Studentar “hacka” åtte løysingar for ei berekraftig framtid

Åtte kreative studentlag brukte ei heil helg til å utarbeide berekraftige løysingar under Future Energy and Autonomy Hack.

Published Sist oppdatert
Sjå video frå arrangementet! (Engelsk språk)

Eit hackathon er ei intens arbeidsøkt der deltakarane kjem med ulik kompetanse for å løyse konkrete problem saman. På Future Energy and Autonomy Hack deltok om lag 35 studentar for å løyse tre utfordringar som UiS hadde fått frå eksterne partnarar, og som alle dreidde seg om miljø og klima: 

  • Lyse etterspurde meir berekraftige løysingar for drift av datasenter, med tanke på spillvarmen som slike senter produserer. 
  • Kolumbus AS ville ha løysingar som kan redusere bilbruken til Campus Ullandhaug, og heller få folk til å nytte alternative transportmiddel som gir mindre utslepp. 
  • KVS Technologies treng betre algoritmar til å tyde bilete som dronane deira tar av viktig infrastruktur langt frå folk, som til dømes kraftliner i fjellheimen. 

Studentane som melde seg på vart delte inn i åtte lag, som sjølve valde kva utfordring dei ville jobbe med.  

Mindre bilbruk

Fire lag tok utfordringa om miljøvenleg transport til campus. Dei kom opp med ulike løysingar, mellom anna shuttlebussar for tilsette og studentar, ulike formar for parkeringsavgifter som kan finansiere andre tiltak, ei form for “gamification” der brukaren vert løna med poeng som kan gi ulike fordelar og jamvel eit transportsenter på campus med elsparkesyklar, mobilt bibliotek og “pickup”-senter for mat på veg heim.  

Miljøvenleg datasenter

Tre lag forsøkte å løyse utfordringa om datasenter. To av dei hadde variantar av same idé, nemleg å lage desentraliserte datasenter i kjellarlokale rundt om i byen. Den tredje gruppa foreslo å nytte spillvarmen frå datasenter til å dyrke sopp, og på den måten bidra til kortreist mat. 

Kunstig intelligens

Din tredje utfordringa gjekk ut på å utvikle kunstig intelligens til å tolke bilete frå dronar som overvaker kritisk infrastruktur utanfor tettbygde strøk. Problemet i dag er at det ikkje finst nok bilete til å trene opp algoritmane. Studentlaget foreslo ein måte å produsere variantar av bileta på, som kan gjere at ein får nok bilete likevel.  

"Best in show"

Ein jury kåra forslaget frå Ayushi Rai, Anders N Sundli, Lilian Lhommeau og Sharath Chandar Joghee, som det beste. I staden for å samle datalagring i store bygningar som bruker verdifulle nye areal og produserer mykje spillvarme, føreslår studentlaget å heller lage eit desentralisert system. 

Ideen er at nye leilegheitsblokkar eller industribygg kan sette av plass i kjellaren, som dei leiger ut til ein serverpark. Datasenteret får verdifull plass, mens bygningen får verdifull spillvarme til oppvarming. 

Studentene Ayushi Rai, Anders N Sundli, Lilian Lhommeau og Sharath Chandar Joghee holder fram diplom
Ayushi Rai, Anders N Sundli, Lilian Lhommeau og Sharath Chandar Joghee vart kåra til det beste laget.

- Gir håp for framtida

Det er opp til omverda å bestemme om løysingane skal jobbast vidare med. Men fleire av studentgruppene har tenkt å jobbe vidare med løysingane sine, med tanke på kommersialisering. Uansett har studentane fått ei verdifull erfaring med å løyse konkrete utfordringar, samarbeide i lag og lære metodikken kalt utfordringsbasert læring.

- Eg fekk jobbe i lag med andre, som eg ikkje kjente frå før, folk som har ulike bakgrunnar og perspektiv enn meg sjølv. Saman fann vi ei god løysing. Utfordringsbasert læring er ein god måte å lære på. seier Sharath Chandar Joghee.

Administrativ leiar for Future Energy Hub, Helleik Line Syse, er imponert over kva studentane fekk til.

- Det er utroleg inspirerande å sjå korleis studentane har gått fra å ikkje kjenne kvarandre, til å finne kreative løysingar på komplekse utfordringar i løpet av ei helg! Samstundes har dei fått opplæring i ein eigen metode, kalt utfordringsbasert læring. Å jobbe saman med så mange flinke studentar gir meg verkeleg tro på framtida, seier Syse. 

Gruppebilde av glade deltakerne på Future Energy Hack i Dataverkstedet
Nøgde deltakarar etter ei kreativ helg på Future Energy and Autonomy Hack i Dataverkstedet på UiS.

Fleire problem å "hacke"

Future Energy and Autonomy Hack vart arrangert av fleire miljø på UiS; Energinettverket Future Energy Hub, Nettverk for smartby-forsking og innovasjonshuset Lyspæren UiS. Nordic Edge Innoasis var medarrangør, og arrangementet var også ein del av tilbodet frå ECIU University

Juryen besto av Guro Skjæveland (Nysnø), Karl Fjelde Nevland (Nordic Edge) og Minnah Fahmida Haniffa (UiS) 

University arrangerer eit nytt hackathon i slutten av månaden. Då skal det dreie seg om demokratibygging.

Tekst og foto: Leiv Gunnar Lie