Språkpolitiske retningslinjer for UiS

Språkpolitikken til UiS skal spegle at vi både er ein internasjonal studiestad og arbeidsplass, samstundes som vi har ei regional og nasjonal tilhøyrsle.

Published Sist oppdatert

Som kulturberar og samfunnsinstitusjon har Universitetet i Stavanger eit særskilt ansvar for det norske språket. Måten vi på universitetet bruker språket på, får ringverknader i samfunnet. Særleg gjeld det for det norske fagspråket. Eit forståeleg og presist fagspråk kan bidra til eit meir opplyst og kunnskapsbasert offentleg ordskifte. Når fleire skjønar og kan ta i bruk aktuelle fagtermar, viskar det ut skilja mellom lek og lærd, og det styrkar demokratiet.

Språkbruken ved universitetet har ei institusjonell og ei individuell side. Institusjonelt er fagomgrepa med på å skape fagleg identitet. Eit godt og presist språk på universitetet er ein føresetnad for å levere forsking og undervisning av høg kvalitet.

På individnivå har universiteta eit ansvar for å gi studentane eit språk som ikkje berre integrerer dei i faget sitt, men som òg gjer dei klare for å delta i arbeidslivet og som gode medborgarar. Gjennom å tileigne seg nye omgrep utvidar studenten horisonten for forståing.

Universitetet står i eit språkleg spenn. Tilsette og studentar deltar internasjonalt i den vitskaplege fellesskapen, som ofte er engelskspråkleg. Samstundes skal eit norsk fagspråk haldast oppe og utviklast. Utfordringa ligg i å ivareta både den nasjonale og internasjonale fellesskapen på same tid.

Språkpolitikken til UiS skal spegle at vi både er ein internasjonal studiestad og arbeidsplass, samstundes som vi har ei regional og nasjonal tilhøyrsle. UiS skal syte for at studentar og tilsette blir møtt med informasjon på begge målformer i ekstern og intern kommunikasjon. Dei språklege retningslinjene skal bidra til å gjere universitetet til ein god arbeidsplass og studiestad og legge til rette for eit klart og forståeleg språk utan å senke den faglege presisjonen.

Overordna prinsipp

  • Norsk er hovudspråket ved UiS. Det omfattar både bokmål og nynorsk. Bruken av nynorsk ved UiS skal vere i tråd med krava i mållova.
  • All utoverretta kommunikasjon frå UiS skal legge vinn på å følge klarspråknormen, forstått slik: "Klarspråk er kommunikasjon med så tydelig ordlyd, struktur og visuell utforming at leserne i målgruppen finner informasjonen de trenger, forstår den og kan bruke den".
  • Både vitskaplege og administrative fagmiljø nyttar engelsk der det er nødvendig eller formålstenleg.
  • UiS skal legge til rette for at tilsette og studentar får utvikle høg kompetanse i norsk og engelsk.
  • Kravet om at fast tilsette med ikkje-skandinavisk språkbakgrunn skal lære seg norsk innan den perioden som er avtalt ved tilsetting, skal følgast systematisk opp.
  • UiS skal ha tilbod om formell og uformell norskopplæring for tilsette med ikkje-skandinavisk bakgrunn.
  • UiS skal ha eit rådgivande organ i språkspørsmål.

Undervisning

  • Som hovudregel er norsk undervisningsspråket på bachelornivå med unntak av emne som inngår i utveksling.
  • Studieprogram på masternivå kan haldast heilt eller delvis på engelsk.
  • På ph.d.-nivå kan undervisninga haldast heilt eller delvis på engelsk.
  • Institutt og einingar har ansvar for å kvalitetssikre språkkompetansen hos lærarane ved tildeling av undervisningsoppgåver.
  • Tilsette som underviser på engelsk kan påleggast å auke engelskkompetansen.

Forsking

  • Ph.d.-avhandlingar kan skrivast på engelsk eller eit skandinavisk språk, men skal ha eit samandrag på det av språka som avhandlinga ikkje er skriven på.
  • Det er opp til den einskilde forskaren å velje språk i vitskaplege publikasjonar.

Formidling og samfunnskontakt

  • Forskingsformidling bør skje på det språket som er mest formålstenleg for dei aktuelle målgruppene.
  • Universitetet skal oppmode til og syte for gode insentivordningar for å stimulere til formidling på norsk for å nå ut til eit breitt publikum.
  • Minst 25 prosent av den norskspråklege offisielle informasjonen skal vere på nynorsk.

Administrasjon og informasjon

  • Administrasjonsspråket ved UiS er norsk.
  • Tilsette ved universitetet skal følge føresegnene i mållova om bruk av dei norske målformene.
  • Alle som vender seg til UiS skal få svar i den målforma dei sjølve har nytta i skrivet til UiS.
  • Alle skjema skal vere tilgjengelege på begge målformer.
  • Alle eksamensoppgåver skal vere tilgjengelege på begge målformer.
  • Det skal fortløpande vurderast om informasjon skal gjerast tilgjengeleg på engelsk.
  • Britisk engelsk skal nyttast som standard i all offisiell informasjon frå UiS.
  • Ved behov kan administrativt tilsette påleggast å auke engelskkompetansen.

Ordningar for å oppfylle dei språkpolitiske retningslinjene

  • Arbeids- og undervisningsspråka er norsk og engelsk. Tilsette som ikkje meistrar norsk eller eit anna skandinavisk språk, må tileigne seg norskkunnskap tilsvarande nivå B2 innan ein periode på tre år frå tiltreding. Om nødvendig vil det bli gitt tilbod om norskkurs betalt av universitetet.
  • For tilsette som treng det, skal UiS tilby ordningar for språkvask som sikrar den språklege kvaliteten på tekstar skrivne på engelsk og norsk.
  • UiS skal i tillegg til formelle kurs tilby uformelle opplæringsarenaer der samtalespråket er norsk.
  • Tilsette ved UiS skal kunne få tilbod om nynorskkurs.

Vedteke av UiS-styret 24. september 2019