Profesjonsnære utdanningar over heile landet

Melding til Stortinget, Meld. St. 19 (2023–2024). Tilråding frå Kunnskapsdepartementet 5. april 2024, godkjend i statsråd same dagen.

Publisert Sist oppdatert

Tegning av person som går opp en trapp og leser
(Illustrasjon frå profesjonsmeldinga)

Lærarar, ingeniørar og helse- og sosialfagleg personell har nøkkelroller for velferd og verdiskaping i det norske samfunnet. Framover vil dei møte eit arbeidsliv i stor endring. Vi treng at fleire utdannar seg til desse profesjonsyrka og at utdanningane blir meir profesjonsnære. Regjeringa vil derfor styrke den erfaringsbaserte kunnskapen, gi fagmiljøa større handlingsrom og gi fleire moglegheiter til å utdanne seg til desse viktige yrka.