Campus Ullandhaug: På historisk grunn

Det er historisk sus over campus til Universitetet i Stavanger på Ullandhaug. Herfrå ser vi ned på Hafrsfjord, der Harald Hårfagre i år 872 svinga sverdet og samla Noreg til eitt rike.

Publisert Sist oppdatert
Dronefoto av campus Ullandhaug
Campus er grønt og frodig, med tre og store plenar kor du kan slappe av med ei bok, eller ta ein pause frå studia.

Også sentrale politikarar i Stavanger sette seg eit høgt mål då dei i 1966 vedtok å regulere 1300 dekar, det vil seie omlag 200 fotballbaner, på Ullandhaug til eit universitetsområde. Grunnlaget for Universitetet i Stavanger var lagt.

No kallar vi universitetsområdet for ”campus” på UiS. Campus ligg både sentralt og landleg til. Det er berre ti minutt med buss til Stavanger sentrum og sykkelavstand til studentbustadene. Du kan bli nærare kjend med området ved å sjå på vårt interaktive kart.

Campus er grønt og frodig, med tre og store plenar kor du kan slappe av med ei bok, eller ta ein pause frå studia. Joggarar, idrettslag, turgåarar og barnehagar brukar området flittig. Her finn du også Universitetsbiblioteket, bokhandel, kafear, kaffibar, treningsfasilitetar og helsetenester. Og det kort veg frå campus til både skog og hav.

Dei seks fakulteta ligg i hovudsak på Ullandhaug, fordelt på fleire bygningar. Eit unntak er Fakultet for utøvande kunstfag, som ligg i idylliske omgivnader i Bjergsted, i Stavanger sentrum. Fakultetet  er næraste nabo til Konserthuset i Stavanger.

Studentekspedisjonen, opptakskontoret, studierettleiinga, rektoratet, leiinga og administrasjonen held til i Arne Rettedals hus, eit naturleg midtpunkt på campus, omgjeve som det er av gangstiar og uteområde.

Som student ved UiS har du unike treningsforhold. SiS sportssenter opna ved semesterstart i 2005, og har fleire år blitt kåra til det beste treningssenteret i byen.

Velkomen skal du vere!

Mat og drikke

Du skal ete godt

Ingen er gode studentar utan god mat. Heldigvis har du fleire tilbod når svolten melder seg. Kafeane på universitetsområdet er kjende for god mat til ein fornuftig pris. Dei fleste kafeane vert drivne av SiS, Studentsamskipnaden i Stavanger

SiS kafe i Arne Rettedals hus, UiS

Studentkafeane på universitetsområdet fungerer som sosiale treffstader på campus. SiS kafé tilbyr mat som er rimeleg og sunn. På menyen finn du fleire middagsrettar, salatbar, vegetarmat, pizza og variert kaldmat.

Bokkafeen i Kjølv Egelands hus, UiS

Bokkafeen i Kjølv Egelands hus på campus tilbyr te og espresso-baserte kaffidrikkar. Smoothies, vin, øl og andre kalde drikkar kan du nyte medan du lyttar til musikk eller les, eller berre slappar av i ein sofa. Bokkafeen har både inne- og uteservering.

Bokhandel og bibliotek

Glad i bøker?

Som student treng du bøker. Heldigvis - du treng ikkje forlate universitetsområdet for å få tak i det du treng. Både Universitetsbiblioteket og SiS bok har gode tilbod til studentar.

Kongsgårdstuen i Univeristetsbiblioteket

Universitetsbiblioteket er plassert i Kjølv Egelands hus. Her finn du det du treng, og det du ikkje finn, kan skaffast. Samlingane der dekkjer dei fem fakulteta som held til på Ullandhaug: Det Teknisk-naturvitenskapelige fakultetDet Samfunnsvitenskapelige fakultet, Det Helsevitenskapelige fakultetHandelshøgskolen UiS og Fakultetet for Utdanningsvitenskap og humaniora.

