Kortfilmar skal lære studentar statistikk

– Statistikk er kanskje det faget som aller flest studentar slit med. Meg sjølv inkludert då eg var student, seier statistikk-professor Jo Røislien. Derfor har han laga eit visuelt kræsjkurs i statistikk.

Published Sist oppdatert
Illustrasjon: skjermbilde fra video med Jo Røislien
'Kræsjkurs i statistikk' er eit lågterskel supplement til grunnkurs i statistikk (Illustrasjon: Skjermbilde frå Youtube).

Statistikk har på få år gått frå å vera eit fag for dei spesielt interesserte, til å bli noko alle må kunna noko om. Samtidig er det eit fag som mange slit med å forstå.

– Statistikkfaget er fullt av nye og ukjende abstrakte omgrep for dei fleste, og lite konkret som menneskehjernen kan halda fast i. Sidan me menneske forstår verda gjennom sansane våre – ting me kan sjå og lukte og høyra og ta på – så blir det å læra abstrakte matematiske fag ekstra vanskeleg, forklarer Jo Røislien.

Han er professor i medisinsk statistikk ved Universitetet i Stavanger. Han er òg ein av dei fremste vitskapsformidlarane i landet vårt med lang erfaring frå videoproduksjon mellom anna for NRK og Discovery Channel.

Treng meir kreativitet

– Tal som informasjonsberar har gått inn i så godt som alle fag. Statistisk analyse er derfor heller ikkje lenger eit fag som berre er reservert for matematikksterke og -interesserte studentar, men eit fag som så godt som alle studentar må ha, seier han vidare.

Det betyr at undervisninga må endrast til å ta dette inn i seg. Faget kan ikkje lenger berre undervisast med utgangspunkt i at studentane som skal ta faget meistrar det matematiske språket som statistikken er bygd på.

Derfor har han laga eit visuelt kræsjkurs i statistikk som kan brukast som eit supplement i undervisninga. Du kan sjå alle filmane på Youtube.

– Det er ein serie med 16 korte filmar, typisk 2-3 minutt, som går gjennom grunnleggjande statistikk ved bruk av pappkassar, klossar, perler, klistremerke og statistar. Kræsjkurset byrjar med det heilt grunnleggjande, og hjelper sjåaren varsamt oppover statistikk-stigen, trinn for trinn. Statistikk som er konkret, og ikkje abstrakt, fortel han.

Kvifor er det viktig å kunna statistikk?

Samfunnet er fullt av tal, avisene er fulle av tal, og forskingsresultat blir presenterte som tal og statistiske analysar.

– Skjønar ein ikkje kva tal er, og kva ein kan - og ikkje kan - gjera med tal, så blir ein teke frå ein heilt grunnleggjande innsikt i kvifor samfunnet blir styrt i den eine eller andre retninga, seier Røislien.

Han fortel at dei matematiske faga er ekstra vanskelege å undervisa og forstå, sidan matematikken er grunnleggjande abstrakt av natur. Når matematikken blir brukt av andre fag, derimot, blir det praktisk. Då blir det helseforsking, ingeniørfag og økonomi.

– Desse statistikk-videoane er laga med dette som bakteppe. Dei er utvikla for å gi ein praktisk og taktil inngang til statistikkfaget. Videoar som bidreg til å laga nokre konkrete knaggar som fagkunnskapen kan hektast på. Ting ein kan sjå og lukte og høyra og ta på, seier professoren.

– Eg har allereie brukt filmane i undervisning for ulike studentar på helsefag – og dei er svært begeistra, legg han til.

Filmane er laga i samarbeid med Universitetet i Agder. Målet er å hjelpa studentane til å fortare og betre forstå det statistikk-faget som så mange slit med. Prosjektet er finansiert av senteret MatRIC ved Universitetet i Agder.

Kontakt:

Professor i medisinsk statistikk
Det helsevitenskapelige fakultet
Avdeling for kvalitet og helseteknologi
Sjå episode 1 om søylediagram her. Du finn denne og dei 15 andre på YouTube.