EFMD-akkreditering til masterprogrammet i økonomi og administrasjon

Handelshøgskolen ved UiS er første handelshøgskole i Noreg med akkrediteringa EFMD Programme Accreditation.

Published Sist oppdatert

EFMD Programme Accreditation er det leiande internasjonale systemet for kvalitetsvurdering og akkreditering av studieprogram innanfor økonomi og leiing.

– Programakkrediteringa frå EFMD er ei solid anerkjenning av det systematiske kvalitetsarbeidet som er gjort ved Handelshøgskolen ved UiS dei siste åra. I vurderinga av programmet trekker EFMD spesielt fram den høge faglege kvaliteten på forelesarane og den solide forskingsbaserte undervisninga i masterprogrammet vårt, seier dekan Ola Kvaløy. 

Dekan Ola Kvaløy

Bidrar til å tiltrekke internasjonale studentar til programmet

Akkrediteringa er eit kvalitetsstempel som viser at programmet held eit høgt internasjonalt nivå. For studentane betyr dette at utdanninga vil gjere dei fagleg sterke og attraktive på arbeidsmarknaden. For arbeidsgivarar vil det være ein indikasjon på at kandidatane dei rekrutterer er godt kvalifiserte.

Studieprogramleiar Yuko Onozaka meiner at akkrediteringa også kan bidra til at fleire internasjonale studentar søker seg til masterprogrammet.

Studieprogramleiar Yuko Onozaka

– For oss er det viktig å rekruttere gode internasjonale studentar fordi dei berikar programmet gjennom å utvide perspektiva våre og stimulere til læring. Akkrediteringa frå EFMD viser at programmet vårt oppfyller internasjonale kvalitetsstandardar, og det gjer oss meir synlege for studentane vi ønsker å tiltrekke oss, seier Onozaka.

Mål om å bli ein internasjonalt anerkjend handelshøgskole

Kvaløy påpeiker at akkrediteringa ikke berre er eit kvalitetsstempel. Sjølve akkrediteringsprosessen er også ein metode for å vidareutvikle skolen og betre kvaliteten. EFMD krev jamleg reakkreditering, noko som betyr at Handelshøgskolen ved UiS stadig må forbetre seg og vise at kvalitetsstempelet er fortent.

– Programakkrediteringa er eit steg på vegen mot vårt langsikte mål om å bli ein internasjonalt anerkjend handelshøgskole. Vi vil også satse vidare mot internasjonal institusjonsakkreditering, seier Kvaløy.

Tekst: Silje Marnburg Ellefsen

Les meir om studiet