kan kalla eit undervisings- og læringsfellesskap kor undervisarane saman søker profesjonell utvikling for å auke studentane sitt læringsutbytte.   

Føremål 

Det  1 som ligg til grunn for dette forskingsnotatet, har som formål å undersøkje og analysere kva forskingslitteraturen seier om praksisar og resultat knytt til Lesson Study i høgare utdanning. Kunnskapsoversikta kan belysa fordelar med metoden, både for aktive undervisarar og for undervisarar under opplæring. Ho kan òg seie noko om: 

  • resultat av Lesson Study for undervisarar og for dei lærande (her: studentar i høgare utdanning) 
  • kor effektiv metoden er for den profesjonelle utviklinga til undervisarar knytt til forskjellige fagområde i UH-sektoren (til dømes språk eller matematikk) 
  • utfordringar med å nytta metoden i andre kulturelle kontekstar enn den japanske  
  • utfordringar og fordelar ved å bruke metoden i opplæring av undervisarar og forhold som påverkar implementeringa av metoden i opplæringa 
  • korleis arbeidet med observasjonar av undervising og læring blir diskutert i studiar av Lesson Study som del av opplæringa av undervisarar. 

Inkluderte studiar 

For å bli inkludert i det  måtte studien svara til fylgjande kriterium:  

  • vere publisert mellom 1997 og 2019 
  • vere skriven på engelsk eller spansk 
  • fokusera på Lesson Study-samarbeid blant undervisarar, inkludert undervisingsassistentar, i høgare utdanning 
  • vere publisert som artikkel i vitskapeleg tidsskrift eller som kapittel i bok (det vil seie at til dømes konferanseinnlegg og anna grå litteratur2 vert ekskludert). Fordi doktorgradsavhandlingar ofte òg blir publiserte som artiklar eller bokkapittel, blei slike avhandlingar utelatne frå det   for å unngå duplikat  
  • vere 3 

Kvaliteten på studiane blei vurdert etter 13 parameter som kvart og eitt kunne gje to poeng. Ein studie kunne altså få ein maksimal skår på 26 poeng. Berre studiar som skåra 19 poeng eller meir blei inkluderte og dette resulterte i at 20 tidsskriftartiklar og berre eitt bokkapittel blei inkludert i den systematiske kunnskapsoppsummeringa. Av dei til saman 21 studiane var 12 utførte i USA, fire i Tyrkia, to i Indonesia, ein i England, ein i Irland og ein i Spania. Alle var publiserte mellom 2011 og 2019. 

Resultat 

20 var publiserte som  artiklar i 15 forskjellige tidsskrift og ein var publisert som bokkapittel, og majoriteten av dei inkluderte studiane var publisert i tidsrommet 2016–2019. Dei fleste av dei 21 studiane var utførte av fleire, men aldri fleire enn fire, forskarar. To av forskarane var involverte i meir enn ein studie. Fagområda språk og skriving (= 7, 33,22%) og matematikk og statistikk (= 5, 23,81%) var høgast representerte blant studiane. Med unntak av to studiar var det færre enn sju deltakarar, det vil seie undervisarar eller undervisingsassistentar, i alle studiane.  

Resultata av undervisingssamarbeid blei kategorisert i fem tema på tvers av dei 21 studiane:  