Avdeling Bjergsted ligg i Bjergstedparken nær Stavanger sentrum, og dekkjer faga innanfor musikk og dans. På lytterommet kan du lytte til musikk fra platesamlinga, som består av i alt ca 4000 CD-plater og 3000 LP-plater innan klassisk musikk, jazz og folkemusikk.

Arkeologisk museum i Stavanger sentrum sitt biblioteket er open for besøkjande og for alle med interesse for historie. Biblioteket har eit stort utval av bøker og tidsskrifter.

Studentsamskipnaden har ein stor bokhandel, Akademika, omtrent midt på universitetsområdet, i Kitty Kiellands hus. Her finn du pensumlitteraturen du treng, ei skjønnlitterær avdeling, samt studiemateriell.

Bli med på Fadderfestivalen 2024!

Ny student, og usikker på hvordan du kan kickstarte studenttilværelsen faglig og sosialt? I så fall bør du bli med på Fa...

Søk om å bli vår neste ECIU-studentambassadør

Er du interessert i en spennende mulighet til å representere UiS innen et internasjonalt konsortium av europeiske univer...

Kortere opphold i utlandet

Utenlandsopphold for studier eller praksis trenger ikke alltid vare i et helt semester. Sjekk hvilke muligheter som finn...

Reduserte opningstider på campus Ullandhaug

UiS innfører kortare opningstider i bygningar på den sentrale campusen vår i sommar.

Hva bør du tenke på når du velger land for utveksling?

Gjør deg kjent med mulige vertsland før du søker om utveksling.

Akademisk kalender

Offisielle semesterdatoer for Universitetet i Stavanger.

Er graset alltid grønare med meir utdanning?

Må du ta ny utdanning for å få ein ny jobb? Kan kompetansen din vera nyttig i ein heilt annan bransje? Kva er eigentleg ...

Kjenner du ein UiS-student eller ein UiS-tilsett som er utprega samfunnsengasjert og særs god til å formidle?

No kan du nominere kandidatar til Universitetsfondets pris for formidling og samfunnsengasjement.

Teltleir for Palestina på campus

Organisasjonen Studenter for Palestina Stavanger skal ha teltleir på campus Ullandhaug frå torsdag 16. mai.

Simon Kolsum tok ein mastergrad i byplanlegging – her er hans beste råd til nye studentar

Simon Kolsum (27) sikra seg fast jobb før han hadde levert masteroppgåva. Han er takknemleg for den tverrfaglege kompeta...

Parkeringsavgift på campus er utsatt

Det blir ikke innført parkeringsavgift på campus Ullandhaug før tidligst høsten 2024.

Karakterpress

De aller fleste studenter kjenner på karakterpress fra tid til annen. Men hvor kommer det fra, og er det egentlig så vik...

Kunstig intelligens

Hva er egentlig kunstig intelligens? Hvordan forandrer det høyere utdanning? Og har det mye å si for hva slags jobb man ...

UiS Elektronikklubb

Er du interessert i elektronikk? Da kan UiS Elektronikklubb være studentorganisasjonen for deg.

Tilrettelegging

Studenter med funksjonsnedsettelse eller særskilte behov har rett til egnet individuell tilrettelegging av lærested, und...

Kriminalomsorg

Her kan du finne ressurser knyttet kriminalomsorgens forhold til sosialt arbeid og barnevern.

Innovasjon i sosialt arbeid og barnevern

Her finner du ressurser knyttet til innovasjon i sosionom- og barnevernsfeltet.

Saksbehandling i barnevernet

Her finner du ulike ressurser knyttet til saksbehandling i barnevernet.

Studentbyen var tema på studentparlamentmøte

Hvordan gjøre Stavanger til en enda bedre studentby? Det var tema på årets tredje møte i Studentparlamentet den 21. mars...

Tiltak i barnevernet

Her finner du ulike ressurser knyttet til tiltak i barnevernet.