Skal gjennomgå kommersiell drift av velferdstenester

UiS-professor Ingunn Tollisen Ellingsen sit i eit regjeringsoppnemnt utval som skal sjå på korleis kommersiell drift kan utfasast i ulike skattefinansierte velferdstenester.

Published Sist oppdatert

Kvinne med briller og beige bluse står ute i grønne omgivelser.
Professor Ingunn Tollisen Ellingsen er med i eit regjeringsoppnemnt utval som skal sjå på korleis kommersiell drift kan utfasast i ulike skattefinansierte velferdstenester. Foto: UiS/Live Kolstad Kvalsvik.

– Det er ei tillitserklæring, og eg har respekt for oppgåva og ansvaret som ligg i å sitte i eit slikt utval, seier Ellingsen.

Tek med seg erfaring frå Nettverk for velferdsforsking

Saman med 12 andre medlemmer med variert fag- og erfaringsbakgrunn, skal Ellingsen fram mot 20. juni 2024 jobba med ei utgreiing, som skal leverast i form av ein NOU (Noregs offentlege utgreiingar). Utvalet skal i tillegg levere ein delrapport med framlegg om juridisk definisjon av ideelle verksemder.

– Det er eit viktig mandat, og eg er takksam for moglegheita til å gå inn i ei problemstilling der eg kan bruke mi kompetanse inn i det som opplevast som ei viktig samfunnsoppgåve, seier Ellingsen.

Professoren har si ekspertise innan barnevern og er leiar for Nettverk for velferdsforsking ved Det samfunnsvitskaplege fakultet. Erfaringa og kontaktane frå nettverket trur ho kjem godt med i utgreiingsarbeidet.

– I nettverket er det forskarar med spisskompetanse på dei velferdsområda som skal utgreiast, så det å kunne hente inn kunnskap frå dei vil være en fordel eg kan ta med meg inn i arbeidet. Der er det forskarar som forskar på eldre, rus, skole og barnehage og som kjenner godt til utfordringane når det gjeld tenesteutforming på dei områda, fortel ho. 

Tredelt mandat

I ei pressemelding frå regjeringa kjem det fram at utvalet er beden om å greie ut ulike alternativ, etter tre hovudmodellar:

1) tenestene vert gjennomførte i offentleg eigenregi,

2) tenestene vert overtekne av private ideelle aktørar, eller i ei blanding av offentleg eigenregi og ideell drift, til dømes at ved at kjernekapasiteten i ein sektor er offentleg, men supplert av langsiktige samarbeid med ideelle aktørar. 

3) utvalet skal også greie ut moglegheiter for framleis innslag av kommersielle aktørar med utgangspunkt i ei strengare regulering av verksemda deira enn i dag.

Utvalet skal særleg vurdere følgjande sektorområder:

  • barnehagar
  • skular (grunnskular og vidaregående skular)
  • barnevern
  • eldreomsorg (både i institusjon og heimebaserte tenester)
  • spesialisthelsetenester, mellom anna innan rus, psykiatri, habilitering, rehabilitering, kirurgi
  • asyl- og flyktningmottak
  • arbeidsmarknadstiltak

Heile mandatet for utvalet finn du her (PDF)

Breitt samansett utval

Tor Saglie, tidlegare departementsråd i Justisdepartementet og NAV-direktør, skal leie utvalsarbeidet. Det andre medlemmane er:

  • Eli Blakstad, direktør for helse, sosial, barnehage, opplæring, barnevern og familie, Statsforvaltaren i Innlandet
  • Gøril Bjerkan, økonom og jurist (PhD), rådgjevar samfunnspolitisk avdeling i LO
  • Hogne Eidissen, kommunedirektør i Senja kommune
  • Ingunn Tollisen Ellingsen, professor ved det samfunnsvitenskapelige fakultet i Stavanger, leiar av nettverk for velferdsforskning
  • Ragnhild Finden, styreleiar og eigar av Kausvol gardsbarnehage AS og nestleiar i Private barnehagers Landsforbund.
  • Linn Herning, dagleg leiar i alliansen For velferdsstaten
  • Benjamin Endre Larsen, HR-direktør ved Diakonhjemmet Omsorg AS
  • Marie Nygren, jurist og spesialrådgjevar i Oslo kommune i Byrådsavdeling for helse, eldre og innbyggjartenester
  • Karl Henrik Sivesind, Dr.polit. i sosiologi, forskar 1 ved Institutt for samfunnsforskning
  • Marta Szebehely, professor emeritus i sosialt arbeid, Stockholms universitet
  • Arve Varden, administrerande direktør i Helse Førde, tidligere kommunedirektør i Høyanger
  • Nils-Ola Widme, jurist, næringspolitisk direktør i NHO