  1. Tilnærming til undervisings- og læringsarbeid:  
    Det resultatet som hyppigast blei rapportert som ei positiv effekt av Lesson Study- samarbeid, var at deltakarane sitt fokus blei flytta frå undervising til læring. Denne endringa var eit resultat av undervisarane sine felles pedagogiske refleksjonar og diskusjonar rundt teoriar og haldningar knytt til læring og til den som lærar, altså studenten, inkludert utfordringar studenten møter i læringsarbeidet. Undervisarane fekk dermed ei betre forståing for og ble meir oppmerksame på studentane sine behov, deira tankeprosessar og kva som kunne forvirre dei i læringsarbeidet. Trass i dette viste ikkje alle studiane dei same positive resultata. Ein av studiane fann at det var avvik mellom det undervisarane sa og det dei gjorde. Ein annan av studiane peikte på at undervisarane heldt fram med lærarsentrert undervising og engasjerte seg lite i refleksjon rundt eigne praksisar, haldningar og erfaringar med undervising og læring. Ein tredje studie viste at undervisingsassistentar som inngjekk i undervisingssamarbeid, for det meste reflekterte på eit grunt og deskriptivt nivå og aldri nådde eit høgare refleksjonsnivå.   
  1. Utforming av undervising:  
    I tilfelle kor undervisings- og læringssamarbeid resulterte i ei dreiing av fokus frå undervisar til student, blei undervisinga utforma på ein annleis måte enn tidlegare, med meir interessante aktivitetar, meir meiningsfulle undervisings- og læringserfaringar og generelt betre læringsprosessar.  
  1. Samarbeid: 
    Fleire av studiane viste ein sterk samanheng mellom Lesson Study-samarbeid og endringar i undervisarane sine praksisar. Samarbeid førte til at undervisarane lærte av kvarandre og til at undervisingskollegiet blei styrka. Ein av studiane viste òg at slik samarbeid hjelpte undervisingsassistentar til å etablere ein praksisfellesskap. Andre studiar fann mindre positive effektar av undervisingssamarbeid, blant anna ein mangel på samanheng og allmenn semje blant undervisarane, autoritetetsutfordringar og motvilje mot å gje eller ta imot råd og kritikk frå kollegaer. I to av studiane var det deltakarar som var motvillige til eller nekta å la seg observera eller bli filma mens dei underviste. Vidare peikar ein studie på at undervisingsassistentar med nye undervisingsidear kan føle ubehag ved å bli observerte av meir erfarne undervisarar som ikkje støttar assistentane sine idear. 
  1. Deltakarane sine praksisar og kunnskapar: I tilfelle kor deltakarene praktiserte Lesson Study, komplimentert med arbeidsgrupper (workshops) over lengre tid, førte praksisen til ei vidareutvikling av undervisarane si konseptuelle forståing og endringar i deira pedagogiske innsikt, til meir effektiv tidsbruk og til betre sjølvtillit og erkjenning av mellom anna eigne kjensler, erfaringar, haldningar og tankar (self-validation).  
  1. Lesson Study som praksis: Deltakarane var i det heile positive til Lesson Study-samarbeid som praksis og dei bygde òg ei interesse for forsking på temaet. Samstundes uttrykte fleire deltakarar på tvers av studiar at praksisen òg medførde utfordringar, som beslaglegging av tid, samt at dei fann metoden for rigid og at han stengde for kreativitet. To av studiane foreslår støtte til tilrettelegging og styring/avvikling av opplegget som måtar å imøtegå desse utfordringane på, til dømes ved å invitere inn ein ekspert utanfrå gruppa når gruppa skal diskutere og reflektere rundt undervisingsopplegget etter at det er implementert i undervisingsrommet. Ein utanforståande kan blant anna hjelpe til å løfte refleksjonen opp på et høgare nivå eller stimulere til meir diskusjon.  

Summa summarum peiker det systematiske kunnskapsoversynet på at Lesson Study-samarbeid i høgare utdanning, som i grunnutdanninga, kan virke inn på det ein kan kalle undervisingsfilosofien til undervisarar fordi praksisen fordrar diskusjon, analysar og refleksjon rundt blant anna einskilde og felles haldningar, tankar, kunnskapar, praksisar og erfaringar. Ei dreiing av undervisaren si innstilling til arbeidet frå lærarsentrert til studentsentrert vil generelt gagna studenten. Desse moglege og positive utkomma av praksisen utelukkar likevel ikkje utfordringar med implementeringa og avviklinga av slikt samarbeid, blant anna i møte med hierarki, autoritet og kulturelle/institusjonelle konvensjonar.  

Implikasjonar 

Det er framleis relativt få spansk- eller engelskspråklege empiriske studiar om Lesson Study som profesjonsutviklingsmetode eller samarbeidspraksis blant undervisarar og deira assistentar i høgare utdanning, og dei empiriske studiane som er publiserte, er publiserte av eller prega av eit lite utval forskarar. Dette gjer at det anglo-europeiske forskingsfeltet er dominert av amerikansk forsking samt at det i nokon grad er sjølvrefererande. Det at få forskarar dominerer forskingsfeltet, men at så få av desse er involverte i meir enn ein studie, kan føre til mindre kontinuitet i forskingsfeltet. Sjølv om Lesson Study-samarbeid som profesjonsutviklingsmetode og relevant forsking er i vekst verda over, vil meir internasjonalt tilgjengeleg og publisert forsking på temaet utført av fleire, men òg nokre sentrale forskarar bidra til ein utvida diskusjon av og meir stabil og presis kunnskap om bruken av Lesson Study i høgare utdanning, som igjen kan bidra til teoriutvikling knytt til temaet. Framtidige kunnskapsoversyn som inkluderer grå litteratur i oppsummeringsutvalet vil kunne bøte på ein del av desse hòla. Det vil òg gagna forskinga på temaet om framtidige studiar nyttar større deltakarutval enn det som var tilfelle i studiane som ligg til grunn for dette kunnskapsoversynet. Avslutningsvis vil det vere nyttig om framtidig forsking på temaet diskuterer praksisen på bakgrunn av organisasjonen/kulturen undervisinga skjer i (kontekstuell diskusjon) og ikkje berre på bakgrunn av den teoretiske kunnskapen om temaet, først og fremst for å avdekke korleis metoden blir implementert i praksis og kva positive og negative effektar han kan ha for undervisar og undervising.   

Tekstboks