IVAR opnar gjenbruksbutikk på campus

No kan studentar og tilsette handle brukte ting, klede og møblar billig på campus Ullandhaug. Butikken opnar samtidig med semesterstart.

Published Sist oppdatert

To kvinner med gul og blå arbeidsdress står i rom med mange ting
Bruktbutikkansvarleg Gerd Aasen (t.v.) og driftsteknikar Karoline Braut i IVAR har brukt dei siste vekene på å gjere klar Ombrukshuset, som skal opnast ved semesterstart på Campus Ullandhaug.

Måndag 14. august opnar IVAR ei gjenbrukstenestene i den gamle skulestova som ligg mellom Hagbart Line og Kjell Arholms hus på campus Ullandhaug.

Gjenbruksbutikken har fått namnet Ombrukshuset og IVAR-tilsette har ansvar for tenesta som vil ha opent kvar dag i den første veka i semesteret – altså veke 33. Butikken vil vere opent to gonger i veka heile haustsemesteret.

– Vi gler oss til å kome i gong. Brukte ting og møblar er midt i blinken for studentar som skal leve på studielån, meiner Anne Brit Syvertsen, seksjonsleiar for Forus og Sele gjenvinningsstasjon.

Frå Forus til Ullandhaug

I butikken finn ein mykje kjøkkenutstyr, glas og koppar, mikrobølgeomnar og kjøkkenmaskinar – i tillegg til klede og møblar på loftet. Alt med tanke på kva som kan egna seg i ein studenthybel.

Tilsette på IVAR sorterer ut brukbare ting som folk kjem til gjenvinningsstasjonen på Forus for å kvitte seg med. Tinga blir plassert på Bruktbua Bruktbutikk på Forus. Nokre av desse tinga hamnar i Ombrukshuset på Ullandhaug.

Ettersom det ikkje er så enkelt for studentane å kome til Forus, har IVAR oppretta eit gjenbrukstilbod på UiS sin campus.

– Når ikkje studentane kjem til oss, så kjem vi til studentane, held Syvertsen fram og legg til:

– Alle er velkomne å kjøpe billige, brukte ting i Ombrukshuset, studentar, tilsette og nabolaget på Ullandhaug.

I ein grå liten postkasse kan studentane legge forslag til kva dei treng, så vil dei tilsette hente det på Forus.

Kan levere inn brukbare ting

I dag er det ofte slik at studentar som avsluttar opphaldet sitt og flyttar ut av studentbustadene på campus ikkje har noko anna råd enn å kaste ting som dei ikkje vil ta med seg vidare, i ein konteinar.

To kvinner i gul og blå dress står på trapp i inngangspartiet i lite trehus
IVAR har oppretta ein gjenbruksbutikk i den gamle skulestova som ligg mellom Hagbart Line-huset og Kjell Arholms hus på campus Ullandhaug.

No kan studentane heller ta kontakt med dei som står på Ombrukshuset.

Det kan vere kjøkken-ting som fat, glas og koppar. Det kan også vere sko og klede – til og med stolar og møblar er det plass til i skulestova.

– Ja, når ein student skal flytte ut av studentbustaden sin, kan studenten sjølvsagt ta kontakt for å høyre om det er noko som kan leverast inn til oss i IVAR for videre ombruk. Så vurderer dei tilsette tilstanden til det som blir levert inn, seier Syvertsen.

Prøveprosjekt

– Dette er ei ordning som skal auke graden av ombruk og bidra til at vi kastar færre ting, seier Roy Sokn Adsen, driftssjef i avdeling for bygg og arealforvaltning ved UiS.

Dette skal auke graden av ombruk og bidra til at vi kastar færre ting

Roy Sokn Adsen , driftssjef ved UiS

Han er glad for samarbeidet med IVAR. Om det blir ei varig ordning kjem litt an på interessa blant studentar og tilsette og andre gjestar på campus. 

– Vi skal først køyre dette som eit prøveprosjekt. Så skal vi evaluere dette tiltaket ved semesterets slutt og sjå om dette er noko vi skal halde fram med, seier Adsen.

Opningstider:

Kvar dag i uke 33 frå kl. 11:00 til 15:00
Framover hausten 2023:
Tysdag: 11:00 til 15:00
Torsdag: 11:00 til 15:00

Tekst og foto: Karen Anne Okstad

Les meir om grøn omstilling på UiS