Språkutvalet ved UiS

Språkutvalet er Universitetet i Stavanger sitt rådgivande organ i språkspørsmål. Utvalet skal sjå til at dei språkpolitiske retningslinjene ved UiS vert følgt og utvikla.

Published Sist oppdatert

Ifølge dei språkpolitiske retningslinjene for Universitetet i Stavanger som vart vedtekne av universitetsstyret 24. september 2019, skal UiS ha eit rådgivande organ i språkspørsmål. Dette språkutvalet skal ha som overordna mandat å sjå til at dei språkpolitiske retningslinjene vert følgt ved universitetet.   

Som kulturberar og samfunnsinstitusjon har Universitetet i Stavanger eit særskilt ansvar for det norske språket. Samstundes skal språkpolitikken ved UiS spegle at vi både er ein internasjonal studiestad og arbeidsplass. Dei språklege retningslinjene skal såleis bidra til å gjere universitetet til ein god arbeidsplass og studiestad og legge til rette for eit klart og forståeleg språk utan å senke den faglege presisjonen. 

Språkutvalet skal 

  • arbeide for at språkpolitikken ved UiS vert handheva og utvikla ved behov  
  • bli orientert om den årlege rapporteringa til Språkrådet, drøfte tilbakemeldinga frå Språkrådet og eventuelt gi råd for oppfølging for å sikre at krava Språklova vert følgt  
  • på oppfordring gi råd om   
    • parallellspråkbruk
    • namn på nye studietilbod og einingar
    • nye språklege hjelpemiddel og ressursar 

Samansetting 

Medlemmane av utvalet skal vere oppnemnt av rektor for ein periode på to år. Utvalet skal ha følgande samansetting:  

  • tre vitskapleg tilsette - ein av desse skal vere leiar  
  • ein kommunikasjonsrådgjevar frå fakulteta 
  • ein studentrepresentant 

Sekretariat: Avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt 

Kontakt

Har du spørsmål eller tilbakemeldingar knytta til språkpolitikken ved UiS, kan du sende ein e-post til sekretariatet.

Medlemmar

Frå studieåret 2023/24 består utvalet av:

Gølin Christine Kaur Nilsen – leiar, førsteamanuensis i norsk ved UH-fakultetet
Brita Gjerstad – medlem, vitskapleg tilsett ved SV-fakultetet
Nestor Cardozo – medlem, vitskapleg tilsett ved TN-fakultetet
Maria Gilje Strand – medlem, kommunikasjonsrådgjevar ved Lesesenteret, UH-fakultetet
Oda Helene Angaard – medlem, studentrepresentant

Sekretær: Camilla Larsen (avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt)