Arbeid med bachelor- og masteroppgåver i lærarutdanningane

Rapport som er ein del av arbeidet til Fagleg råd for Lærerutdanning 2025.

Published Sist oppdatert

Historie bachelor, illustrasjonsfoto

Fagleg råd for Lærerutdanning 2025 har publisert ein rapport som kan vera nyttig for deg som lærarutdannar i arbeidet med studentar som skal skriva bachelor- og masteroppgåver.

Rådet skal utarbeide fagleg funderte analysar og tilrådingar til bruk i oppfølginga av den nasjonale strategien Lærerutdanning 2025. Siste publisering er «Arbeid med bachelor- og masteroppgåver i lærarutdanningane», publisert i desember 2022. Det ble i det høvet arrangert eit frokostseminar om temaet, og video frå seminaret kan du sjå her.

Faglig råd for Lærerutdanning 2025 blei oppretta i samband med strategien Lærerutdanning 2025. Basert på faglege vurderingar skal rådet gi regjeringa og Nasjonalt forum for lærerutdanning (NFLP) tilrådingar for å nå måla i den nasjonale strategien Lærerutdanning 2025.

Medlemmane i rådet bidrar med kunnskap og erfaringar frå ulike delar av sektoren og relevante forskingsområde og er personleg oppnemnde av Kunnskapsdepartementet.

Her finner du mer informasjon om Faglig Råd for Lærerutdanning 2025